mandag 30. september 2013

Golv i garasja

Det er lenge sidan eg har vore innom bloggen no, men her er eg plutseleg. Det er kjekt å blogge om store ting som skjer. Å tidfeste og vise bileter synest eg er givande. I helga oppfylte vi ein etterlengta draum. I garasja har vi fått golv av betong!
Først  var planen at vi skulle støype sjølv, men kvaliteten ville verte dårlegare og prisen høgare, samt mykje meir arbeid. Då er det ikkje noko å stusse på så då fekk i betongbil på tunet laurdagsmorgon.
På førehand hadde Espen og Steffen lagt plastdekke og armeringsjern. Emil fylgde spent med på det som skjedde.
Det er godt å ha ei hand og halde i når bilane er store og ting er litt ukjent.
Vi har venta på å få golv lenge. No når golvet er på plass kan vi endeleg sette i garasjeportane og listene. Vi kan og få singel på tunet, og vi kan lage hyller og arbeidsbenk i garasja. Og det igjen fører til utrydding av eit stappfullt vaskerom. Kjedereaksjonar!
Det er utruleg kva ein klarer å stappe inn i ei garasje. Trudde garasja var til bilane eg, men begge står på tunet.... Og sjå den flotte veden inni boda, den har eg satt i sekkar. Må no skryte av det vesle eg gjer, det er mest Espen som regjerer ute.
Betongbil i sandkassa. Også den yngre garde bygg garasje.
Sjå danseplattingen! Ein god porsjon innsats og ein halv Sydentur resulterer i dette flotte golvet.

2 kommentarer:

Marte sa...

Så deilig å "komme litt iorden" da! Kjenner til det "kan ikke rydde boden, for det er ikke plass her og der til tingene som er der"-opplegget.
Blir bra da!

Anonym sa...

Kor kjekt at de har fått gjort dette då :) Det er no eingong slik med kjedereaksjonar, skal ei gjere det, så må ein gjere det og så vidare. Og før det eine er ferdig kan ikkje det andre gjerast.....
Men det kjem no litt etter kvart, og så er det no slik at så lenge ein har eit hus så blir ein igrunnen ikkje ferdig med ting og tang ;) Stao pao :) :) Klem Lene.