lørdag 7. februar 2009

Den vesle trollet vårt

I barnehagen til Malin har dei Troll og Eventyr som tema denne månaden. I den samanheng vert det arrangert trollfest som alternativ til fastelavenskarnevalet. I staden for at foreldra skal kjøpe dyre prinsesse- og Spidermannkostyme, vert det laga trollkostyme av gamle skjorter som dei ansatte klippar og ordnar. Eg har ingen skjorter, men fekk lov til å sy kostyme sjølv.
Denne vesten fant eg verken på Fretex eller på loftet, men i ein motebutikk på eit kjøpesenter. Vesten var fortståeleg nok nedsatt frå 400 kr til 100 kr. Eg understreker at denne vesten har eg ALDRI brukt, eg kjøpte den igår på vei til bussen. På biletet over ser vesten slik han var når eg kjøpte den. Grusom!
Med litt klipping og sying, vart vesten forvandla til eit trollkostyme. Eg kan ikkje lage armar eller bein på den då det vert for varmt og ubehageleg for Malin. Eg måtte ta bilete ute for å få nok lys. Stakkars Malin, alt mora innvolverer ho i. Tøflene var fulle i snø og ute var det minusgrader, men eg fekk no bileta eg trengte...

Eg har laga ein hale av noko av stoffet som vart til overs. Synest det vart bra eg, Malin var iallefall stolt.

Vi syng mange trollesangar for tida. "Når trollmor har lagt sine 11 små troll", "Trollet i eske" og "Lille Olle Bolle". Det går i "BØ!" dagen lang her i huset :-)

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjekt å lage ting sjølv også!! Og du e no so flinke, so det e no ikkje nåke problem. Lissje gollet e kjempesjønne, og eg kan sjå at ho e stolte ja :o) Klem Lene