torsdag 11. november 2010

Eit lite avbrekk frå ein travel kvardag

Det er sjeldan innlegg frå meg no for tida, men det er ikkje anna enn vente når ein har fulltidsjobb, to små born og husarbeid. Slik er det for dei fleste. Når kvelden kjem og eg sett meg ned, så er eg så trøytt at eg ikkje gjer anna enn og glor på tven. Det er ikkje så mykje å blogge om heller, men litt har no skjedd sidan sist.
Malin har fått dilla på å pynte seg. Leppestift og augeskugge er kjekt å låne frå mamma. Litt smykke og rouge gjer prikken over i'en. Ho er så herleg sjølv om eg ikkje fattar kvar ho har fått pyntelysta frå. Her er ho nyklipt og. Ho nektar å ha hestehale eller klemme i håret, men langt hår skal ho ha...
Mamma var på besøk i helga som var. Det var tre herlege dagar. Ho var i samband med at eg og Espen var på Mama Mia-musikalen. Eg må innrømme at eg ikkje hadde så store forventningar eller visste kva musikalen handla om (nei eg har ikkje sett filmen), men eg vart positivt overraska og synest det var ein fin kveld.
Utanom musikaloppleving byrja vi med julebaksten. Malin og Emil er sjølvsagt med og over hjelper Malin mormor med å trykke flat det som skal verte Regiastenger. Regiastenger er julekaker som eg er oppvaksen med og som smakar brownies i kjeksform. Googlar du desse kakene finn du oppskrifta.
Skjønnaste Emil, eg smeltar berre eg ser på han. Snart er han eitt år og utviklinga går i eit rasande tempo, men du verden så kjekt det er. Stadig like blid og sjarmerande sjølv om han framleis plagar foreldra om natta.
Noko av det mest fascinerande med dei minste er korleis dei studerer ting. Alt skal pirkast på med peikefingeren og takast inni munnen for smaking.
I tillegg til regiastenger laga vi vaniljehorn. Eg brukar ei vanleg bolleoppskrift som eg likar godt, rullar ut deigen til ein sirkel og skjer ut trekantar. Så tek vi ei teskei med vaniljekrem i midten før vi rullar trekantane slik at det vert horn. Veldig, veldig godt folkens og ypparleg til å fryse. Om du spør Malin så kan du godt la vere å steike horna, men berre ete horna à la sushi.
Vi var på ein pittelite loppemarknad i helga her på Valestrand. Malin fann denne veska som likegodt passar som hatt. Stakkars mamma, ho vert ikkje spurt om det er greit at eg publiserer bileter av henne. Mamma, du er så fiiin!!! :-)

5 kommentarer:

Anonym sa...

Ja ho er kjempefin!!! Og det er tydeleg at ungane (og du) storkosar seg når ho stullar og styrer hjå dokke.... Berre nyte det :o) Bestemødre veks ikkje på tre so ein må kose sej når ein har slike som stiller opp slik ho gjer :o)) Klem Lenemor.

Anonym sa...

Julebakst allereide;) du e i rute du Torill:)

Kjekt å sjå at dei vekse og trivast barna, alltid kjekt å lese blogg:)

Klem fra Siv

Marita sa...

Kjekt å sjå nytt frå Valestrand :) Det går fort nokre veker når det er kvardag med jobb å styr, men det er no det sjølvsagt stor forståelse for. Emil er berre SÅÅÅÅ nydelig og kvar alder har sin sjarm :) Alt berre bra her også-.

Fjordlykke sa...

Koselige bilder av dine skjønne små og engasjert bestemor! Det er godt å ha.

Ha en fin fin helg!
Klem fra andre siden av fjorden:)

MissMette sa...

Hei Torill
En stund siden jeg la igjen en kommentar inne her hos deg ♥ og du verden så mye dere har gjort og så koselig det har blitt :) Kjempeflott hus dere har fått. Nydelige bilder også av Malin og Emil ♥ Søskenkjærleik bildet var bare sååååå nydelig… og scrappealbumene dine er bare helt skjønne :) Ønsker deg en fin kveld videre og ukestart som kommer, klem fra Mette