søndag 14. desember 2008

Strikka tunika av lyseblått bomullsgarn

Eigentleg skulle eg strikke kjole av dette garnet, men halvvegs i prosjektet rekte eg kjolen opp fordi den var alt for stor. Tunikaen eg her har strikka er frå ei oppskrift frå Garnstudio og garnet er Paris. Kjolen er strikka på p 5 og 4,5. Eg sette i to sikringsnåler i påvente av to knappar i kvar sele. Synest eigentleg at bomull er dumt å strikke fordi det legg seg ikkje like fint som ull, men eg venn meg vel til denne tunikaen etterkvart. Det er uansett ikkje årstid for slike plagg, så eg skal la den modne i skapet.

Oppskrifta og informasjon om plagget finn du her

3 kommentarer:

Astrid sa...

Kor flink du er!
Eg har noko til deg på bloggen min:)
Ha ei fin veke!

Anonym sa...

Kjempefin!!! Den kan du bruke no veit du! Spørs berre tilbehøret. Lenemora

Fru Keilegavlen sa...

Nydeleg tunika!! Ynskjer deg og dine ei riktig god jul!