onsdag 4. august 2010

Eg har rydda loftstova!

Det er ikkje slik at eg vaskar og ryddar huset så sjeldant at eg må blogge om det når eg først gjer det, men loftstova har eg ikkje rydda 100% før. Vi har budd i huset no i 5 månadar utan at eg heilt har klart å fått dette rommet ryddig. Det er så lett å plassere alt ein ikkje veit kor skal vere akkurat her. Til og med svigermor har gjort eit forsøk, men det er no ikkje så lett for henne og sette alt i system og på dei riktige plassane sjølvsagt. Så i forgårs gjorde eg loftstova fullstendig ryddig, utan å jukse! Alle små ting har fått sin plass. No samlar eg heimlause ting eg finn rundt om kring i ein pose og eg skal få alt på plass iløpet av veka. Eg er litt stolt av meg sjølv no, det må eg innrømme.
Loftstova er preglaus og tom, men det skal kome pynt og gardiner her. Det er likevel litt deilig å berre ha det slik akkurat no. Eg må nyte synet så lenge eg kan. Dokke kan forresten sjå tv-benken og hylla som eigentleg skulle vere på stova (sjå tidligare innlegg). Tv'en har vi overtatt av bestefaren til Espen. Den er ein tung klosse som vi ønskjer å bytte ut med noko meir smalt og moderne, men den får holde no så lenge. Bordet har vore Espen sin eigendom sidan 1994. Det var den tida alt skulle vere snirkla furu. No er furua tilbake, men vi ønskjer å male bordet slik at alle gamle pennestrekar og ringflekkar forsvinn.
Vi må nok krype til korset og skaffe oss perleport ved trappa. Emil eig ingen hemningar så det er best å vere på den sikre sida. Alt dokke ser av umalt furu skal malast neste vår.
Og her skal vi ha ein sovesofa. Denne svarte liksom-skinnstolen har eg aldri likt, men den vart kjøpt i ammetåka og av Espen si omsorg for meg fordi han meinte eg trengte ein ammestol. Stolen har vi aldri brukt, men den står no her så lenge.


No held hjerna mi på å kverne idear for korleis det skal vere her. Det er så kjekt å innrede!

1 kommentar:

Frøken Fosse sa...

Hei, Torill! De har salg på Living på sofaer, blant annet en fin sovesofa som er god å sitte i. Husker ikke hva den heter, men den er en 2-seter pluss utstikk. De har en lignende på Bonus også :-)

Ann-Christin