lørdag 4. september 2010

Eit lite livsteikn

Det har vore stille frå meg ei lita stund no. Dagen etter at Malin fylte tre år døydde oldefaren hennar. Han er bestefaren til Espen, vår nabo og han var ein sprek gammal mann inntil det siste. Han har vore mykje ilag med oss dei siste par åra og vi kjem til å sakne han mykje.
Dagane må likevel gå vidare og eg har nok å henge fingrane i. Emil røyser seg sjølv no og han har byrja så smått å krabbe. Han er ein aktiv krabat med "makk i raua", vanskeleg for å sovne om kvelden og er meir avhengig av puppen enn kva ein ni månadar gammal unge burde vere. Likevel, han er så skjønn og sjarmerande. Det er så lett å vere glad i denne vesle karen. Med sine to små tenner og det deiligaste smil held han koken dagen lang.
Litt vemodig er det, men samstundes litt greit at han skal byrje i barnehage om ein månad. Eg skulle ønske han fikk vere heime til han vart eit år, men vi måtte løyse det slik at pappapermisjonen vert fordelt slik at Espen vert heime kvar mandag med han. Det kan no vere godt at berre dei to er ilag og eg likar tanken på at Emil får ein fridag kvar veke i eit heilt år.
Då Emil skal byrje i barnehage skal eg sjølvsagt tilbake til jobb, men det er ei anna historie. I mellomtida skal eg forsøke å få gjort ferdig ein del prosjekt. Og sjølvsagt skal eg blogge om det.

6 kommentarer:

Kathrine sa...

Huff det er leit når de gamle forlater oss - men herlig når ungene skyter fart vil jeg tro! Herlige bilder!!

Pia sa...

Trist med barnas oldefar.

Lykke til med barnehagestart- det blir spennende!

Ragnhild sa...

Så trist å høre Torill! Men kjekt å høre fra deg. Emil vokse så fort...

Marielle sa...

Oi, dette visste jeg ikke. Utrolig trist. Håper det går fint med dere. Klem

Astrid Marie Vie sa...

Heihei.
Trur nok vi må måle ferdig neste år også. Eg er så lei måling at eg orkar ikkje tanken på det. Så lenge eit strøk er kome på, so er det viktigast =)
Eg har nett hatt tilvenning på to små barn på 10 mnd i bhg der eg jobbar, og det går kjempefint! Det er mykje lettare å tilvenne barn som er so små, men eg skjønar at det hadde vore kjekt å hatt han heime litt lenger =)
*klem Astrid*

Hulda sa...

Hei! Så hos Mette at du hadde stemt på meg i Norges vakreste hjem, så artig. Tusen takk for din stemme. :)

Trist at du har mistet oldefaren til barna dine. Men, godt å se også, at han levde hjemme og var nabo med dere. Flotte unger du har.