søndag 13. januar 2013

Treng du sunne, gode middagstips?

Alle som kjenner meg veit at eg er hekta på mat. Eg sitt ikkje å et heile dagen, men eg er veldig mykje på kjøkkenet og lagar maten. Eg likar å prøve noko nytt heile tida og sitt derfor mykje på internett og leitar etter oppskrifter, planlegg, lagar vekemenyar og let familien vere prøvekaniner. Maten skal vere variert, sunn og næringsrik og sjølvsagt smake godt. Matlaging slik eg gjer det tek veldig lang tid, men eg håpar etterkvart at eg har ein variert og god meny som eg kan bruke fleire gongar. 

Eg er ingen matfotograf, men eg prøvar i det minste å ta bileta sjølv. Dei vert tatt i hurten og sturten mellom komfyren og magen. Dersom du er ein av dei som sitt på søndagskvelden og planlegg vekemenyen, kan kanskje nokon av desse oppskriftene vere noko for deg. Eg har sjølvsagt ikkje funne på desse sjølv, så eg linkar alle oppskriftene. Litt personlege justeringar har det vore, men det må ein nesten finne ut av sjølv utifrå kva ein sjølv likar og har i kjøleskapet.
Wenche Andersen frå God Morgen Norge har utruleg mange gode og enkle oppskrifter som er lette å forstå. Råvarene finn du i dei fleste butikkane noko som er avgjerande for meg som bur på ein liten stad. Dette er risotto med laks. Eg har brukt risottoris, men det går fint an å bytte ut risen med byggryn dersom du huskar å legge gryna i bløyt (sjeldan eg huskar slike ting). Byggryn gjer retten vesentleg sunnare enn polert ris. Og laks er ei super kjelde til Omega 3.
Denne salaten laga eg til lunsj, men den kan fint etast til middag og. Dette er ein pastasalat med skinke og soltørka tomat. Eg har brukt fullkornspasta og bayonneskinke. Eg må alltid ha noko grønt når eg et salat så eg har supplert med salat og cherrytomatar.
Visste du at potet også er ein grønnsak? Velg små poteter og ikkje skrell av skalet, då har du ein om dagen (100 gr). Og brokkoli er ein supergrønnsak som inneheld dei fleste vitaminar du treng. Kylling med poteter i tomatsaus er mettande, smakfull og lett å lage.
Eg har aldri likt tomatsuppe frå pose, men etter at eg byrja å lage suppa sjølv har eg oppdaga at tomatsuppe faktisk er godt og like enkelt å lage. For meg som ikkje er så stor er tomatsuppe mettande nok når eg ein klatt med rømme, men det bør nok supplerast med noko meir dersom ein er litt større. Den kan til dømes vere kjøttbollar, pasta, bacon, scampi osv. Ein også ha tomatsuppe til lunsj. Bilete ser heilt forferdeleg ut, men pytt pytt.
Denne laga eg idag. Sjølv om eg ikkje hadde nøyaktig dei same ingrediensane som Wenche Andersen, smakte den veldig godt. Og eg huska å bløyte byggryna! Kyllingsuppe som er tvers gjennom sunn gjer ein mett og glad i magen. Eg anbefalar å droppe chili om du har små born. Mine reagerer iallefall raskt på det som er antydning til å vere sterkt.

Elles så vil eg anbefale følgande middagar som eg har laga og servert fleire gongar:

Krema fiskesuppe
Hot Pot fiskegryte
Chili con carne

Ha ei fin veke!

2 kommentarer:

Lykketrollet sa...

Takk for mange gode tips! Jeg er ikke spesielt glad i å lage mat. I en travel hverdag blir det dessverre ikke tenkt nok over hva vi spiser. Det kunne nok vært både sunnere og mer variert. Greit å få enkle konkrete tips! :-)

Mallemolin sa...

Nam nam! Dette såg veldig godt ut! Det er som Mette sei, ein travel kvardag gjer at middagene ofte er lite gjennomtenkt. Og så er det så altfor lett å lage det samme om og om og om igjen.....
Takk for tips! Skal absolutt prøvast! :)