mandag 14. januar 2013

Anna i liten skala

Idag er Emil heime ilag med meg og Anna. Emil har vore slapp og hatt dårlig matlyst sidan torsdag, men på laurdag spydde han plutseleg som ein gris utover sofa og golv. Ja det er heilt utruleg kor mykje som er plass i ein liten kropp. Derfor er han heime idag. Samstundes har vi vore på helsestasjonen med Anna. Emil synest det var stas å få vere med då han har høyrt om denne helsestasjonen mange gongar. 
Veslemor gjer ikkje den store innsatsen for å verte større. Ikkje et ho mat og ikkje beveg ho seg på golvet. Ho har det visst fint slik som det er no. Målinga idag viste at ho som seks månadar gammal berre er 5720 gram og 65,5 cm. Lang og tynn altså. Helsesøstra var klar, ho må ha mat! Er ikkje det det eg har gjort da? Eg har gitt ho graut og frukt i over ein månad allereie. Kanskje intravenøst hadde vore noko? Så idag har eg kjøpt Nesle graut og fruktpure. Kanskje ho likar betre dette enn alt det heimelaga som skal vere så fornuftig å gi borna. Første forsøk med fruktpure var iallefall ingen suksess. Kvifor ete frå skei når ho kan ete frå pupp? Eg er heilt sikker på at halve befolkninga er samd med henne.
Emil og Anna er så glade i kvarandre. Dei har ein heilt spesiell kjemi. Det er bra i og med dei skal dele rom etterkvart.
Bileta er frå igår. Anna har også vore litt slapp og tufs i det siste. Her kosar ho seg på mormor sitt bryst. Ei trygg og god favn er bra å ha når ein kjenner seg litt utanfor.
Gullungar! Ja eg har no eit gullebarn til, men ho tek så mykje merksemd uansett at eg nøyer meg med bilete av desse to idag. Emil fekk forresten måle seg han og. 94 cm og 13,8 kilo. Ein liten dokkemann han og som no er 3 år. Eg er liten sjølv så det er vel ikkje så rart. Så lenge vi når bakken så betyr ikkje resten så mykje ;-)

1 kommentar:

Lina sa...

Finaste! <3 den kjemien fekk eg sjå i dag! Heilt herlig kor ho ler av alt han gjer ;) søtaste ungane! :)