Eg har tatt ferie eit par dagar og har vore heilt for meg sjølv i nokre timar. Eg har verken tatt manikyr, ansiktsbehandling eller handla klede, men mala lister i stova/kjøkkenet. Då vi bygde huset skulle vi male listene i eigeninnsatsperioda, men grunna ein vinter utanom det vanlege fekk vi ikkje gjort det. Så er det noko med at lister ikkje er viktig å få malt med det første, og derfor vert nedprioritert.
Trelistene har vorte gulare og meir stygge etter mykje sollys, så det var på tide å få gjort det. Iallefall på stova kor vi oppheld oss. Heilt øverst i bilete ser dokke taklistene som framleis ikkje er mala.Eg har mala listene langs golvet og rundt dørene, samt rundt vindauga ved sida av verandadøra.
Det vert meir gjennomført når listene er kvite. Vindaugskarmane malte eg ifjor. Fargen på veggen vert og meir synleg. Kvitt er ikkje lenger kvitt, men lysgrå.
Eg er ganske fornøgd med resultatet og startar helga med godt samvit.
Her er eit bilete av kjøkkenet og plassen kor vi et som deler stova og kjøkkenet. Då vi flytta inn var ingen lister malt, gardinene mangla og sponplatene var godt synleg over kjøkkenbenken. Det viser at eg har no gjort litt sidan vi flytta inn...
3 kommentarer:
For en forskjell! Ble noe helt annet med hvite lister.
Løkplanting er vell noe jeg skulle ha gjort også. Hmm kanskje det blir i løpet av helgen dersom det blir oppholds en times tid.
Ha en fortsatt fin høst :)
Klem, Christel
Når jeg ser bilder av nytt hus, gleder jeg meg bare mer til vårt er ferdig! Alt går etter planen, og vi kan flytte inn rett før jul:)
Så fint det ble! Maling av lister er gørr, men det må til innimellom ;)
Legg inn en kommentar