mandag 8. juli 2013

Eit lite møte med stranda

Igår var det ein heilt fantastisk dag. Vi har ofte fint vèr, men vi skal alltid gjere noko fornuftig då som til dømes maling av hus, hagearbeid eller liknande. Igår tok vi derimot heilt fri. Espen fekk seg nokre timar på sykkelen medan vi andre tok turen til Os på besøk hjå ei venninne. Heime fekk ungane leike i hagen før vi alle fem tok turen til den lokale badeplassen. Hjellvik har ei fantastisk flott strand og er tilrettelagt for familier. Sist vi var der var for fire år sidan, det seier vel sitt. 
Det er så idyllisk og vakkert på Hjellvik. 
Ungane var i ekstase. Sand, vatn og skjell. Perfekt! Og det kostar ingenting, det er det beste med det  heile. Idag snakka Emil varmt om turen vår igår. Vi var der ikkje så lenge og ikkje bada vi, men dette var ei oppleving likevel. Ungane var glade og då er foreldra glade. 
Anna var ikkje begeistra for dette sjøvatnet. Som dokke kan sjå så vippar tærne, tene eller kva heiter det eigentleg? Ordet tå er vanskeleg å bøye. No er eg på viddene igjen... Ho bøyde føtene oppover, dette var plagsomt synest ho.
 
Fine tottelottar. Deilige og mjuke, men likar altså ikkje sjøvatn :-)

Dagen avslutta vi med grilling så terningkast seks for denne dagen.

søndag 7. juli 2013

Bløming både inne og ute

Det dukkar stadig opp noko nytt og forunderleg i hagen. Kanskje noko eg ikkje visste at eg hadde eller kanskje vart blomane heilt annleis enn eg først hadde trudd eller vart forespeila.
Øverst til venstre ser dokke peonvalmuen som skulle vere kvit. Den første blomen var aubergine og denne er no oransje. Øverst til høgre er sommarastersen som eg sådde i vinter. Ikkje slik som eg trudde. Den skulle vere større og meir lilla, men dette er bra det og. For all del... Meir storkenebb har sprunge ut, aurikkelen som har gjenbløma står å viser seg frå si beste side og tvetann har byrja å springe ut. Jippi!
Peppermyntebuska har vakre, kvite blomar og eg har telt omlag ti roseknoppar som nesten er sprunge ut. Og mange, mange fleire kjem! Eg er i ekstase, no er rosesesongen i gang! Eit lite bilete frå det lilla bedet. Ein oransje prikk merkar seg ut. Det er den "kvite" peonvalmuen. 
Og inne blømer vakre, nydelege peonar. Eg har mange peonar i hagen, men det tek fleire år før dei blømer. Då er det godt vi har butikken! Og desse kostar 49 kr på Coop, då er det berre til å slå til. Duftar nydeleg og gjer meg så glad!

fredag 5. juli 2013

Hage i regn

Det er ikkje mykje hageliv for tida. Det er ustabilt vèr og dersom det er fint så malar eg. Blomane kjem ikkje til sin rett heller med tunge dråpar på kronblada. Eg håpar det tørkar opp snart så desse blomane kan nyte livet før dei visnar...
Med lita tid og underskot på søvn orkar eg ikkje dille og dalle med bileta. Montasje likar eg, då kjem bileta av blomane godt fram. Dei to øverste bileta er tatt 27.juni. Det er lenge sidan eg har blogga om hage no så det har samla seg litt opp. Diverre får eg ikkje bluetoothen til å fungere slik at eg får overført  bileter frå mobil til pc. Der har eg eit flott bilete av ein peonvalmue som sto i bløming ganske så kort. Den skulle vere kvit, men var mørk lilla. No kjem det ein ny knopp og det latar til at den er rosa. Den lev sitt eget liv den planta tydelegvis. Over ser dokke phlox, to ulike nellikar, akeleie og ein eg ikkje kjem navnet på (nederst til høgre).
Spirea står i bløming no. Nydeleg busk som blømer kraftig i år. Den står i skråning mot vegen og skråninga er delvis ny. Håpar at det tørkar opp så eg får vist dokke kor fint det har vorte. Ei gul daglilje har snikt seg inn i hagen. Heilt sikkert frå ein avleggar eg har fått. Eg har ikkje sett den før, men fin er den. Og eg har fått mange jordbærplanter i hagen som eg heller ikkje veit kor kjem ifrå. Alle fine blomar som ikkje heiter lupine er hjarteleg velkommen til meg. Elles veks den lyserosa storkenebben noko voldsomt, den må eg få delt når den har bløma ferdig. Eg er så trøytt i hovudet no at eg kjem ikkje på kva den blomen under spireaen heiter heller. Eg søv så lite om nettene at research er ikkje mi greie idag.
Aurikkel er på veg tilbake. Visste ikkje at den kom att, men det er berre positivt. Storkenebben eg kjøpte for ei lita stund sida har kome med sin første blome, peppermyntebuska blømer og dei blå blomane nederst til venstre har eg sådd sjølv. Tenk at noko lite som eit frø vert til slike fine blomar. Det er så kjekt å holde på med slike ting når ein får det til. Blomen heiter Murreva trur eg.
Sjå kva som kjem! Høgdepunktet i året er når rosene blømer. Og det er masse knoppar på alle rosene så eg gler meg! No må vi krysse fingrane for sol og tørrskodde dagar!

torsdag 4. juli 2013

Gluten- og melkefrie muffins med løyndomar i

Imorgon er det siste dag for Malin i barnehagen. Til hausten er det skulestart for storejenta vår og i høve avslutning i barnehagen ville ho ta med seg noko. Dei andre borna har tatt med seg is den dagen dei slutta, men sidan det var siste dag før ferie fekk vi lov å ta med kake. Det er mange det skal takast omsyn til. Eg har baka ei sjokoladekake utan melk og eg har laga ordinære muffins med heimelaga eplesylte i. Til slutt laga eg gluten- og melkefrie muffin. Då får alle smake kake imorgon og alle er glade og nøgde (håpar eg).
Eg laga ein liten porsjon muffins då det er berre ein som skal ha desse. Oppskrifta rekk til seks stykke.

1 eple i små bitar
35 gram brunt sukker
1 ts sitronsaft
Dryss av vaniljepulver og kanel

Dette lot eg småkoke til det vart mørt. Same sylta laga eg i dei ordinære muffinsane. Då dobla eg oppskrifta.

2 egg
1 dl sukker
0,5 ts vaniljepulver
0,5 ts bakepulver
0,5 dl kokosmjøl
1 dl ferskpressa appelsin

Pisk egg og sukker godt. Tilsett vaniljepulver og bakepulver. Sikt i kokosmjøl før du til slutt heller i appelsinsafta. Fyll muffinsformene med omlag 3 ss røre og 1 toppa ts eplesylte på toppen. Steik midt i ovnen på 175 grader i 18 minutt.

søndag 30. juni 2013

Av søvnmangel vert det leikerom

Det er ikkje få gonger eg har flytta borna ut og inn av soveromma. Først hadde Malin det blå rommet aleine, så kom Emil inn. Deretter skulle Malin få eget soverom så ho flytta ut. Så skulle vi male taket til Emil sitt rom så han vart flytta inn til Malin. Så flytta Emil tilbake og etterkvart kom Anna inn. Og no har Emil flytta inn til Malin og Anna har flytta inn til oss. Heng du med?
Det har seg slik at i dette huset er det ikkje stille om natta. Heilt frå Emil var 10 mnd så har han plagast med nattskrekk, eller vi foreldre har plagast at han har nattskrekk. For han huskar ingenting, men det som skjer er at han skrik opp i søvne, snakkar som han skulle vere våken, grin uavbrutt og sparkar rundt seg og er heilt fortvilt. Litt kos og ein sang får han til å roe seg, men det treng ikkje ta mange timane før det skjer igjen. Han skrik som regel om kvelden og ein gong om natta. Før var det verre, men etter eit par turar hjå homeopat vart det betre. Då Emil var eitt år søkte vi råd hjå helsestasjonen opp til fleire gongar, men dei berre vifta med eit ark med tiltak mot søvnvanskar og ferdig med det. Sjølvsagt prøvde vi alt, men heldigvis fekk vi tips om å gå til homeopat slik at han kunne fortelle oss at dette er nattskrekk. Det vart mykje enklare å forstå heile situasjonen med ein gong. Uansett, Emil har hatt dårlege netter dei siste månadane og vi foreldre har ikkje hatt søvn på auget meir enn 4-5 timar i døgnet. Alle kjenner kjensla over å vere så trøytt at augene er tørre og det kjennes tungt å puste. Med Anna som våknar i tillegg så vert ein så sliten at lunta er kort og alt er berre utriveleg. Og då vart løysinga å ha Emil inn på rom med Malin igjen. For han søv så godt ilag med ho.
Ungane var svært begeistra over tanken på leikerom. Eit stort engasjement, særleg hjå Malin, ga resultat i det dokke ser på bileta. Malin fekk seg eigen frisør- og beautysalong, dokkekrok, kjøkkenkrok og så vidare. Og kva skjedde i natt? Emil sov som ein stein til ti på sju. Tre timar lengre enn igår, får ein herleg morgon det har vore! Eg håpar så indeleg dette kan vare for det er berre fire veker til eg byrjar å jobbe igjen. Det er med blanda kjensler, men det vert godt å kome seg vekk frå kleshaugar, støvete krokar og ein kjøkkenbenk som aldri ser strøken ut meir enn tre minutt. Eg ønskjer alle ein fin søndag!

torsdag 27. juni 2013

Huset får seg eit strøk maling

Hei, her er eg igjen. Eg har tatt utruleg mange bileter til fleire tenkte blogginnlegg, men gjennom ein dag er det så mange gjeremål og ungar som skal takast hand om at tida flyr ifrå meg. Så idag dristar eg meg til å vere kort.
Det store gjeremålet no for tida er maling av hus. Det er ikkje så spennande og gøy, men heilt nødvendig. Vi malte huset for tre år sidan, men huset fekk berre eitt strøk. Det andre tek vi no samstundes som vi malar garasje og utebod. Det er slitsamt å ha det hengande over seg at ein må male. Huset byrja å verte grått så det var på tide. Fargen er 'eggehvit' og står fint til huset synest eg.

Fasaden på huset er heilt enkel, men vi har planar ein gong i framtida om å få litt meir profilar og krussedullar her og der à la sveitserstil. Og så håper vi at vi rekk å få singel på tunet før hausten. Eg er så lei av sand i gangen! Eg kan ikkje seie alt vi har planar om, det tek heile kvelden. Dette innlegget skulle verte kort så då seier eg takk for no. Amen.

fredag 21. juni 2013

Rabarbra- og jordbærpai

Når ein har rabarbra så er det kjekt å bruke det til noko ein kjenner frå før og noko ein ikkje har laga tidlegare. Først ut var rabarbragrauten, idag laga eg pai. Å du milde skapar for ei kaloribombe! Det du ser i skåla var meir enn nok. Eg kjenner det legg seg rundt magen berre eg ser på bilete. Likevel, det smakar godt og rabarbra har ein ikkje tilgjengeleg heile året så då slo eg til. Det er fredag, det er sommar og eg fortjener det... Mange andre grunnar sjølvsagt, sett inn det som passar for deg.
Oppskrifta er tatt utgangspunkt i ei eg fann i ei kokebok, men eg har endra mål og innhald så då er den vel nesten mi...

Kutt 150 gram rabarbra i små bitar, del 400 gram jordbær i to og bland det med 1 dl sukker og 1 ts vaniljeekstrakt. Hell det i ei paiform som er smurt.

Del 200 gram kaldt smør i terningar, bland inn 1,5 dl rørsukker, 1.5 dl kokosmasse, 2 dl kveitemjøl og 1,5 dl lettkokt havregryn. Bland saman for hand slik at du får ei deig. Fordel deigen over rabarbra- og jordbærblandinga.

Steik paien på 200 grader i 40 minutt eller til toppen av paien er gylden. Server med vaniljeis.

onsdag 19. juni 2013

Rabarbradessert

Min vesle rabarbra som eg arva etter mormor ga meg 525 gram med stilkar i år. Det er kanskje ikkje mykje å skryte av, men det vesle som eg fekk måtte eg no bruke til noko. Sjølvsagt vart det rabarbradessert/graut/kompott. 
Eg brukte 3,75 dl vatn og 2 dl sukker som eg kokte opp ilag med rabarbraen, oppkutta i små bitar. Eg lot det småkoke i 10 minutt til det vart mørt. Så blanda eg 2 ss potetmjøl med 1 dl kaldt vatn (unngå klumpar). Rabarbrablandinga tok eg til sides, rørte i potetmjøl/vatn med ein ballongvisp, satt alt tilbake på komfyren og kokte opp. Ferdig! Eg helte blandinga i ei skål og lot det stå kaldt i kjøleskapet. Så er det berre å servere det med melk/fløte og sukker.

Kjempegodt og det gir minner om mormor, barndom og sommar på ein gong. Ungane likar det like godt som meg, det er kjekt. Skåla på bilete har eg forresten fått med mormor. Ho ga dei til meg då eg var 17 år. Eg var ikkje så begeistra den gongen, men 15 år seinare er eg veldig glad i dei og tek godt vare på skålene ho ein gong kjøpte på Samvirkelaget.