torsdag 3. januar 2013

Såtid og håp i snøret

Ifjor kjøpte eg masse frø frå Impecta i Sverige som eg sådde utover vinteren. Pottene fekk stå i vindaugskarmen i stova og det tok ganske stor plass. Særlig då eg sådde ein sort i fleire potter. I år prøvar eg å forbetre meg slik at eg kanskje kan lukkast med desse. Eg har kjøpt ny såjord og perlite. Sistnevnte hadde eg ikkje ifjor. Eg skal gjere det eg kan for at jorda held seg fuktig. I tillegg begrenser eg såinga til ei potte pr plantesort. Sjølv om det på pakken står til dømes såtid i mars, vil eg så dei no i januar for å vere sikker på at dei vert store til utsåing i mai.

Desse plantene får ein ny sjanse og fargen på linken er tilsvarande fargen på blomen:

Cikoria
Romersk ridderspore
Moses brinnande buske
Ekte stormhatt  
Blåklint
Blå bergvalmue (litt usikker på korleis eg skal så denne, tips?)
Kinesisk ridderspore (har nokre pittesmå, men er usikker på om dei har overlevd vinteren)
Nordamerikansk ridderspore
Høstvedd
Sommaraster 
Spinnelin (sådde ikkje ifjor, men fant ein uopna pakke som ikkje var utgått på dato)


Ganske så mange som eg ikkje lukkast med alstå... Eg har satt fire beger i ein isboks. Då kan eg vatne i botnen utan søl. Eg skal legge plast over og eg skal dusje dei kvar dag for å halde det fuktig. Har du fleire gode såtips?

Elles så ser eg på tidlegare blogginnlegg at eg viste til spiring av frø som eg sådde direkte ute. Det viste seg seinare at det berre var ugras utanom peonvalmua. Eg har ein mistanke om at frøa var gamle og eg har kasta dei no. I mai ifjor satte eg staudene eg hadde sådd sjølv ut på verandaen og diverre kom det ein storm som tok knekken på dei fleste. Det gjer eg ikkje igjen og eg vil derfor ikkje sette dei ut før dei har vorte godt  store.

Dei staudene eg lukkast med ifjor kjem ikkje til å så på nytt då stauder vert fort store når dei først er etablert. Det er iallefall mi erfaring til no (det var uansett ikkje så mange etter stormen). Elles så har eg bestilt nye frøsortar som eg ventar frå Impecta. Navna er svenske og eg har ikkje tatt meg tid til å finne ut kva dei heiter på norsk.

Til den den lilla teltplassen har eg bestilt:
Murreva
Amerikansk tremasterblome 
Kinesisk klokkviva
Maiviva

Til den rosa prinsessehagen har eg bestilt:
Stjerneflokk
Fagertrav
Kunth's nattlys
Myskmalva
Temynte

Eg er litt avventande med jubelen. Det gjekk ikkje så bra ifjor så eg skal heller glede meg litt meir dersom eg skulle lukkast i år.

Har du sådd eller skal så?

4 kommentarer:

MarJE sa...

Hei,
Det er spennande med frøsåing...og spesielt spennande å sjå kva som spirer.
Det meste eg sår av stauder sett eg ut. Det er fordi nokre av sortane skal såast ferske og eg har ikkje planterom inne så dei kan stå i til våren kjem. Så sår eg såpass mange sortar at det blir fullt inne visst eg skal ha dei rundt om i huset.
Eg har gode erfaringar med å sette ut frøa. Ikkje alt spirer kvart år men veldig mykje. Let dei pottene som ikkje spirer stå ein vinter til, då har det faktisk kome spiring i fleire av dei :)
Nokre få sortar skal eg så inne slik som stokkroser, men det blir ikkje før litt seinare.
Lykke til, håper på mange spirar hos deg.

God helg.
Klem MarJE.

Ann-Kristin sa...

Ekte stormhatt har eg, så om du ikkje lukkast med frø, kan du få avleggar hjå meg. ;) Dei har forøvrig vist seg å vere svært holdbare i vestlandsk vær!

Eg fekk frøa mine i posten i går, og eg luktar ein tur på gartenriet for såjord i dag. :)

Og så kan eg forresten legge til at då eg gjekk tur før i dag kunne eg sjå "pusekattane" på vei på trea!

Jannibele sa...

Så spennende med svingen din. Jeg har hatt min debut i år og er spent på resultatet. Har skjønt at en får være moderat optimist ispedd iver:) Lykke til!

Husmannsplassen i Hidlesundet sa...

Hei på deg. Jeg var innom deg her om dagen og ble ganske så imponert da jeg så den store frøsamlingen og dertil såingen av dem. I det jeg skulle kommentere, var det en som ropte på meg...
Jeg mislykkes alltid med mine frø, så det har jeg gitt opp. Men ingenting kan vel gi mer glede, bugnende blomsterbed fra frø man selv har sådd. Lykke til! Du får det nok til.

Klem fra Hjørdis