Etter ei flott veke i Volda er vi tilbake og gjeremåla møter oss i døra. Denne helga har vore svært innhaldsrik og vi har fått gjort masse. Noko av det kan du sjå her.
Vi har kjøpt oss utebod som skal settast opp. Espen har gravd ut slik at det er klart for støyping. Emil elskar å grave og verte skitten så han fekk vere med.Igår var det så fantastisk deilig å vere ute. Det er lenge sidan sist vi har gjort noko ute no. Espen og ungane var oppi skogen og henta stein til pipa som Espen ein gong skal steinlegge og eg har raka lauv. Eg har og fått løkar i jorda og rydda møblar under tak. Då vi kom inn igjen laga eg kakao med marshmellow som var populært.
Malin hjalp til med rakinga og Emil hjalp til med lauvet.
Vi fylte ei trillebår med lauv, det er eg nøgd med. Eg byrja å få blemme etterkvart. Eg er ikkje vant med å rake med andre ord. Ungane var så kjekke igår. Dei er for det meste hund og katt, men igår leika dei så fint ilag og konflikthandtering var det mykje mindre av enn vanleg. Stjerne i margen!
Elles så er Espen ferdig med å male taket på soverommet til Malin og eg har malt lister og byrja på veggen. Det går framover, men alltid seinare enn først tenkt. Eg har tusen prosjekt og innser aldri at eg har tre ungar som treng tida mi. Lærer eg aldri? Eg trøyster meg med at lediggang er rota til alt vondt ;-)
3 kommentarer:
Haha du e søt ♥ og ungane like så! :) Du er no deg sjølv lik, ja, hihihi ;) spent på juice-prosjektet ditt! Glede meg til å klemma litt på Tøydokke Anna ein dag ♥♥
Ha ha, hun poserte så fint midt i løvrakinga der;)
Så flinke dere er!
Legg inn en kommentar