søndag 29. mars 2009

Eplekake

Eg fekk eit innfall igår at eg skulle bake eplekake. Kaka er lett å lage og i tillegg er den kjempegod. Oppskrifta vil eg dele med dokke som eg har fått av mamma. Eplekaka er saftig, smakfull og held seg lenge dersom du klarer å ikkje ete den opp med ein gong.
Kaka ser stor ut på fatet og ein trur den skal vare lenge, men eg skal seie kaka fekk bein å gå på.
Med ein gong kaka var ute av ovnen, reiste eg avgårde til butikken for å kjøpe is. Varm eplekake med is er berre så utruleg godt! Eg vert aldri lei eplekake.

Oppskrift:

200 gram smør og 200 gram sukker som rørast kvitt.

Tilsett 4 egg, eitt og eitt om gongen.

Sikt i 170 gram kveitemjøl og 1 ts bakepulver.

Ha røra i ei smurt kakeform.

Legg i eplebåtar som er skrella. Strø på kanel og sukker.

Steik kaka på 180 grader i 45 minutt (nest nederste rille).

4 kommentarer:

Eirin sa...

nammmm....

L|nda sa...

Hei du! Takk for sist! Det var vel ein gong i russetida...:)Denne eplekaka skal eg prøve! Ser kjempegod ut. Har sett at du av og til har vore innom bloggen til systra mi (tovehd.blogspot.com), så slik fann eg din blogg. Kjekt å sjå kva tidlegare klassekameratar styrer med! :)
Ser ut som du har funne deg godt til rette på Osterøy! Veldig fin øy. Laga nokre reportasjer frå øya då eg jobba i Bergens Tidende.
Må fortsette å oppdatere bloggen din. Skal følge med:)

- Linda Digernes.

Anka sa...

Ikke'no er som varm epplekake og vaniljeis... Sikkle, sikkle... Denne skal jeg prøve. Tusen takk;-D

Anonym sa...

Mmmmmm, ja den kaka e kjempegod!!! Men e du sikker på du har fått oppskrifta med ho mor? For den oppskrifta eg har (Johans eplekake) er identisk... du kan ha fått den med meg. Jaja, no e det iallefall ikkje lenge til me skal besøke dokke. Me talast! Klem Lenemora