Når det gjeld meg sjølv så er eg etter forholda i fin form. Sjølvsagt er kroppen sliten og det er ikkje så mykje eg orkar av fysiske anstrengelsar, men det går bra. Idag laga eg til og med middag! Synest det er så mykje kjekkare no enn sist gong. Alt er meir avslappa og eg veit kva eg held på med. Det hjelp sjølvsagt på at vi har ein baby med normal størrelse denne gongen.
onsdag 25. november 2009
Velkommen til verda vesleguten vår
Endeleg var ventetida over for min del. Mandag 23.november klokka 02.34 kom ein liten gut til verda, akkurat på termindato. Fødselen gjekk veldig fort heldigvis... Guten var 3290 gram og 50 cm. At han var så stor som han var kom som ein overraskelse for både meg og Espen. Malin som var fødd 3 veker før termin var berre 2320 gram og 45 cm. Det er likevel veldig kjekt at han er såpass stor for då slepp vi ekstra vektkontrollar, matoppfølging, vitaminar og så vidare, og vi slappar meir av.
Bilete er tatt same dag som han vart fødd. Ein gut uten navn og som ikkje liknar nokon. Han har sove mykje og krever lite, men likar ikkje å ligge aleine og protesterte godt i natt når han fekk tilbud om eiga seng.
På veg heim frå sjukehuset. Eg reiste heim 1,5 døgn etter fødselen. Eg hadde fått einerom og fekk kvile godt. Ikkje var eg usikker på noko heller, dette har eg no gjort før. Kjekt var det også å kome heim til Malin. Dressen har eg strikka og hua er strikka av Reidun, tanta til Espen.
Vi var veldig spente på korleis Malin skulle ta dette. Ho er no 2 år og 3 mnd, og det har ikkje vore så lett å snakke om kva som skulle skje. Men ho var veldig nyskjerrig, ville hjelpe og passe på. Det er mykje kjensler også og ho tar lett til tårene. Vi kosar masse med henne og rosar henne for alt det er verdt. Hjelpe til får ho også. Ho viser mykje omsorg og våknar om natta når babyen lagar lyd for å høyre om alt er bra. Ho er veldig lik far sin slik... Litt hardhendt omsorg er det likevel og vi må ha augene i nakken når ho er ilag med han.
lørdag 21. november 2009
Snekkarane er tilbake
Etter at rørleggar og elektrikar har gjort sin del av arbeidet er snekkarane tilbake. Etter fire dagar har dei plata taket i stove og kjøkken, veggane i stova og kjøkkenet samt gipsa badet. Bileta taler for seg sjølv.

Neste veke fortsett snekkarane med plating, elektrikar skal legge varmekablar på badet oppe og murer kjem og skal støype golvet i same rom.
Neste veke fortsett snekkarane med plating, elektrikar skal legge varmekablar på badet oppe og murer kjem og skal støype golvet i same rom.
søndag 15. november 2009
Elektrikar og rørleggar har vore i huset
Denne veka har rørleggar og elektrikar vore i huset og lagt opp rør og elektriske punkt. Imorgon skal byggekontrolløren kome opp ilag med snekkarane og vi skal saman gå gjennom huset før det skal platast igjen. Nokre små ting har vi å utsette på det som er gjort, men det skal vel verte ei ordning på det.
Masse leidningar og kontakter. Glad eg ikkje skal ha kontroll på dette.
Slukar, rørskap, sikringsskap og anlegget for vegghengt toalett er på plass.
Masse leidningar og kontakter. Glad eg ikkje skal ha kontroll på dette.
Slukar, rørskap, sikringsskap og anlegget for vegghengt toalett er på plass.
Når eigeninnsatsen er ferdig kjem dei tilbake og fullfører arbeidet. Alltid kjekt at ting går framover. No er det berre seks veker igjen til vi skal byrje med eigeninnsatsen. Tida går fort!
tirsdag 10. november 2009
Puffermar og sure miner
Eg har strikka årets vintergenser til Malin og eg nådde målet om å verte ferdig til fødselen. Dessverre er den litt stor til henne. Den er strikka i toårsstørrelse, men Malin er ikkje den største jenta i gata og må nok vente litt før den vert tatt i bruk. Eg skal prøve å vaske den slik at forma kanskje vert annleis, men genser til våren er no like aktuelt som no. Vi bur heldigvis ikkje på den kaldaste staden i Noreg, så flisdressen heldt nok mykje på varmen i tillegg til ullundertøy og vinterdress.
Oppskrifta er frå Sandnes garn. Eigentleg er det ei jakke, men eg har gjort om oppskrifta til genser. Gidd ikkje å strikke att og fram når eg kan strikke rundt. Eg har brukt Smart-garn og kantane er hekla. Blomane er brodert på med ulikt resultat.
I morgontimane idag skulle Malin få prøve genseren, men det vart ikkje populært når eg skulle ta bilete samstundes. Som dokke ser så er det nokre voldsomme puffermar når genseren er for stor. Likar ikkje å montere genser og det kunne sikkert vorte betre, men eg trur ikkje det er derfor puffermane viser så godt. Jenta må nok vekse litt meir.
søndag 8. november 2009
Avdelinga og isoleringa er ferdig i 2.etasje
Godt og varmt i huset idag. Isoleringa merkast veldig godt og no er alle ytterveggar både oppe og nede isolerte og vi ser no kor store romma skal vere. No kan vi gå rundt i huset og planlegge, det er litt kjekt. Elektrikar og rørleggar kjem neste veke, så det skjer ting :-)
Heilt til venstre ser dokke boda, deretter badet og til høgre ser dokke mitt og Espen sitt soverom. Eg har nok sagt det før, men eg gjentar det gjerne. Eg er så nøgd med at huset er så høgt at vi får utnytta andre etasje heilt ut. Det er ikkje mange hustypar som har denne moglegheita, men eg veit at ein kan få huset heva dersom ein opnar opp lommeboka.
God plass til dobbelseng og garderobeskap.
Loftstova var litt mindre praktisk enn kva eg først hadde tenkt meg. Eg har rett og slett ikkje tenkt på at vi ikkje får plass til ein sofa fordi det er så mange dører der. Løysinga vert vel to stolar istaden for sofa. Verandaen utanfor er større enn først tenkt og det vart utruleg fint med taket over. Gleder meg til å kunne gå ut og nyte sol og fuglesang til våren.
fredag 6. november 2009
Vår i lufta
Det er vel ganske fjernt å seie at det er vår i lufta, men så er det berre tittelen på layouten min dokke får presentert. Kjenner eg er ganske lei av å scrappe no og då passar det vel bra at eg har fylt opp albumen. Bileta og fargane er litt grå og triste, men samstundes så er det så fantastisk med byrjinga på våren at eg ville ha dei med i albumen uansett. Eg ser ikkje bort ifrå at noko av sida vert endra på, men det orkar eg ikkje tenke på no.
Eg har fylt spisebordet med scrappeutstyr i det siste. Det er på tide å rydde det vekk og kanskje etterkvart leite fram symaskina. Med stor mage så er det litt ubehageleg å sy, men forhåpentlegvis er ikkje magen der så lenge. Imens får eg nøye meg med strikkepinnane. Eg er aldri arbeidsledig for å seie det slik :-)
onsdag 4. november 2009
Nestsiste side er scrappa
No har eg berre ei side igjen og så er alle lommene i albumen til Malin full. Eg har hatt som mål å fylle albumen før den nye babyen kjem, og det ser ut til at eg klarer det. Eg skal kjøpe fleire lommer til albumen samstundes som eg kjøper ein album til den lille, men det er godt å vere nokolunde ajour. Eg har ikkje skrive nokon tekst på denne layouten. Det ventar eg med til eg får meg verktøy som kan lage bokstavar. Den timelange klippinga orkar eg berre ikkje.
søndag 1. november 2009
Isolering og avdeling av rom
Det har vore litt stille på bloggen om husbygging i det siste, men idag tok vi ein liten tur opp for å sjå. I vekene vil eg ikkje forstyrre snekkarane og det er mørkt klokka fem no.
No når det utvendige er ferdig har dei byrja med isoleringa innvendes. Første etasje er tatt og dei har byrja med andre etasjen.
Malin sjekkar kvaliteten. Ho er så fascinert av byggskummet rundt vindauga. Det var forresten utruleg godt og varmt innvendes no når isolasjonen er komen. Vifta står på heile tida for å få ut fukt, og eg har ikkje noko problem å sjå for meg vinter og haustkveldar i dette huset (for å bruke ein klisjè)
Abonner på:
Innlegg (Atom)