Blid og strålande nøgd med dagen. No er ikkje Malin nokon baby lenger, og om ei veke startar ho i barnehage. Livet vert meir og meir spennande, så heng med om du kan.
mandag 25. august 2008
Malin fyller eitt år idag
Veslejenta vår har idag fylt sitt første år. Eg tenkjer tilbake på dette året som har gått så fort, og eg er einig med meg sjølv at det vert kjekkare og kjekkare for kvar dag som går. Livet har fått ei større meining etter at Malin kom til verda. Sjølv om det er travelt og vi er slitne, gløymer vi det så lett når ho smiler eller søv så søtt.
Dagen idag starta friskt for gebursdagsbarnet. Mor i huset skulle på jobb, og Malin og pappa måtte køyre henne då pappa trengte bilen. På bilete her ser dokke henne klar til å gå om enn litt trøytt i trynet...
I ettermiddag har vi hatt selskap. Tilsammen var det 5 born frå 1-4 år. Eirik hjelper til med å opne gåvene då Malin ikkje heilt har forstått poenget med akkurat det.
Dette er vel ein typisk situasjon i eit barneselskap. Borna fyk alle vegar, det er rotete og kaotisk sjølv om mor i huset nettopp har strigla huset, og foreldre som prøvar å halde ei viss oversikt. På biletetet frå venstre ser dokke Malin på vei ut av stova, Trude, Julie ved bordet for å ete av restar på fat og i glas, Elias med ein bolle i ei bøtte (bollen skulle kokast, sa han), Bjørg, samt Ole Christopher på veg ut verandaen.
Malin kosar seg blant born og leiker. Det er topp å vere gebursdagsbarn.
Blid og strålande nøgd med dagen. No er ikkje Malin nokon baby lenger, og om ei veke startar ho i barnehage. Livet vert meir og meir spennande, så heng med om du kan.
Blid og strålande nøgd med dagen. No er ikkje Malin nokon baby lenger, og om ei veke startar ho i barnehage. Livet vert meir og meir spennande, så heng med om du kan.
tirsdag 19. august 2008
Husmora vår i full sving
Det er ikkje alltid lett å vere liten og nyskjerrig på alt som skjer rundt seg. Malin skal alltid vere der eg er og allerhelst undersøkje det eg held på med. Oppvaskmaskina, klesvasken, matlaginga, støvsuginga, vaskinga og ryddinga. Alt må prøvast og undersøkjast. Eg håpar sjølvsagt at viljen til å hjelpe mor si vil forsette også langt inn i tenåra. Om ho vert som mor si på det område, har eg ikkje så mykje å vente i åra som kjem. Derfor er det berre å nyte bileta og leve i trua.

søndag 10. august 2008
Bryllaupsfest i Bergen
Igår gifta Siv og Erlend seg. Siv er frå same stad som meg og eg har kjent ho gjennom skule og fotball sidan vi var sju år gamle. Ikkje visste vi i 1988 når vi gjekk ilag frå skulen første førskuledag, at mor mi og far hennar skulle gifte seg 18 år seinare... No når vi er i familie, var eg ein av dei heldige som fekk med meg vigsel i Årstad kyrkje og fest ved Kjøttbasaren i Bergen. Det var storfest i byen grunna Tall Ship Racing, og liv var det også i bryllaupslokala. Nydeleg brud, flotte talar, god musikk og fin stemning.

.........
PS: Beklagar lite innlegg for tida, men alt mitt kreative rot er pakka ned grunna visningar. Vi flyttar om tre veker, og alt er berre kaos. Lovar å kome sterkare tilbake når alt styret er over.
søndag 3. august 2008
Lavendel
Lavendel er utruleg vakre og duftar godt. Vi var på besøk hjå onkelen til Espen på Burkeland som har lavendel i bedet sitt. No når sola har forsvunne passar det med litt stemning i bloggen. Imorgon byrjar eg å jobbe igjen, og mykje tyder no på at sommaren er på hell.


torsdag 31. juli 2008
Rips
At eg har plukka rips er vel i seg sjølv ingen sensasjon. Igår plukka eg rips i hagen til onkelen til Espen og laga eggedosis. Rips og eggedosis er barndom for meg, og det er berre så godt! Formålet med dette innlegget har ikkje noko med rips å gjere eigentleg, men meir at eg forsøker å lære meg Adobe Photoshop. Likvel er ikkje dette bilete redigert i Photoshop for det fekk eg ikkje så godt til, men det er redigert i Picasa frå Google. Og så kom eg til poenget; eg kan blogge bileta direkte frå Picasa til bloggen. Einaste aberet er at margen ikkje er rett.
tirsdag 29. juli 2008
Mi store sommarglede
Det er eit lite høgdepunkt i hagen når juli nærmar seg slutten. Eg har gledd meg no i nokre månadar til at den utruleg vakre og velduftande lilja skal bløme. Litt usikker på navnet, men etter å ha leita ein god del på internett, trur eg at det er Lily Oriental Emmely. Har nokon eit betre forslag så vil eg gjerne høyre om det.
Lilja er plassert bak ein stor tuja, innimellom ugras og hekk. Heilt forferdeleg, spør du meg. Eg skal snart flytte herifrå og då har eg tenkt å ta med meg ein avleggar, knoll, løk eller kva det no er. Den fortjener å leve blant nokon som bryr seg.
Er den ikkje vakker? Den duftar heilt fantastisk og lukta er så sterk at dersom du plukkar ein blome og lar den stå inne, så kjenner du dufta i heile rommet.
Eg lurer på om planta er sjuk, den er litt pjuskete i forhold til i fjor. Dette er bilete av knoppen og som dokke ser så er blada litt brunflekkete. Nokon som veit meir om dette enn meg?
Eg lurer på om planta er sjuk, den er litt pjuskete i forhold til i fjor. Dette er bilete av knoppen og som dokke ser så er blada litt brunflekkete. Nokon som veit meir om dette enn meg?
torsdag 24. juli 2008
Bringebær+Brennesle=Sant
Vi har nokre fantastiske bringebær i hagen. Ikkje berre har dei ein flott gulfarge, men dei smakar nydeleg også. Det som slår meg er at uansett kvar eg har plukka bringebær, så er det brennesler som hindrar meg å plukke alt. Har høgare makter noko meining bak dette eller er eg heilt på bærtur? Mest sannsynleg det siste...
Endeleg tid for bading!
Når vi var i Danmark kjøpte vi eit lite basseng til Malin for at ho skulle få bade då sjøen var for kald. Det viste seg at sjøen var ikkje det einaste som var kald, og til no har bassenget vore ubrukt. Sola har vist seg frå si beste side idag, temperaturen er nesten 30 grader, og sommarkjensla er tilbake. Malin har fått innvia det nye bassenget sitt i vill begeistring. Bileta talar for seg sjølv.

Abonner på:
Innlegg (Atom)

