tirsdag 22. juni 2010

Krampetrekkande sommar

Denne sommaren lar verkeleg vente på seg. Vi har hatt ein skikkeleg varm sommardag hittil, elles har det vore kalde temperaturar eller vind. Det nærmar seg juli, eg lengtar etter å få sole meg og bade ilag med ungane, men det verste av alt er at eg kan ikkje gjere nokonting med det. Så vi får berre vente og gjere det beste ut av det.

Med pledd og paraply kan ein sitte ute. Malin har handa i håret og smokken i munnen heile tida. Dette er typisk ho. Gøymer vi smokken så finn ho han og det er vanskeleg å få ho til og slutte med hårkosinga sjølv om ho misser håret.


Malin sitt og ventar på alderdomen...

Det som er sikkert når det er midtsommar er slåttetida. Espen tok siste rest igår ilag med Jostein. Nyslått gras luktar så godt, men må innrømme eg likar blomsterengene betre. Heldigvis veks det fort så blomane kjem snart tilbake.

Is må ein ha når det er sol. Heldigvis viser ikkje bileta kva temperatur vi har...

2 kommentarer:

Pia sa...

Vi har faktisk hatt noen varme, flotte dager her på Østlandet! Håper det varer...

Anonym sa...

Kjempekoselige bilder, Torill - og spesielt bra var det av Malin ;o) Ser faktisk ut som ho he lagt sej i trening til plassen på omsorgssenteret verte ledig ....hehe. Må sjå det komiske i det, veit du ;o)
Klem Lenemora :o)