søndag 5. juni 2011

Glade barneføter i graset

Idag har vi hatt ein lat søndag. Espen har bursdag og vi har ete kake, gele, sjokoladepudding, potetgull og drukke brus. Alt det gode ein har lov til å ete når ein fyller år altså. Det har vore eit deilig sommarvèr idag og vi har hatt nokre flotte timar i solskinet.
Malin kler fort av seg når det er varmt. Ho elskar å springe i graset og helst utan sko. Ho er så glad og lukkeleg som berre små born kan vere, og lev i nuet heile tida.
Heilt frå den dagen ho får joggesko om våren spring ho i graset. Ho har ei fast rute kor ho spring. Litt synging høyrer også med. Syngande born er lukkelege born var det nokon som sa til meg, og då er eg iallefall veldig heldig som har Malin.
Finaste jenta. Både rampete og snill kan ho vere, men ho er utan tvil aller mest snill og glad når ho får vere ute. Eg er også mest glad og snill når det er fint vèr, det er heilt sikkert!
Er det rart vi er glad i henne? Så skjønn og god lita prinsesse.
Emil likar å springe han og sjølvsagt, han skal alltid gjere det Malin gjer. Han har med å snuble når han spring og gir seg fort når det har vore nokre fall. Då likar han heller å verte trilla i trillebåra av mormor. Mormor og besten har vore på besøk denne langhelga og borna har leika frå morgon til kveld. Ei fin helg for oss alle.

Ønskjer alle ei fin ny veke. Håpar vi får litt sommar i år. Eg har kjøpt ny grill til Espen i anledning bursdagen hans, og eg kan ikkje vente med å prøve den.

5 kommentarer:

Lina sa...

Så herlig, sommarleg innlegg, Torill! :-) Vakre Malin. Håpar de får sjans å innvia grillen fort! :D Ha ei fin veka!

Lunalei ;-) sa...

Så herlig og sommerlig innlegg! Og så har den skjønne jenta di så fint et navn ... for det heter dattera mi også!!!
Tusen takk for kommentar hos meg -det var koselig!
Hilsen Hagealven

Anonym sa...

Så deilig at det endeleg vart ein fineveirsdag :o) Gollklompane og dei store fortjenar å få vere ute å nyte livet etter alt sureveiret me har hatt.
Håpar på fleire slike dagar - kose dokke masse.
Go klem frå Lenemora :o))

Ida sa...

Hei! :) Så fin blogg du har, følger deg jeg ;)

Lina sa...

Usj, svart pels hørtes ikkje så godt ut! Kanskje eg må tørka mine litt betre òg. Nokon av dei var litt fuktige kjente eg. Pakkar du dei inn i matpapir i boksen, eller? Eg legg dei rett i boksen.