søndag 13. april 2008

Tid for loppemarknad

Det er vår og tid for loppemarknad. Denne helga var det loppemarknad på to skular her i bydelen, og eg må seie eg er svært forundra over kva arrangørane kan ta seg betalt for noko andre ikkje vil ha lengre og gir vekk gratis. Eg vert irritert når selgjarane står bak borda og prøvar å leike kremmar, og konkurrerer om å få best mogleg pris. Til dømes måtte ein gi 40 kr for ei bok. Her snakkar vi om gamle, brukte bøker som du kan få tilsvarande ny på butikken for 50 kr... Dette provoserer meg. Er det ikkje meninga å verte kvitt mest mogleg slik at ein får mest mogleg pengar til inntekt for korpset sitt? Det skal seiast at eg kjøpte ei bok til 40 kr, og det skar meg i hjarte. Boka handla om Bergen i krig, noko som Espen er svært interessert i. Av andre ting eg ikkje har tatt biletete av, så kjøpte eg eit Liverpool-krus til Espen.
Etter at eg mista bestemødrene mine for vel eitt år sidan, så har eg byrja å setje pris på små søte skåler, vasar, mugger og liknande som minner meg om dei. Her er det avbilda ei fløtemugge, kaffisukkerskål, saltbøsse, to små vasar til markblomar, samt lysestakar og eit serveringsbrett i fattigmannssølv. Eg betalte 140 kr tilsamen. Ikkje noko kupp kanskje, men eg gir alltid litt ekstra når det er skulekorps fordi eg sjølv spelte i eitt i min barndom.
Elles så kjøpte eg ei bok frå 1905. Bokstavane i boka er uleseleg og samstundes veldig fine. Arka kan eg vel få bruk for. Fint til kort, scrapbook og diverse. Berre fantasien set grenser. Boka ga eg 10 kr for. Så kjøpte eg ei bok om sjal til kr 20 og ei bæremeis frå Bergans til kr 100,-. Så no vert det tur til sommaren.
Allereie neste helg skal vi i nye loppemarknadar. Det er ikkje alltid at eg kjøper så mykje, men det er litt artig å kike på alt skrotet som folk har hatt i heimane sine. Det er også litt moro å sjå enkelte som kastar sg inn dørene når det opnar, spring bort til borda og triv til seg alt mogleg skrot og skrap. Idag såg eg forresten to eldre damer som krangla om ein julepynt i Nille-stil. Kjære vene, seier no eg...

søndag 23. mars 2008

Mormor og Malin

Vi har feira påska på heimstaden min. Snøen har lava ned og det har vore sol berre ein dag. Vi har vore for det meste inne pga vêret og Malin har blant anna kosa seg med mormor.
Mormor er det perfekte klatrestativ, særleg når ho har eit hår som er kjekt å ete på...

Så mykje snø har Malin aldri sett før. Snøen er kvit og skarp i lyset, men litt nyskjerrig vart ho av alt det blendande, kalde som kom frå himmelen.

fredag 7. mars 2008

Vottar i full fart

Eg har strikka eit par vottar etter oppskrift frå eige hovud. Garnet er dobbel alpakka og strikka på pinne 5. Dei vart ferdiglaga på 1-2-3. Vottane skal Malin ha på seg når ho ligg i vogna.

mandag 25. februar 2008

90 trådar å feste og to ulike buksebein

Eg har strikka ei ullbukse som er tiltenkt barnehageklede til Malin. Den er str 1 år og er strikka i Mor Aase. Dersom dokke har lese tidlegare innlegg om mine strikketabbar, så går det fram at eg har ein tendens til å gjere ein del feil når eg strikkar bukse. Denne gongen var ikkje noko unntak, men feilen er ikkje så fatal at eg måtte rekke alt opp att. Eg oppdaga at eg hadde ti maskar for lite når eg skulle byrje på det andre beinet. Det enda med at eg lot vere å felle øverste delen av buksebeinet. Det var best å gjere det slik for at husfreden skulle bevarast.

Vi har byrja å flytte ein del av innboet til vår nye heimstad, deriblant garnet mitt (!), og no har eg abstinens etter å kikke nedi garnkassene mine. Eg trur eg må hente dei tilbake. Eg har nesten ikkje uferdige prosjekt lenger, tru det eller ei...

mandag 18. februar 2008

Spinnvill og strålande blid.

Eg har funne kabelen. Den var ikkje lenger vekk enn under sofaputene. Eg leita berre i den eine sofaen, eg skjønar ikkje heilt kva eg tenkte på...

Fleire venner av meg etterlyser bileter av Malin. Vel, her er to ferske bileter av prinsessa. Ho er svært aktiv og stort sett blid. Ho har oppdaga beina sine, og ho snurrar rundt, spreller og rullar rundt i håp om at meir av verda vert oppdaga. Det er heilt utruleg kor raskt alt går. Eg synest det skjer noko nytt nesten kvar dag. I det siste har vi byrja så vidt å høyre latter frå henne, det er gøy.

torsdag 7. februar 2008

"Velkommen til verden"

Scrapbook er plutseleg vorte min nye hobby. Det er mykje enklare å sette seg ned å lage ei side til eit fotoalbum enn å ta fram eit strikketøy som tek mykje lengre tid å fullføre. Denne gongen har eg laga ei side eg kallar "Velkommen til verden". Tittelen er tatt frå eit gratulasjonskort og burde ideelt sett ha vore på nynorsk, men diverre er det ingen som lagar kort på det vakraste språket vi har. Eg har tenkt å skrive under kvart bilete. Bileta er frå fødestova og vi ser vel litt slitne ut begge to, men øyeblikket er stort og bør forevigast på eit vakkert papir. Eg har brukt to ulike mønsterark, lysblå kartong, stropper til ein tiltenkt kjole som aldri vart noko av, litt blomar og perler. Eg er godt nøgd iallefall. Det er kanskje ikkje lett å sjå alle detaljane på layouten. Det skyldast dårleg lys og eit halvgodt kamera.

mandag 4. februar 2008

Scrapping

Sidan laurdag har eg hatt besøk av Rigmor, ei venninne eg budde saman med ei periode i Sogndal. Rigmor bur til vanleg i Fetsund, og vi har ikkje sett kvarandre på 2,5 år. Rigmor er like stor hobbyfantast som meg og har tatt med seg utstyr for scrapping. Eg har aldri prøvd det før og hadde ikkje planer om å verte hekta, men idag var eg og Rigmor på Papirgleder på Sotra og eg brukte 600 kr... Er det ikkje typisk? Til mitt forsvar så har eg tenkt lenge på å lage fotoalbum til Malin. Ikveld har vi scrappa og eg har fått innføring i min kanskje nye hobby.
Rigmor i full iver ved Papirgleder. Det er vanskeleg å begrense seg.
Scrappeaksjon ved kjøkkenbordet. Rigmor lagar ei side om sønnen som cowboy.Resultatet vart veldig fint.
Mi første scrappeside. "Malin 1 mnd". For dei erfarne er denne sida ganske enkel. Eg synest det var vanskelegare enn eg hadde førestelt meg på førehand.

Scrapping