onsdag 1. april 2009

To nye sider til Malin sin album

Det er ikkje så ofte eg tek fram papir, bileter og scrappeutstyr. Det skal likevel gjerast og igår tok eg meg saman og laga to sider av det materialet eg hadde. Eg har ikkje så mykje utstyr og ikkje har eg god tilgang til scrappebutikkar, men det vart no greitt likevel.
Badeglede er kun pynta med papir i ulike fargar. Skrifta har eg klipt ut for hand og det tok lang tid å lage den. Eg hadde nokre blomar i grønt av papir kor ein av dei vart brukt her. Det er ikkje så viktig for meg å ha det så fancy og avansert, det viktigaste er at sidene lagar litt liv og at kvar enkelt side er unik. Valget av raudt og grønt papir har bakgrunn i at leikene i baljen er av desse fargane. Situasjonen på bileta er ganske unik også. Det er ikkje ofte Malin har likt å bade, men denne dagen var vi heldige som hadde kamera med.
Å bake pepperkaker synest Malin var kjempekjekt. Eg har valgt stripete ark fordi puta i stolen til Malin er stripete og ganske lik arket. Det prikkete arket skal gjenspegle nonstopen på pepperkakehuset. Eg er ikkje så nøgd med skrifta på biletet, men eg var så lei på slutten at det vart som det vart.

2 kommentarer:

Anka sa...

Hei. De ble jo kjempe flotte! Må si du er stødig på hånda som klippet ut de bokstavene:) Flink er du. God kveld.

Ingeborg sa...

Så flink du e:) Blir lite scrapping på meg om dagen...litt kort innimellom!!! Håpe alt e vel? Lenge si nå....tenke på deg av å t å lure på koss d går:) Ønske deg ein go kveld!