lørdag 1. januar 2011

Tilbakeblikk på 2010 i bileter

Det har vore eit langt, innhaldsrikt og kanskje det tøffaste året nokon sinne. Vi har møtt mykje motgang, men vi har også oppnådd desto meir. Eg vil vise året som har gått og minne oss på alt vi har fått til. Det har vore stritt, men kanskje desse bileta fortel noko om at det var verdt det.
02.01: Året byrjar kaldt for vår vesle Emil. På dette tidspunktet er han 5,5 veke og må ha på seg godt med klede. Januar var stort sett kald og gradestokken var aldri over -10 grader. Når vi ikkje kunne køyre bil fordi vegen opp til huset var isete og glatt, vart det berre trilleturar opp bakken når eg måtte. Stakkars unge for eit liv han levde på denne tida. Vi pendla mellom ein kald byggeplass fullt i støv og kjemikalar med -13 grader utandørs og heime. Vi hadde ikkje revers på bilen (ja det er heilt sant) så det begrensa seg med køyring denne vinteren.
02.01: Malin kosa seg ute i snøen og vart godt påkledd. Når eg ser på dette bilete er det mykje som har endra seg på eitt år.
06.01: Eigeninnsatsen var godt i gang. Flisleggarane kom ei veke før tida og vi handla fliser i hu og hast. Heldigvis var mamma her og kunne hjelpe meg med Emil. Det var godt å ha ei trillepike når alt skulle handlast inn og bestemmast.
Kjøkkenet var eit mareritt. Eg vil ikkje anbefale å montere eit så stort kjøkken sjølv. Når benkeplata skulle tilpassast tre stadar på ein gong og benkehøgda var litt lavare enn standard grunna vindauga, vart det litt vanskelig. Vi var mange som monterte kjøkkenet og alle tolka ting ulikt. Mange kokkar....
03.01: Vi fekk god hjelp til maling og tapetsering. Espen hadde ikkje komt i mål utan at Steffen (onkel og nabo) hjalp han. Dei sto på kveld etter kveld før jul for å verte ferdig til dugnaden etter nyttår. På bileta ser du Steffen og bestefaren øverst, og Jo Vegard og svigermor nederst. Vi mala Refleksjon og Sjel til den store gullmedalje og eg er enno svært nøgd med fargevala.
06.01: Bror min, mamma og pappa budde alle med oss i den vesle leiligheta medan eigeninnsatsen pågjekk. Male, male, male.... Pappa sparkla, grunna, tapetserte og malte vaskerommet samt monterte kjøkken. André malte og mamma malte og passa unga. Stian hjalp Espen med golvlegging. Kva skulle ein gjort utan hjelp. Vi er uendeleg takknemleg.
31.01: Er det rart ein vil flytte når ein bur slik?
07.02: Det byrjar og nærme seg. Ein del motstand møter ein jo heile vegen, men det kjem seg dag for dag. Byggeprosessen kan lesast under "husbygging" her på bloggen.
Trappa vi fekk var feil, den vart levert utan at trinna var tette. Dette hadde jo vore kjekt å ha, men vi får gjere noko med det etterkvart. Hadde vi skulle fått ny trapp så måtte vi ut med så mykje pengar at det var ikkje verdt det. Vi har ikkje mala den heller, men det kjem før eller seinare.
16.02: Fire dagar før flytting brekk Malin foten. Plutseleg hadde vi to born som ikkje kunne gå. Vi hadde mykje som skulle pakkast og vaskast og vi måtte rett og slett ringe mødrene våre og be om hjelp. Dei bur langt frå oss, men dei forsto alvoret og hjalp oss med å kome i mål. Malin gjekk forresten ikkje på seks veker så det var ei krevande tid berre med det.
19.02: Imorgon flyttar vi inn og det ser slik ut. Espen er ivrig til å flytte inn og ryddar ut det verste, men når dagen var komen så var heile huset dekka med sagmugg. Dette skulle vi flytte to små born inni. Mora til Espen sto på for at det skulle vere levbart, og Katrine kom seinare og hjalp meg med andre etasje. I ettertid meiner eg vi skulle ha venta nokre dagar til alt var rydda, men samstundes var det kun denne helga vi kom opp med bil.

19.februar var også den dagen vi oppdaga at det ikkje var vatn i huset. Verken rørleggar eller elektrikar fekk det til når dei skrudde på vannpumpa. Florvåg ville ikkje ta på seg ansvar og dei som leverte boreholet skulda på rørleggar. Krise! Etter titals telefonar kom 3 rørleggarar, han frå boreselskapet og elektrikar var og tilstades. Det var eit hønseliv utan like. Alle var sinte på kvarandre. For det første så viste det seg at både rørleggar og eletrikar hadde montert pumpa feil. Mannen frå boreselskapet var rasande og meinte dette kunne gå verkeleg ille. Så tok rørleggarane ein sjekk gjennom huset og fant ut at alt var montert feil av kraner, utvendig rør, rørskap osv. Det ordna seg tilslutt, men Espen var temmeleg sliten når han kom heim den dagen.
28.07: Vi har flytta inn og mykje er komt på plass. Lyset skin inn og vinteren viser seg frå ei god side denne dagen.
07.03: Det snør og det snør. Vi er no inni våren ifølge kalendaren, men ute er det større snømengder enn nokon gong. Det må dugnad til for at naboane ikkje skal øydelegge taka sine.
14.03: Emil døyper seg. Ein kjempefin dag. Vi feirar i nytt hus med brennsnut og kaker. Gjestane må ta beina fatt opp til huset i bunad og dress, men alle er ved godt mot.
20.03: Dagen vi aldri kjem til å gløyme og som kanskje står som den dagen i året som var den verste. Det kjem vatn opp av slukane i 1.etasje og heile gangen, badet og vaskerommet er fyllt med vatn. Vi ante ingenting og fekk ein rørleggar på besøk. Ein rask kikk ute konstanterte at vi hadde ikkje avløpsrør mellom hus og biovac (kloakktank). Vi var fullstendig sjokkerte. Korleis er dette mogleg? Florvåg Bruk tok nok ein gong ikkje skulda for problema og vi måtte ordne opp sjølv. Rørleggar ville ikkje gjere noko heller sidan dei fekk oppdrag frå husbyggar. Kommunen kom på besøk og tok bileter av stasen som låg utanfor stoveglaset, og dei hadde aldri opplevd maken. Kommunen ga ein smekk på fingeren både til den eine og den andre og trekte ferdigattesten tilbake. Husbyggar skulda på snøen og rørleggar kom og ordna opp. Det ordna seg tilslutt denne gongen og, men igjen måtte vi kjempe med klørne for å få det i orden.
02.04: Endeleg er snøen vekke. No er det tid for utearbeid. Vi ryddar boss og Espen gjer klart til bygging av verandaer og inngangsparti.
09.04: Heilt slutt på problemer er det ikkje. Internett kjem ikkje i hus og elektrikar har gjort så mange tabber på huset at vi kunne skrive ei bok. Det går fem månadar frå vi flytta inn til vi får internett, men etter mange mail og telefonar får vi ordna det og. Alt ordnar seg for snille jenter, berre ein kjempar litt først.
13.04: Første veranda er ferdig. Vårsola sin og vi kosar oss.
16.04: Hagen er ferdig opparbeidd og planert. Det kriblar i fingrane etter å ta fatt.
01.05: Inngangspartiet er ferdig. Espen kosar seg med bygging.
05.05: Emil får smake graut for første gong.
07.05: Nattefrosten er borte og vi er i gang med plenen. Malin kosar med jord og graving, og ho er utan tvil ei utejente.
08.05: Våren kom seint, men godt. Eg har planta to epletre og bjørka byrjar endeleg å verte grøn. Espen er igang med terrassa.
09.05: Oldefar og Malin kosar seg saman. Dette er verdifulle minner.
13.05: Terrassa er ferdig. Nok ein gong kjem folk og hjelp oss slik at ikkje Espen skal stå aleine med alt arbeidet. Denne gongen var det Steffen, Jostein, Stian og bestefar som hjalp.
17.05: To nydelege ungar i bunad. Malin koste seg denne dagen med tog, ballongar og is.
17.05: Mamma og Ivar var på besøk denne dagen og fekk oppleve 17.mai på Valestrand. Her er vi ved Ole Bull-huset, og etterpå ventar det kaker og brus ved skulen. Nokre leikar fekk vi tid til og før Malin fekk prøve sightseeingtoget som kom denne dagen.
18.05: Plensåing.
30.05: Vi er i Haugesund med familien og denne dagen tek vi turen til Ryvarden fyr. Eit magisk vèr utan vind. Det var ein flott turveg ut til fyret og vel framme var det kafé og moglegheiter for å kjøpe kunst. Tilbake i Haugesund venta mor til Espen oss med potetball.
05.06: Espen fullfører Bergen-Voss for 2.gong. Jo Vegard var også med.
22.06: Slåtten er unnagjort. Det er fine dagar med lite klede og ein is i handa.
23.06: Emil er 7 månadar. Det herligaste smil og dei vakraste auger. Eg smeltar heilt når eg ser tilbake på desse bileta.
01.07: Gardinene er endeleg på plass. Gardinene blafrar i vinden og alt er nesten som på film.
Plenen er grøn og fin etter mange timar med arbeid.
02.07: Bror min kom på besøk i ferien sin, men endte som sengeliggande og sjuk. Her er det middag etter nokre timar med malearbeid. Dette er eit av dei siste bileta vi har av bestefaren til Espen før han døydde 26.august. Sjølv om det ikkje er min bestefar og eg har ikkje kjent han i så mange år, så saknar eg den gamle mannen.
03.07: Malin utøver seg som kunstnar på husveggen.
03.07: Naboane er igjen på plass for å hjelpe oss. Vèret er dårleg så vi må utnytte den tida vi har til å male. Huset har fått det første strøket og til det har Jostein, Steffen, Rune, svigermor, bestefar og André hjelpt oss i tillegg til oss sjølve.
17.07: Nyttehagen min er opparbeida. Mykje gjenstår, men mykje er også gjort. Til våren trengs det meir jord, meir gjødsel og meir planter.
11.07: Eg er i Volda saman med ungane. Sommaren er stille i Volda, men vi nyttar oss av det og kosar oss med leikeapparata i barnehagane.
11.07: Vi prøvar oss på bading, men vatnet er iskaldt.
12.07: Nokre kaker har no det vorte iløpet av året. Denne er ein av dei eg har vore mest nøgd med. Ostekake med jordbærlokk.
18.07: Sola glimtar med sitt fråvær i juli. Det regna i bøtter og spann, og det var ikkje så lett å vere ute så lenge om gongen. Ein av dei som fekk besøk denne våte sommaren var Galleri Mjøsvågen som ligg i Hosanger her på Osterøy. Vel verdt eit besøk.
Malin elskar å springe i graset og det var herleg dei dagane ho kunne gjere det. Ho fryda seg slik eit barn berre kan gjere. Det vart mykje "gøyme og leite" eller "gøymespelet" som dei seier her, men det var ganske så originale reglar kan du seie. Gøy hadde ho det iallefall.
25.07: Når ein ikkje reiser på ferie kan det vere kjekt å ta teltturen ut i hagen. Vi slo opp teltet og håpte på overnatting, men det tok ikkje mange dagane før regnet kom og skylte vekk både teltet og draumen om telttur. Det er iallefall sikkert at vi prøvar med ny telttur i året som kjem.
03.08: Vi malar og vi malar. Malearbeidet tek aldri slutt. Det var no vi tenkte at det kunne vore greit med eit enkelt hus utan vinklar, møner og rekkverk.
Vi vart ferdig med første strøket heldigvis, men det regna mykje denne sommaren så det var berre akkurat at det gjekk. Neste år er det på'n igjen og då håpar vi sjølvsagt at vi har like gode hjelparar som i år.
07.08: Eg fekk låne ripsbuska til naboen i påvente av at mine eigne busker skal verte store nok. Eg plukka nok rips til litt gele og nokre måltid med rips og is. Rips er også populært i små barnemunnar, så vi hadde eit par veker kor vi kosa oss under buskene.
14.08: Ole Bull-spelet på Valestrand. Utescene med mange flotte skodespelarar og ei fengande historie. Musikken var fantastisk og naturen, vèret og stemninga var upåklageleg. Det går rykte om at spelet skal settast opp igjen i 2012 i samband med Bergen festspel så då må alle kome og sjå.
15.08: Emil og eg kosar oss i det fine augustvèret. Vi utnytter sommarvéret maksimalt.
24.08: Tur til Volda om sommaren er aldri nokon suksess vèrmessig, men det var godt å ta seg ein tur heimatt. Her er vi på badeplassen og vi var ganske så aleine. Ikkje så rart kanskje...
25.08: Ein stor dag er komen og lenge venta på. Malin fyller 3 år og dagen feirast heime hjå mormor. Malin var yr og glad, og hadde ein flott dag med fine presangar som har i ettertid vore godt brukte.
04.09: Siste grillseansen for sesongen. Her er vi på Kleiveland med Inge og Marit. Masse god mat og familie.
21.09: Soppsesongen bankar på døra. Eg er ein tilhengjar av sopp, men det var ikkje så lett å få tid til å plukke. Derfor fekk det halde med bilete av ein vakker, men giftig sopp i vegkanten. Nokre fine haustturar med vogn fekk vi gjort om ikkje anna.
Emil har verkeleg byrja å markere seg. No skal alt undersøkjast og mor har nok med å halde vekk alt som kan øydeleggast. Dette er litt av ein type, det byrjar vi å merke no.
25.09: Sommaren kjem på etterskot. Nokre herlege dagar på tampen av hausten. Det var kaldt om morgonane, men på dagen kunne ungane gå med sommarklede og det var rett og slett heilt nødvendig at vi fekk nokre dagar av denne sorten etter ein tung og grå sommar.
23.10: Lite ante vi at tre veker etter det flotte vèret kom snøen som gjorde oss veglause i ei veke. Malin kosa seg med aking og synest alt var topp, og Emil fekk lufte seg han og. Heldigvis forsvann snøen igjen og vi fekk ein vakker november.
06.11: Mamma kom på besøk. Ho var bestilt som barnevakt eit halvt år før då vi skulle på Mama Mia. På same tid fekk vi bakt til jul og ungane fekk leika seg med mormor.
20.11: Etter 30 år som supportar fekk Espen endeleg tatt turen til Liverpool. Det var ein stor draum som gjekk i oppfylling og han vil snart tilbake sjølv om han må ta fly. Å stå på Anfield og høyre "You never walk alone" kan vel berre dei som har vore der vite kor magisk det er.
23.11: Vesleprikken fyller eitt år. Han diverre sjuk denne dagen og orkar ingenting. Han tok forresten sine første steg 14.november, men etter at han vart sjuk stoppe det opp for nokre veker. No er han i full gang igjen og går nesten heile tida.
Malin har fått fullstendig dilla på å teikne. Ho kjem heim med fleire teikningar frå barnehagen kvar dag, og ho har vorte ganske så flink. Ho teiknar alle ho kjenner, vegar, bilar, nissar og alt som treff ho i hovudet. Personane har auge, nase munn, armar og bein. Når ho fargelegg treff ho streken ganske bra. Elles likar ho godt å pussle og må stadig introduserast for nye pusslespel i barnehagen.
Emil klatrar, riv ned det han får tak i, tek på alt, et og bit på det meste og er ein tornado eg sjeldan har sett maken til. Han tek all merksemd då vi må halde et auge med han kvart eit sekund. Han er rask på labben og snar til å gjere noko gale så fort vi vender ryggen til. Ein skikkelig liten Emil altså.
Eg har ikkje sagt så mykje om vegen vår i år, men den er der og den er slik som før. Vi har vore veglause i ein månad no, det vil seie at vi ikkje kan køyre opp bakken til huset vårt og må derfor ta beina fatt.
Vi parkerer i botn av bakken og så tek vi meis eller vogn alt etter føre og går opp. Ryggsekken er god og ha, men likevel ønskjer vi oss ein firhjulstrekk. Så vinn vi i lotto står den først på prioriteringslista.
Og no er vi altså komen til 2011. Eg avsluttar med å vise Emil godt innepakka slik som det første bilete tatt for eitt år sidan. Det er mykje som har forandra seg når det gjeld Emil, men noko er ved det gamle som at det er like mykje vinter no som ifjor.

Eg har sjølvsagt mine tankar om det nye året, nokre mål og nokre ønskjer. Meir om dette får du vite om imorgon. Godt nytt år kjære vener, familie og bloggarar.

mandag 27. desember 2010

Trollet vårt

Malin er ei skikkeleg rufsejente. Ho vil verken klippe seg, børste seg, ha strikk eller klemme i håret. Håret hennar er tjukt og flokete, akkurat som eit lite troll.
Malin har akkurat vore ute i -11 grader og aka med det nye akebrettet sitt, god og raud i kinna.
Sjokolademunn...
Bustete, men veldig skjønn trollejente.

lørdag 25. desember 2010

På julafta har vi det bra

Etter veker, dagar og timar med handling, rydding og pynting var julafta endeleg komen. Malin har gleda seg enormt til denne dagen, men har ikkje heilt visst kva som eigentleg skulle skje. Kanskje kjem nissen? Kanskje får ho ein pakke? Emil har ingen refleksjonar rundt dette sjølvsagt, medan mor og far i huset er mest opptatt av alt skal vere på plass og sjå fint ut til jula ringer inn.
Eg er oppvaksen med flotte julebrunsj på julafta og eg ønskjer å fortsette tradisjonen. Varm sjokolade, kabaret, laks, egg, julesylte, sild, godt brød osv.
Juletre anno 2010. Vi vernar om pynten så godt vi kan med tanke på Emil, men vi voksne er dei som øydelegger mest og har til no knust tre kuler/englar.
Litt julepynt for høgtida. Det er ikkje så mange stadar at eg får moglegheit til å pynte, men her når ikkje Emil opp så det får stå i fred. Osteklokka har eg kjøpt i Danmark og er frå Lisbeth Dahl. Alltid ei utfordring å vite kva ein skal fylle den med. Dei små, kvite englane har eg strikka sjølv, Marokko-kanna i sølv har eg arva og lysestakane har vi fått med svigers og er frå Kosta Boda. Duken som er hekla er kjøpt på loppemarknad for 50 kr (!!)
Emil er raskt bort med juletreet. Desse kulene og lysa er så spennande! Den sjuarma lysestaken i bakgrunnen har han reve ned så mange gonger no at ei lyspære gjekk og vi har ikkje lys i den lenger.
Lange fingrar...
Malin ser på Disneyjul. Godt oppslukt.
Espen er oppvaksen med å leite etter enden av eit garnnøste. Så no er det Malin sin tur og følge tråden til endes.
Kva er det nissen har lagt frå seg? Ein pakke! Oppi pakken låg det godteri, alltid populært.
Eit forsøk på å ta eit julebilete av våre håpefulle. Det var heller mislykka. Pakkane bak var alt for fristande.
Espen fekk akkurat det han ønska seg.
Emil og Malin fekk kvar sitt nattbord og Emil likte det veldig godt. Veldig fint til å klatre på.
Farmor til Emil og Malin er også på besøk saman med tante Kathrine og Sander.
Både Sander og Malin fekk seg arbeid i julepresang. Sander fekk seg sjøskip frå LEGO Atlantis og Malin fekk seg Elias-pusslespel.
Malin fekk seg prinsessepynt til jul og kasseapparat. Begge deler var veldig populært. Malin var oppe til halv tolv igår og vi la oss samstundes. I senga sa Malin "mamma, nissen kom ikkje". Eg forklarte at han hadde vore der med godteri og pakkar, men at han hadde ikkje tid til å stoppe. "Eg e redd nissen", sa Malin og sa samstundes "Eg fekk ikkje Sabeltann". "Ka Sabeltann ønska du dej då?" spurte eg, "Rosa Sabeltann". Så då veit dokke kva som står på ønskjelista til neste gong.

mandag 20. desember 2010

Kjøkkenhjelpa ladar opp til jul

Det er fire dagar til jul og eg er igang med innkjøp av julematen. Det er ikkje noko rimeleg affære, men det er veldig kjekt å ha ansvar for matlaginga når det er jul. Det er den tida i året tradisjonane er urokkelege og det ikkje er noko rom for eksperimentering. Når eg står på kjøkkenet har eg ofte nokre småhjelparar rundt meg. Av og til kan no hjelpa vere meir til bry enn glede, men samstundes prøvar eg å oppmuntre dei til å verte glad i å lage mat. Ingen lett balansegang.
Emil er glad i grytene. Dei bråkar og er fine å slå på og stable. Han er rask inni skapa for å finne noko han kan kaste ut og gå laus på.
Det er ikkje noko som ikkje går forbi munnen til propellen vår.
Han kosar seg når han kan vere i nærleiken av meg på kjøkkenet, og eg lar han styre på så lenge han ikkje knuser noko eller skadar seg. Det er betre at han ruskar i kjøkkenutstyret enn å henge i kjolekanten på meg. Sjølvsagt er det nokre dagar han berre vil opp i armane mine, men då sett eg han som regel i ein stol tett ved sida av meg.
Idag fekk eg gjort første del av julehandelen, men det er langt ifrå slutt. Menyen er i år som sikkert alle år framover: Pinnekjøt på julafta, svineribbe på 1.juledag og torsk på 2.juledag. Eg er ikkje oppvaksen med svineribbe, men Espen har alltid hatt det på 1.juledag. Det er vel slik når ein får eigen familie at ein blandar litt gammalt og nytt.
Dessertane er ikkje slaviske, men det vert riskrem på julafta og så tenkte eg iskrem og varme skogsbær på 1.juledag. Om nokon har eit godt forslag til 2.juledag, så tar eg det imot med takk.

Til opplysning kan eg fortelje at eg vaskar pannene Emil har hatt i munnen... Lykke til med julemathandelen alle saman.

søndag 19. desember 2010

Rydding-eit nødvendig onde

Sanninga sin time er komen. Det er tid for å brette ut det aller helligaste; rotet. Igår hadde vi julebord her heime og på onsdag byrja eg å rydde. Det er ein ting at vi har to små born som strør leikene om seg like fort som vi ryddar dei på plass, men det er to voksne i huset også som ikkje sett på plass ting etterkvart som det vert brukt. Til tider kan det sjå heilt forferdeleg ut her, og på onsdag var det ein slik dag. Det var 3 dagar til julebord og mor i huset måtte brette opp ermane og tak seg sjølv i nakken.
Hadde eg lagt ein duk over bordet og du skulle gjette kva som var under, så hadde du ikkje komt på noko som helst grunna sjokket over alt som fekk plass her. Det er så enkelt å bruke dette bordet til avlastning. Vi skyv sjølvsagt rotet til sides der vi skal ete slik at haugen vert større på motsatt side. Spylervæska er vel den tingen som gjer mest nytte for seg. Og den er veldig god å ha nettopp på kjøkkenbordet når ein er ute og køyrer og oppdagar at det er tomt for spylervæske når ein lastebil har passert deg på ein salta og snøvåt veg.
Dette vert den einaste gongen eg publiserer for heile verda rotet på kjøkkenet så ta deg god tid til å studere alle dei vakre detaljane.
Jammen er det godt at allting har ein ende. Eg kom i mål og no har vi det slik. Den kvite duken er kun for middagsgjestar, elles er det voksduk som tel. Det vert litt meir jul i stova for kvar dag som går. Eg er langt ifrå ferdig med pynting, men vi måtte ha litt julestemning igår når det var julebord.
Eg kjem tilbake med fleire julebileter etterkvart, men idag ville eg berre vise at eg kan faktisk rydde eg og. På biletet ser dokke mi største utfordring når det gjeld kampen mot rotet. Emil er ein livleg skrue som kastar rundt seg alt han får tak i. Alt av små ting som kan knusast eller som han kan putte i munnen må opp i høgda eller ryddast vekk. No er det berre 5 dagar igjen til jul og eg håpar at huset heldt seg slik som no fram til då.

søndag 12. desember 2010

Stemningsrapport

Denne helga vart ikkje heilt som planlagt. Både idag og igår har vi vore "isolert" her oppe på toppen grunna at vår berømte bakke har vore full i is. I byrjinga av veka har det snødd og ikkje vorte måka, deretter har det regna kraftig for tilslutt fryst til is utan at all snøen hadde forsvunne. Skrekkscenario de luxe! Det er ingen automatikk på at vedkommande som skal måke her kjem når det trengs, derfor er snøfresar det neste vi skal kjøpe oss.
Det er tredje søndag i advent, og her er det som skjer akkurat no heime på Dansebakken:
Eg har hatt glede av min vakre amaryllis denne veka. Den blømer litt for tidlig, men eg har ikkje imot å kjøpe ein til. Den minner meg om orientalske liljer, men desse duftar ikkje. Denne får stå i vindaugskarmen og sjå utover Valestrand, og eg trur den likar det den ser.
Pepperkakehuset eg designa og laga står enno umontert på kjøkkenbenken. Det er ei veke sidan eg ferdigpynta det, men eg gidd ikkje fullføre prosjektet. Espen har sagt at han skal gjere det, men det kan no hende at vi et det opp istaden for. Då har eg heller meir glede av desse hjarta som heng i eitt av våre to vindauger på kjøkkendelen. Med litt hjelp har Malin pynta dei med iver og lyst. Først hadde eg tenkt å ha melispynta hjarter med snirklar og vakre ornament, men eg slo til slutt eit slag for fargar og barnearbeid. Det livnar litt meir opp og det er kjekt for Malin å sjå.
Medan eg er igang med julepynten så kan eg vise dokke det andre julevindauget mitt, eller kjøkkenvindauge om du vil, der denne stjerna heng. Den er frå Kremmerhuset og glitrar så fint. Det ser ut som det er natt hjå meg, men det er midt på lyse dagen. Sola ut er så skarp at bileta vert litt mørke når dei vert tatt innanfrå og ut.
Min faste kjøkkenassistent er no frisk, endelig. Til opplysning hadde han ikkje raude hundar likevel, men den 5.barnesjukdom. Raude hundar har visst ikkje vore i Noreg på 8 år, men det er vel ikkje alltid så lett å diagnostisere for legen heller... Iallefall så har han etter to veker som sjuk vorte veldig mammadalt. I barnehagen har han vist eit stort behov for nærleik, og det kan vere slitsomt nok for dei som jobbar der, men heime heng han altså rundt meg. Det kjennes godt både i ryggen og eine arma, for han går ikkje enno og vil oppe og kose ganske så ofte.
Denne sjarmerande karen er altså litt krevande for mamma. Og ikkje nok med det, han vil ikkje sove om natta heller enda pappa har hatt "skrikekur" på han i tre netter no. Så no er vi trøytte...
"Hadde han berre sove til fem, hadde vi berre fått ei natt, hadde eg berre fått sove..." Nokon som kjenner seg igjen?
Han er litt rampete og denne karen. Han tullar og tøysar med oss, og gjer ting han veit han ikkje har lov til. Vi slit han ned frå sofaen utallige gongar iløpet av dagen, han riv opp alt papir han får tak i, bit og et på det han når, og kastar rundt seg alle leikene og alt som er i kjøkkenskuffer. Men likevel, han er så skjønn og god. Den bestaste Emil som mamma og pappa er så inderlig glad i. Hadde han berre sove til fem...
Litt stemning i vindauget ein søndagskveld. Min nydelig amaryllis og den fine julestjerna. Og tilfeldigvis eit bilete av spretterten vår.
Idag fann eg endelig denne "vakre" saken som Espen kjøpte på Europris for 49 kr. Sjuarma lysestake høyrer adventstida til, men kan ikkje seie denne varianten var noko eg hadde kjøpt. Heldigvis legg eg jåleriet til side for det er ikkje lenge om gongen den skal stå framme. Og så er det jo ganske vakkert slik den står no...

Ny veke, nye moglegheiter. Vi er som vanleg seint ute med julehandelen, men satsar på at vi er igang iløpet av dei næraste dagane. Fristen for å sende pakkar er 16.desember, så då er det vel berre til å byrje. Ha ei fin førjulsveke alle som tek av si tid til å besøke bloggen min.

fredag 10. desember 2010

Heimelaga sjokoladekonfekt

Ikveld har eg og Katrine kost oss med sjokolade i fleire variantar, nougat, mandlar, sukker, fløte, smør, cognac og så vidare. Vi smeltar, hakkar, rørar, grisar og et. Det var veldig koseleg og ikkje minst artig. Då vi skulle smake på resultatet var vi ganske så kvalme på det søte, men vi klarte å trykke i oss så mykje at vi kunne konkludere med at det var godt.
Vi har lært noko nytt idag; skolding av mandlar. Ein kjapp telefon til mamma måtte til, men det var veldig enkelt når det først var gjort. Skolda mandlar trengte vi når vi skulle lage mandelkaramell med kvit sjokolade. Karamellen fekk litt brent smak, men elles var den grei. Den var nok den vi likte minst av dei fire sortane vi laga.
Vi laga konjakktrøflar og espresso minttrøffel. Det var to ulike sjokoladekremar som først måtte kjølast ned for deretter formast til kuler. Veldig grisete kan ein trygt seie og ikkje så heilt enkelt heller. Det er mine hender dokke ser som er så tilgrisa :D
Og her er dei fire sortane vi produserte ikveld. Du får ikkje så mykje for pengane, for dette kostar, men så treng du ikkje så store mengder heller fordi det er ganske kvalmande og søtt. Oppe til venstre ser du mandelnougat, oppe til høgre ser du konjakktrøflar. Nede til venstre ligg det espresso minttrøffel på brettet og tilslutt er det mandelkaramell med kvit sjokolade du ser.

Sjølvsagt skal du få nokre av oppskriftene.

Mandelnougat
100 gr hakka mandlar
250 gr nougat (Odense f.eks)
150 gr kokesjokolade (vi brukte Dronningens)

Rist mandlane i ei tørr og varm panne. Smelt nougaten og sjokoladen over vannbad. Løft panna frå varmen, rør i mandlane medan sjokoladen framleis er smelta. Hell massa i ei bakepapirkledd paiform. Sett forma i kjøleskapet og skjær sjokoladen i bitar når den har vorte kald.


Konjakktrøflar
200 gr mørk sjokolade
1 dl kremfløte
2 ss smør
1,5 ss konjakk

Evt. 150 gr mørk sjokolade til glasur

Bryt 200 gr sjokolade i bitar og ha det i ein bolle. Kok opp fløte og smør. Hell den varme blandinga over sjokoladen til sjokoladen er smelta og kremen er glatt. Rør i konjakk. Sett i kjøleskap. Trill trøffelen til kuler når massen er stiv og kald. Oppbevarast kald. Dersom du ønskjer sjokoladeglasur smeltar du resten av sjokoladen i vannbad og dypper kulene i.


Dersom du ønskjer oppskrift på dei to andre sjokoladane, kan du legge igjen kommentar og så sender eg det til deg på mail. Kjenner eg er trøytt og vil finne senga. *God natt*

onsdag 1. desember 2010

Endelig stjerne i vindauge

Vi har vore utan julestjerne i fleire år fordi eg ikkje har funne noko eg likar. I år når vi har fått nytt hus og skal feire jul her for første gong er det ekstra viktig at vi har julestjerne i vindauget. Eg har sett for meg ei stjerne lik den vi hadde for nokre år sidan, men som diverre berre fungerte eitt år.
På Kremmerhuset får du denne vakre stjerna til kr 149,-. Eg likar desse stjernene kjempegodt. Dei var veldig populære for seks-sju år sidan, men i mitt hovud har dei alltid vore ein favoritt. Den har små, søte lys og masse glasperler som dett av kvar gong nokon berører den.

Eg ønskjer å ha ei stjerne som kan vare i fleire år. Julepynt er forbunde med tradisjonar og er noko ein tek fram år etter år. Litt fornying er sjølvsagt lov, men julestjerna er sjølve symbolet på ventetida og derfor er det fint at vi tek fram den same kvart år. Eg er veldig nostalgisk av meg når det gjeld jul. Eg er oppteken av norske juletradisjonar og ei vakker jul med familien. Eg har aldri vore noko "julemenneske" med nissar og raudt overalt, men eg kjenner eg gleder meg meir til jul no når eg har born og eige hus.

Apropos raudt. Det er mange som tenkjer på Emil som har vore sjuk så lenge og han er betre no, men vi var til legen idag og han har diverre fått raude hundar. Han har utslett på heile kroppen, er slapp, et lite og vil berre vere i armane mine. Så eg er heime med han med håp om at han snart er frisk og rask igjen.