søndag 11. september 2011

Sykkeltur på Rallarvegen

Vi har hatt ei kjempekjekk helg med Rallarvegen som det store høgdepunktet. Vi var tre par som tok turen frå Finse til Flåm med sykkel.
Vi reiste frå Voss, kor vi leigde hytte, kl 07 om morgonen. Bilane parkerte vi på Flåm før vi tok Flåmsbana til Myrdal kl 08.30. Vi hadde syklane i sykkelvogn og måtte sjølv flytte sykkelen då vi skifta tog på Myrdal. Frå Myrdal tok vi sykkeltog til Finse med ankomst 10.25. Vi var ikkje aleine. Toget var fullt av folk som hadde samme formål.
På toget fekk vi tid til å glede oss og følge med på vegen vi skulle sykle motsatt veg.
Øvre del av Flåm sett frå toget.
Véret var flott denne dagen. Med tanke på at det har regna masse den siste veka, kjente vi veldig på flaksen.
Ein smakebit på kva som venta oss nokre timar seinare.... Øverst ligg Myrdal stasjon.
Sidan Flåmsbana er eit turisttog måtte vi stoppe fem minutt for å ta bilete av Kjosfossen. Om sommaren brukar det å vere mogleg å sjå huldra her, men ho har nok gått i dvale for vinteren.
Vel oppe på Finse var vi mange som skulle sykle. Sikkert fleire hundre. Det var litt kaldt på stasjonen så vi hadde godt med klede.
Med Finse stasjon i bakgrunnen byrjar den 55 km lange turen mot Flåm. Vi er heldige med vèret og humøret er på topp. Dei ekstra varme kleda vi tok på oss på Finse var vi raske med å ta av.
Gutta boys.. eller den harde kjerne som dei nok likar å tru at dei er...
Banevoktarboligar var det mange av langs Rallarvegen. Det er ganske utruleg å tenke på at det ikkje er så mange år sidan folk budde her og hadde ansvar for vedlikehald av ei viss banestrekning. Idag har vi maskiner til å ordne det meste og det er berre eit fåtal igjen som vedlikeheld bana samanlikna med før i tida.
Nydeleg haustvèr og flott natur.
Det er ikkje veldig krevande å sykle Rallarvegen. Du må ha ein sykkel med litt breidde på dekka samt at du treng sykkelbukse, hanskar, hjelm og vindtette klede. Du treng ikkje vere i veldig god form. Balanse og kontroll på sykkelen er ei større utfordring enn kondisjon.
Aldri ein tur utan reparasjonar. Espen var turlaget sin Reodor Felgen.
Vegane var variert, men det var berre eit par stadar vi gjekk av sykkelen. Det har nok vorte prioritert å gjere vegane meir tilgjengeleg for sykkelturistar. Rallarane har nok ikkje tenkt på syklistar for over 100 år sidan når dei bygde vegen.
Eit bilete av meg er vel ikkje til å unngå. Eg er veldig kamerasky, men her har dokke beviset på at eg syklar Rallarvegen.
Meir vakker natur. Elvestryk og vatn var å sjå langs heile vegen.
Oj, enda eit bilete av meg! Du verden... Her hadde vi nistepausa vår.
Ein tunnell dukka opp under jernbana. Veldig mystisk og spennande.
Hausten viser seg frå si finaste side. Vakre byggverk såg vi langs heile strekninga.
Her er byrjinga av ei vegstrekning som var bratt og smal. Her måtte vi ha tunga beint i munnen. Vegen var ikkje sikra med gjerde og det var stup 20-40 meter rett ned i elva.
Vakker utsikt. I enden av utsikta ligg Vatnahalsen høgfjellshotell. Her deler vegen sin. Enten tek du vegen mot Myrdal og Upsete kor Rallarvegen stoppar, eller så tek du vegen ned mot Flåm.
Vi valgte vegen mot Flåm. Frå hotellet var vegen så bratt at vi sto på sykkelen heile vegen for å halde balansen. Bremsene fekk jobbe og konsentrasjonen var skjerpa. Vegane er ikkje sikra mot fall dersom du havnar utanfor vegen.
Vel nede måtte vi ha ei pause. Då vi såg oss tilbake var vegen opp ganske bratt. Litt stolte sjølvsagt over å ha komt oss ned. Herifrå var vegen til Flåm bortimot berre nedoverbakke og det gjekk fort dei siste 16,5 km. Det var utruleg deilig å sykle fort. Sykkelen trilla lett på asfalt og det gjorde godt når kroppen byrja å verte sliten.
Ein velfortjent klapp på skuldra til oss alle seks. Dette var ein kjempeflott tur som passar for alle med normal fysisk helse. Dersom du skal ha med born bør dei vere minst 12 år. Vi var veldig heldig med vèret og fekk veldig mykje naturoppleving av den grunn. Vi stoppa mykje og tok oss god tid. Tida vi brukte var 6 timar frå Finse stasjon til Flåm stasjon.

Vel tilbake til Voss hadde vi ein bedre middag før vi stupte i seng. Trøytte, men nøgde. Eg kan absolutt anbefale alle denne turen.

6 kommentarer:

Lina sa...

Spreke tøffingar! :) eg hadde ikkje turd, ei heller holdt balansen! Sant nok, men den søte bubilen e no bytta inn i ei mindre søt, men dog meir praktisk campingvogn :) da lure eg og på, så eg må sjekka vintercampingmarkedet.

Kathrine sa...

Så flinke dere har vært! JEg har gått fra Myrdal og ned Flomsdalen - bare det var også en fantastisk tur som anbefales - går litt stilleo g rolig for seg, og man får sett masse! Så tok vi bare Flomsbana opp til Myrdal igjen ;) Mange flotte bilder!

Åshild sa...

For ein flott tur! Me var også på vidda denne dagen og fekk oppleve litt av det same som dekå :-) Nydeleg vær og flotte haustfargar.
Kanskje me klarer å samkjøre oss for ein haust-tur til neste år?

Lakka sa...

Her har det skjedd mye siden sist ja...:-) Merker at jeg har vært litt fraværende i det siste;-) Så sprek du er!! Blir sliten av å se på bildene jeg.. ha ha

Vi gav 7000,- for hagetegningene. Da er fullstendig planteliste (antall, navn) inkludert. Vi visste rett og slett ikke hvor vi skulle begynne på vår 2 måls tomt, og synes det var verdt det. Selv om arkitekten nok har overvurdert vår økonomiske situasjon OG antall grønne fingre noe..;-D

Anonym sa...

WOW! Dette har eg lyst til og :) Likar ikkje egentleg so godt å sykle, men det såg so fint ut :)
Har faktisk ikkje tatt Flåmsbana enda!! Det MÅ me snart gjere :) Fekk berre endå meir lyst no :)

Flotte bilder!

Klem

Marthe sa...

Så utrolig fint det var der !:-) Jeg skulle egentlig sykle der i sommer, men tiden strakk ikke til. Hvordan var det? Var en en krevende rute, eller gikk det fint? Er ikke i tvil om i alle fall at dere har fått med dere vakker Norsk natur :-)