søndag 26. juni 2011

Glimt av sommar

Desse junihelgane flyr avgårde i kjempefart. Vi har hatt besøk 3 av helgane denne månaden og det er mykje som skjer. Denne helga har vi vore heldige med vèret og har hatt anledning til å vere mykje ute.
Venner frå Trondheim har vi hatt på besøk sidan torsdag. Det er lenge sidan sist vi såg kvarandre, så dette var kjekt. Dei måtte sjølvsagt få sjå Ole Bull-huset, bygda si stoltheit, og vi fekk gått ein fin tur. Seinare på dagen vart det også tid for sykkeltur for dei to av oss som er spreke...
Vi har kost oss masse på verandaen og Emil er ein av dei som veit å utnytte vèret. Han utforskar det meste og likar særskilt godt alt som er Malin sitt. Sykkelen, huene og skoa hennar. Her fyller han luft i dekka, akkurat slik som pappa gjer.
Malin er alltid festpynta med kjolar og smykker. I handa held ho knekkebrød som eg har laga to gonger denne helga. Populære altså.

Eg har ikkje så mange bileter som illustrerer denne helga, har ikkje tid til det. Det er hektisk når det er folksomt i huset, men det er veldig kjekt. Dette var siste helga med overnattingsbesøk før ferien, men i august er det på'n igjen. Det har noko med at all familie og veldig mange vener bur langt vekke frå oss.

Tilslutt må eg fortelje at vi såg ein hoggorm i hagen idag. Den låg nedi graset i den delen av hagen vi ikkje brukar så mykje. Neste år skal vi leige ein jordfresar for å løsne jorda, rake stein og planere slik at vi får plen også der. Ikkje noko kjekt arbeid, men når ein ser ekle ormar i graset er det motivasjon nok. Huttetu.

Ønskjer alle ei ormefri veke.

2 kommentarer:

Lina sa...

Usjameg ja. Eg kan jo desverre sei at eg e smertelig klar øve kor lite kjekt da e... Så koseleg med besøk, men alltid godt når roa senke seg i huset att og vil eg tru :)

Lina sa...

God sommar til deg og :) ja, me reiser nok etter sola!