Det var morsdag her i huset også og Malin gleda seg slik til denne dagen. Ho hadde laga ein løyndom i barnehagen og eg fekk beskjed om at eg måtte halde meg unna sekken hennar til søndag. Ho bestilte kake og laurdagen bakte vi to kaker.
Den store overraskelsen var eit hjartekort som ho hadde laga. Kjempestolt og kry over produktet. Ho har skrive sjølv og limt på paljettar.Inni kortet var det ei teikning av meg og henne, samt hjarter og blomar som ho likar så godt å teikne. Ei flott gåve synest eg.
Emil hadde og utfolda seg og hadde limt nokre bitar med papp på eit rosa hjarte. Malin stussa på kvifor ikkje hjarte var dobbelt, men mor i huset var nøgd med gåva.
Leila Lindholm har ei flott bakebok som heiter "A piece of cake" og eg har brukt boka fleire gongar. New York Blueberry Cheesecake skulle ifølge ho vere ein av dei beste, men personleg synest eg den var alt for mektig og tørr. Stussa litt på korleis den kan vere tørr når det er ostekake, men eg skal iallefall ikkje lage den igjen.
Eit snitt av kaka viser at denne har ingen grunn til å vere tørr. No er eg ganske forkjøla så det kan no vere noko med mine smakslaukar og...
Vakre matbileter er ikkje så lett å få til når ungane har augene på kaka. Denne rullekaka kjem frå same bakebok og oppskrifta kan eg anbefale på det sterkaste. Det er brukt riven appelsinskal i sukkerbrødet og fyllet er krem og jordbærsylte. Veldig god og Emil åt heile tre stykker. Det må vere eit bra teikn.
2 kommentarer:
Så fine kort! :) Det er kjekt med morsdag.
Har den boken jeg også, masse som ser lekkert ut i den! Jeg har forsøkt meg på noen cupcakes. Synes kremtoppingen ble litt for mektig, nesten kvalmende. Men marengs cupcakes var kjempegodt.
Så kjekt å få slike gaver kan jeg tro! Selv feiret jeg min FØRSTE morsdag noengang og fikk gavekort på aromaterapi.....å gud som jeg gleder meg!!
Legg inn en kommentar