tirsdag 21. september 2010

Trur eg likar hausten

Det er litt kaos i hovudet mitt for tida. No er det 10 dagar til eg byrjar i arbeid og eg prøvar å gjere så mykje eg kan i huset fram til då. Då eg flytta inn i huset i slutten av februar trudde eg at vi skulle få alt klart til påske og så skulle eg nyte resten av permisjonen. Kor naivt og optimistisk tenkt... Sjølv om eg har litt motstand for å jobbe igjen akkurat no, er det likevel godt å tenke på at det ikkje lenger er sommar når eg ikkje skal vere husmor meir. Når døgnet har færre lyse timar og temperaturen synk for kvar veke som går, så vert det også mindre å gjere ute.
Eg er ikkje av den typen som brukar kveldane mine på å sitje under eit teppe med ein kopp te og ei god bok. Derimot ryddar eg boda mi for fjerde gong og omorganiserer rotet mitt. Og det er dette som plagar meg litt. At ikkje ryddinga og organiseringa mi skal ta ein ende. Det handlar om litt fleire hyller og skap, det handlar om eit titals 50 liters plastkasser frå Europris, og det handlar om motivasjon til å fullføre noko (og pengar sjølvsagt). Det surrar og spinn i hovudet mitt. Eg har utallige lister med gjeremål og draumar og stressar meg sjølv med heilt uviktige ting sett i eit større perspektiv. Er det fleire som er like håplause som meg?
Det fins likevel lyspunkt i kvardagen. Denne vesle karen er som vanlig heilt skjønn. Han har vorte sterk i beina og går langs med bordet utan å ramle. Han krabbar som ein vind og han er nyskjerrig på alt. Dette bilete demonstrer den nyskjerrige peikefingeren.
I tillegg til peikefingeren tek han ein god jafs på alt. Han har framleis berre to tenner og kanskje det er like bra...
.
Vi hadde ein nydeleg hausttur ilag med Maren og Marie idag. Hausten er så vakker no. Eg skal forsøke å komme meg ut av boda litt oftare og ta meg ein trilletur når vèret er så fint som no. Det vert nok av stygge dagar til organisere rot på då hausten reiser så raskt ifrå oss.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Kor sterke Emil he blitt da:) e kje lenge før han springe avgårde. Aurora drive å prøva så vidt å sette seg på rumpa, men ho fe det ikkje til heilt enda. Men 6 tenne e komne fram.

Helsing fra Siv

AnnetteK sa...

En skikkelige sjarmør du har der!!

Kos deg med flere turer ut, og med organisering i boden.
Det blir nok bra å starte i jobb igjen også vil jeg tro :)

God høst!