søndag 9. oktober 2011

Magnettavle i ny drakt

Lenge hadde eg tenkt å male sjølv ei magnettavle med tavlemaling, men så såg eg at IKEA hadde ei i tre. Med litt maling så vart tavla slik eg hadde tenkt, og tavla var ferdig i sommar. Likevel har det tatt si tid før den kom på veggen.
På kjøkkenet ved spisebordet har eg hengt opp tavla som forhåpentlegvis skal gjere kvardagen litt meir oversiktleg. Eg synest det er greit å ha ein plan tilgjengeleg for alle (som kan lese) over kva vi skal ha til middag og kva som skjer på ettermiddagen/kvelden. På den måten håpar eg vi unngår at begge har planar på same kveld.
Eg har malt tavla i lyseblå. Den fargen går igjen her i huset. Same farge har krakken som eg brukar på kjøkkenet og sjenken i stova. Lyseblått vert eg aldri lei av. Over ser dokke kva eg skal ha til middag komande veke, men sjølve retten veit eg ikkje enno. Det tek litt mykje plass på tavla, men så er eg så heldig at tavla er magnetisk så då kan oppskriftene hengast opp.
Inni tavla kor regningane skal plasserast har eg limt på eit mønsterark. Papiret er skjørt så det tåler ikkje så mykje, men det er ikkje verre enn at eg bytter det ut om det vert øydelagd. Tavla frå IKEA ser eigentleg slik ut. Eg er ikkje så begeistra for denne trefargen. Det er med to krokar som skal henge under tavla, men dei droppa eg. Tavla kostar 149 kroner, så det er ikkje dyrt om du ønskjer ei slik tavle.

8 kommentarer:

Lina sa...

Supersøt vart ho! Mykje finare a la Torill enn med Ikeastyle! ♥ du e flink. Har noko lignande på ønskjelista sjølv, veldig greit med struktur og oversikt!

Anonym sa...

Kjempefin! du e flink, TOrill! Og det som meir imponerande e, e fisk 3 daga i veka! ej bøye mej i støvet!:) Helga

Lina sa...

På Noregs brannskule i Harstad ;) Dei ska eg, svigermor, Madicken? og fleire i familien eta! Og kanskje småfuglane, når eg får vektrelatert panikk! klem

LIVS LYST sa...

Så utrolig kuult!!
Jeg digger å HØRE om folk som gjør slikt. Og det var jammen en god idè også; å selge bakevarer en gang i måneden. Hun har ikke tilfeldigvis en blogg hun damen da? ;O)

Hadde vært gøy å se mer!

Liv

♥ Netta ♥ sa...

Så fin den tavla ble, kjempelurt å male den. Jeg har ønsket meg en slik tavle, men har dessverre ingen steder å henge den. Da må dessverre kjøleskapet fortsette å fungere som huskeliste :-(

Så koselig at du vil være med på min giveaway. Vi får håpe du har trukket et av vinnerloddene. Det er flere premier som skal trekkes så du har god sjanse til å få med deg noe ;-)

Klem
Netta

Marthe sa...

Hei Torill!

Så kjempekoselig med kommentar fra deg:) Og du, nå ble jeg overrasket! Har de så fine tavler på Ikea? Hm.. kjedelig at det er så langt dit, men da kan jeg drømme om fremtidige østlandsturer da turen må taes innom Ikea:)

Den ble hundre ganger finere etter at du hadde satt ditt personlige preg på den. Moro!

Nydelig helg til deg!

Lina sa...

Yes, enig! :) Og dette magnettavleinnlegget ditt minnar meg om kor mykje eg ønskjer meg noko til å skriva ned ting & tang på. Må gjerast noko med snart. Ønskjer deko ein flott sol-søndag! ♥

Lina sa...

Taaaakk, finaste du! :)