Sjølv om det framleis er jul og vinteren er lenge enno, kjem eg ikkje bort ifrå å tenke litt på hage. Eg er for tida sjuk og har god tid til å tenke på kjekke ting. Idag har eg byrja å tenke blått i hagen. Tanken er at eg skal ha ei sone med blått, ei sone med lilla og ei sone med rosa rundt huset. Noko raud/rosa må eg vel få til og. Dette skal ikkje gjennomførast på ein dag, men over tid. Eg må berre ha planane klare, iallefall ein ide om kva eg ønskjer. Eg har ein tendens til å skifte meining ganske ofte, men eg må vel lande til slutt?
Den første planta er kosakkveronika som eg allereie har. Det er alltid spennande å sjå om dei overlever desse plantene, men eg hadde denne planta før i år iallefall. Nydelig lysblå farge.
Blåklokker veks vilt, men eg vil gjerne ha dei i hagen og. Eg klarer ikkje å sjå kva som er blåklokke dersom eg berre ser blada, og blomar skal ein ikkje spa opp når dei blømer har eg høyrt, ja så då må eg vel kanskje så sjølv?
Forglemmegei planta eg og ein stad på tomta, men er litt usikker på om dei har overlevd. Fine er dei iallefall og er obligatorisk i gamle staudehagar.
Agapathus heiter denne, veit ikkje om det finnast noko norsk navn. Eg listar opp planter eg synest er fine og som er blå, men det er ikkje sikkert at eg får tak i dei eller har tenkt å kjøpe dei.
Clematis macropetala lagoon. Eg har tenkt å ha ein klematis på det blå området. Det er viktig at den ikkje vert lilla, men faktisk er blå.
Iris. Ein klassikar og ei vanleg staude. Fin er den og. Eg tenker at området skal ha ei blanding av lyseblått og mørkeblått og sannsynlegvis kvitt for å bryte opp alt det blå. Epletrea står i denne sona og blomane der er jo kvite.
Perleblomst. Bilete er tatt av meg då eg har denne i hagen. Dei fleste bileta i dette innlegget er tjuvlånt. Eg anar ikkje kor dei kjem ifrå, eg har berre googla.
Ridderspore. Dette bilete er også mitt. Eg vart freista til å dele og flytte riddersporen på seinsommaren, spent på om det kjem opp noko til våren. Dersom den ikkje lever, har eg lært at eg ikkje skal gjere det igjen. Eg har tatt frø av denne og skal plante nye til våren, men eg har lest at det er ikkje sikkert dei nye plantene får same farge som den planta som frøa kjem ifrå.
Alpeklematis Francis Rivis. Klematis kan vere så mykje meir enn mørklilla. Kjempefin!
Klematis Mrs Cholmondele. Dette må vere den finaste av dei tre blå klematisane eg har funne. Eg elskar lyseblått og denne var heilt nydeleg! Skal tru om den er slik som på bilete?
Blåveis. Ein skjønn, vakker liten blome.
Har du erfaring med blå stauder som ikkje bryt mot det lilla? Eller ein ide om ei staude eg ikkje har fått med på lista her? Eg vil iallefall høyre om det. Kanskje eg ikkje er aleine om å tenke hage 28.desember?
Oppdatering 31.12.2011:
Eg har fått så mange gode tips frå Ellen med bloggen
Roser og Patina at eg vel å oppdatere blogginnlegget. Denne lista med blå planter kjem eg til å ha nytte av fleire gongar og det er meir ryddig å ha ei fullstendig liste her enn å ha nedskrivne navn på masse små lappar som forsvinn i alt rotet. Eg håpar og at oversikta kan ha nytte for andre og eg har derfor laga meg ei oversikt heilt nederst på sida slik at det vert lettare å planlegge samplanting.
Blå valmuesøster.
Russeblåstjerne.
Italiaklokke.
Blå kuletistel.
Veronika.
Storkenebb. Denne i blått. Det latinske navnet finn du i lista under.
Liste over blå laukar og stauder som eg synest er fine
Navn Botanisk navn Blømetid Høgde
Kosakkveronika
Veronica gentianoides 'Variegata' juni-juli
40 cm
Blåklokke
Campanula rotundifolia
juni-aug
15-30 cm
Forglemmegei
Myosotis scorpioides
juni-aug
20-40 cm
Agapanthus
Agapanthus campanulatus
juli-aug
50-70 cm
Klematis
Clematis macropetala lagoon
mai-juni
5-6 m
Iris
Iris germanica
juni- juli
0,7- 1 m
Perleblomst
Muscari aucheri 'Blue Magic'
april-mai
15 cm
Ridderspore
Delphinium
juli-sep
1,5 m
Alpeklematis
Clematis Alpina Francis Rivis
mai-juni
2,5-3 m
Klematis
Clematis Mrs Cholmondele
juni- sep
2 m
Blåveis
Hepatica Nobilis
april-mai
10-20 cm
Valmuesøster
Meconopsis grandis
mai-juni
1 m
Russeblåstjerne
Scilla Sibirica
mars-april
10 cm
Italiaklokke
Campanula garganica
juni-juli
10 cm
Kuletistel
Echinops sphaerocephalus
juni
1-2 m
Veronika
Veronica austriaca
mai-aug
10-35 cm
Storkenebb
Geranium Mrs Kendall Clarke juni-juli
90 cm
Lista ser litt rotete ut når eg publiserer den, beklager det, eg får ikkje til å endre det.