tirsdag 17. februar 2009

Jan-ein tunika likt av mange, men ikkje av meg...

Det har sine ulemper å lese hobbybloggar, vere på hobbyforum osv. Nokre oppskrifter går igjen blant mange og vert nesten som ei farsott, og då let ein seg lett lokke til å strikke nettopp det som alle andre har laga. Dette er ein tunika som er kjent blant internettstrikkarar. "Jan" er frå ei engelsk oppskrift kor ein startar å strikke frå toppen og ned. Den er enkel å forstå, men personleg likar eg ikkje mønsteret. Derfor har eg allereie rekt opp tunikaen, men eg ville likevel vise kva eg har brukt tida mi på, noko av den iallefall. (Tunikaen er ikkje slik når den vert ferdig, eg fullførte den aldri heilt.)
Årsaka til at eg ikkje likte mønsteret var for det første halsutringinga. Den djupe utringinga bak var ikkje forent med min stil (bilde under er bak). Eg likte heller ikkje holmønsteret som fell nedover tre stadar på skjørtet. Grønfargen var ikkje fin, men det var min feil og ikkje mønsteret.

Eg skal strikke den på nytt, men denne gongen byrjar eg nederst og eg skal ha eit anna mønster på skjørtet. Utringinga vert og annleis. Eg skal framleis bruke same garntype og pinnestørrelse. Det vert ikkje akkurat ein Jan, men kanskje ein Jon...

4 kommentarer:

Unknown sa...

Hei..., jeg syns den ser kjempeflott ut..., synd at du ikke likte den... ;O)

Ha en fin dag!

xoxo

Helga og Steffen sa...

du e så flink å blogge, torill!!! åsso gjer du så masse kreativt! skikkelig moderne husmor!:)korleis det går med huset? trives dåkke på osterøy?

Den gamle stil-de svunne tider...VINTAGE sa...

Kjempe fin Tunika !!
Tusen takk for hyggelig hilsen på bloggen min .

Astrid sa...

Du er så kreativ!
Tusen takk for kjempehyggeleg kommentar inne hjå meg, eg vart så glad av å lese den:) :)
I dag var eg og husbonden på Melshornet. Vêrmeldingane sa sol og fint vêr, men då vi parkerte på Helgatun kom DEN snøbyga!!! Den fylgde oss heile vegen opp og nedatt, berre ørsmå solglytt såg vi eit par gongar:( Då var eg snar fram med kameraet;) Ja, ja, kjekt var det på tur likevel, men sjølvsagt hadde det vore kjekt om sola hadde fylgt oss til topps!

Utfordring til deg på bloggen min! Ta den om du har tid og lyst:)
God helg til deg og dine!