onsdag 16. desember 2009

Fargar er vanskeleg

Det er det store fargevalet som står for tur hjå oss. Eg hadde kjøpt ei prøveboks med Butinox sin farge Blitz, og konkluderte med at den var for kvit. På Jernia her på øya har dei malt ganske mange plater med fargar slik at ein kan sjå fargane meir realistisk enn på fargekartet. På den måten fekk eg faktisk moglegheit til å endre mine valg før eg hadde kjøpt nye prøver.
Eg har forsøkt å scanne fargeprøver og utklipp frå fargekart o.l. Veit ikkje heilt kor riktig fargane vert, men eg får iallefall vist noko av det eg tenkjer. Av og til hjelp det å diskutere fargar med andre. Så har nokon av dokke erfaring med fargane eg nevner, kom gjerne med innspel. Dei to fargane over er Sommersne og Hvit Pepper. Dei går mot grått og eg har kjøpt prøvemaling av begge. Dei er tenkt til stove/kjøkken, gang og loftstove. På sikt ønskjer eg å ha brystningspanel i gangen og male det i ein gråfarge som også trappa vil få ilag med den kvite fargen. Då er det greit at den kvite fargen går mot grått.
Soverommet til Malin tenker eg skal gå i blått. Butinox har to fargar som eg likar godt og som er illustrert på rommet som jenta sitt på. Den grønne fargen synest eg også er fin, og kanskje den kjem på noko møblar eller liknande.
Dei fargane eg har valt på soverommet til Malin har ein raud prikk ved sida av navnet om du ser. Blåfargane heiter Perle og Himmel, og den grønne heiter Kvikk.
Gustaviansk blå er ein klassisk farge innanfor det tradisjonelle og landlege. Eg har malt denne fargen før og er idag fargen som den yngste broren min har på rommet sitt. Eg synest den er veldig fin, men å ha heile rommet i denne fargen vert for mørkt. Espen har ytra ønskje om blått soverom og då tenker eg å ha ein lysare blå på tre veggar og ein vegg med mørkare blå.
Gustaviansk blå er veldig fin til kvit panel. blondegardiner og hekla sengeteppe. No skal ikkje vi male panelet før til våren 2011 for at treet skal få tørke først, men eg tenker at no har vi moglegheit til å prøve ut fargar og så kan vi ombestemme oss og male på nytt når vi likevel skal male panelet.
Ein annan vakker farge; Engfiol. Den er ikkje så dominerande som Gustaviansk blå. Vakre blåfargar mot det gråe. Likar duse blåfargar. Eg har forresten høyrt at det er lurt å finne gardinene først når ein skal velje farge til eit rom? Det er så mykje å ta omsyn til og tenkje på. Det er veldig kjekt, men det er så mykje samstundes akkurat no. Det fine er at vi kan male på nytt om ikkje vi er nøgde.

Ellers har eg ikkje så mange idear for det siste soverommet, men det skal ikkje vere blått dersom dei to andre romma er blåe. Grønt er jo fint, men å finne fine grøne fargar er ei utfordring. Likar raudt og kvitt også. Tida får vise kva det vert.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ja, eg skal ikkje komme med råd; dette syns eg eg vanskelig. Men eg syns generelt at grå fargar er fine! Sjøl trur eg at det blir veldig, veldig nøytralt hos oss, dvs. eggeskal. Mulig vi må leve litt med huset før eg finn ut av det.

Anonym sa...

http://lumerkoz.edu It is a very good thing, http://www.comicspace.com/amoxil/ infogabriel prog http://msdnbangladesh.net/members/Buy-Atarax/default.aspx pesic http://rc8forum.com/members/Buy-Protonix.aspx hospitable healed http://rc8forum.com/members/Buy-Atenolol.aspx unity http://www.lovespeaks.org/profiles/blogs/buy-norvasc paessun kiem