lørdag 19. februar 2011

Det største er å gleda seg

På torsdag reiste vi avgårde til Drammen. Vi valgte å ta toget grunna vèrforholda over fjellovergangane. Malin har aldri tatt tog før og var veldig spent. Ho gleda seg veldig til å ta "Tøfferud" til tante og snakka om dette i dagesvis.
Malin skuar mot tunnellen. Kjem toget snart?
"No kjem det!... Nei NO kjem det... Åh!! Kor tid kjem Tøfferud??"
Malin er så spent og gleda er til å kjenne.
Det vart litt for mykje adrenalin og kjensler i forkant. Malin datt saman på toget og vart så trøytt når vi hadde etablert oss. Ho synest det var kjekt å ta tog, men gleda var nok størst før vi reiste.
Idag har vi vore ein tur opp i skogen ved Konnerud skistadion. Det er verdenscuprenn her og alle dei store stjernene er her for å kjenne på formen før VM som byrjar om ei veke. Det var -5 grader ute og fin snø. Vi pakka sekken med kakao og pølser og la i veg langs løypene for å finne ein fin plass. Vi gleda oss til å sjå Bjørgen, Johaug, Steira og Skofterud frese løypene, men det var eit par små som ikkje meinte det same. Malin grein og var kald, ville ha pølse, ville ha saft, ville ha sjokolade, ville ingenting. Emil grein og var trøytt, var kald og ville ha kos. Eg fekk med meg skidamene ei passering og så var det å pakke sekken og kome seg heim. Dette var ikkje livlaga for dei små.

Så no sitt vi her og ser på 15 km menn. På tv altså. Stadion ligg like ved så vi får på ein måte vere med på arrangementet likevel. Ungane kranglar om kost og brett, ja akkurat slik det skal vere når ungar har det bra. Imorgon skal vi på stadion og sjå sprint. Vi får håpe at det går bedre då, men om ikkje har eg alltids ei hue som viser at eg har vore tilskodar på verdenscuprennet på Konnerud.