tirsdag 16. august 2011

Deling og flytting av jordbærplanter

Ifjor mai fekk eg ein spinkel, liten avleggar av ei prydjordbærplante. Etter eit år har den vesle planta spreidd seg og danna minst 40 avleggarar i tillegg til dei som eg har kasta undervegs i lukinga. Eigentleg har eg ikkje bruk for så mykje, men eg har ikkje hjarte til å kaste dei. August er tida for deling i følge dei lærde, så då var det berre til å lyde.
For å unngå at planta sprer seg yttarleg i bedet kjøpte eg to jordbærkrukker til 70% avslag på Plantasjen. I tillegg har to store krukker fått tildelt nokre planter og. Det kjem bær på desse, men eg har ikkje dekka dei til så fuglane har fått det meste. Veit ikkje heilt kor eg skal gjere av krukkene til vinteren, men i garasja kanskje?
Vakker ikkje sant?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei! Flotte hager du besøkte på søndag! Her kommer som avtalt adressen til 2 som selger blomsterløk på nett. Begge kan anbefales; http://planteliste.net/ og www.langangenplanteskole.no
Du får spørre på jobben om du lurer på noe :)
Hilsen den hagegale kollegaen din

Jan Tore Bjerkvik sa...

HeiTorill!!

Lenge sidan sist no, men eg ramla innom her plutselig og måtte legge igjen ei helsing. :)

Vi hadde slike jordbærkrukker, og hadde dei ståande i hagestua når frosten kom. Og med frost kom det sprekker og totalt havari. Så pass på at det ikkje blir for kaldt til desse.