torsdag 19. april 2012

Nokre råd om jord, plen, drenering o.l

Dette er eit innlegg eg synest er ganske viktig, men veldig vanskeleg å skrive. Eg er ingen ekspert på dette området, men eg vil dele det eg har fått opplyst frå ein anleggsgartnar etter eit foredrag vårt lokale hagelag arrangerte igår.

Anleggsgartnaren kunne ikkje understreke godt nok kor viktig det var med luft i jorda og at det er veldig vanlig at jorda er for våt. Mykje stein i jorda er bra. Når ein skal anlegge plen eller bed er det viktig at det ikkje er for mykje myrjord nederst i jordlaget då det vert gjørmete. Har ein mykje myrjord må ein først drenere. Vidare må ein huske på at bunnjorda har større betydning enn toppen og det skal vere mest av den. Det fine jordlaget på toppen skal ikkje vere for tjukt, kanskje 10-15 cm då fin jord er lite drenerbart. Han la til at fin sand er fint å blande ilag med den fine jorda på toppen. Plantene trivs best i grov jord, men sjølvsagt er det ingen som vil ha eit steinete bed. Det er både stygt og upraktisk i forhold til luking. Bunnjorda må også slettast til slik at toppjorda får same form i følge anleggsgartnaren. Har du bygd nytt hus har du sannsynlegvis hage med pukk og stein i botn. Dette er ikkje drenering då det er tettpakka og gir ikkje luft, la han til.
Naturleg nok var vi som var tilstades interessert i å løyse problemområda i vår eigen hage. Bilete over viser den nederste delen av hagen vår. Den står urørt til no og planen har vore å leige jordfresar og anlegge plen. Diverre er ikkje kvaliteten på jorda den aller beste. Den er grunn og det viser seg også at den har lite drenering. Sannsynlegvis er det gravemaskina som har trakka ned det som var av drenering. Som dokke ser er området prega av tjukke grønne strå som ein ofte ser i myrer og fuktige stader.
Dette er starr. Det er ein grastype som veks i vassjuk jord. Det vil seie at jorda inneheld for mykje vatn og treng tilførsel av sand. For å hanskast med dette var det klare rådet at vi må sprøyte med Roundup og plenrens på kvar enkelt plante. Vi har ganske mange av dei så det vil ta si tid. Det skal sprøytast med begge midla på same tid. Plantene må hakkast opp i tillegg. Deretter bør vi bruke eit spett for å lage hol så djupt ein kan, ideelt 20 cm, og fylle i med finsand (finare enn sandkassesand) på det området som starren veks. Dersom ein har eit stort område som skal behandlast slik som vi har, må ein lage desse hola så tett ein kan, men det beste er hol med 20 cm mellomrom. Etter tilførsel av sand bør ein og spa om jorda og fylle i sand. Vi hadde tenkt å bruke jordfresar, men han anbefalte hakke eller ein minigravar. Når jorda er venda og tilført sand, legg ein på 10 cm finjord.
 
Det er mykje vatn i det området eg viste bilete av øverst. Vi har grøfta slik at det skulle renne unna, men no viser det seg at det ikkje renn lenger, men at vatnet og jorda er rustfarga. Dette betyr at jorda har inga drenering overhode og at i dette området er det ingen dyr og mikroorganismar som lever. Vi må grave opp, fylle i stein for deretter gjere same prosess som nevnt over. Vi har mykje arbeid i vente, vi må berre byrje i ein ende. Treningsstudio treng ein ikkje dersom ein skal gjere alt med handemakt, det er sikkert.

Vi er ikkje plaga med mose, men det er det mange som er. Sannsynlegvis slår du graset for kort. Når du klipp plenen bør den vere 5-6 cm etter at den er klipt. Dersom du brukar bioklipp, må du unngå dette når det er kaldt og vått. Å kalke er ei myte som ikkje er sann, det hjelp ikkje mot mose. Eit godt tips for å få ein fin plen er å gjødsle tre gongar i sesongen. Ein bør avslutte klippesesongen i tide. Stråa på graset skal spisse seg når du klipp. Eit godt tips som igjen skapar luft i plenen er å strø fin sand over plenen i juli og klippe med bioklipp. Dette gjer plenen veldig godt. Pass på at du ikkje har for langt gras når du klipp med bioklipp.

Dette var tipsa eg fekk igår og eg kjenner meg litt klokare. Kanskje du vert det og etter at du har lese dette?

3 kommentarer:

November- symra sa...

Nyttig info. Dattera mi skal igang med plen,jeg skal vise henne dette!

re:signert sa...

Liv i bedet! Så deilig, nyter selv en vårlig hage her i Rosendal. Skjønner ikke..har du heller ikk fått fugl i posten fra Rosendal/ Kay Bojesen? Du vant en tid tilbake. Send meg din adresse og en mail på signe@synligdeko.no.
Så sender jeg fuglene. PS. Vinnerne betaler porto. Ikke store beløpet :-) Kan bare settes inn på konto. Ok? Vinnerklem til deg! Signe

Kathrine sa...

Huff ja, jord er en helt egen vitenskap!!

Av alle ting har jeg 10 stp med jordbunnslære fra universitetet og masse fra vgs, men kan jeg bruke det? nja........

Lykke til med plenarbeidet!!