torsdag 19. mars 2009

Ein kveld med pelargonium

Det er mange slags draumar ein kan ha. Ein liten draum som eg har hatt, er å vere medlem i eit hagelag. Tanken var at ein skulle veksle erfaringar og planter, og gi kvarandre idear og inspirasjon. Det er ikkje heilt slik her på Osterøy, men eg har no vorte medlem og tek del i dei månadlege møta som vekkjer interesse. Igår var eg på hagelagsmøte kor Pelargonium var tema. Utruleg mange flotte artar og variantar som vart vist i form av lysbilete.Over ser dokke Millfield Rose. Ei stjerne av ein blome. Liknar meir på rose enn på pelargonium, men eg kan forsikre dokke om det er pelargonium. Denne blomen vil eg gjerne ha i hagen min til neste år.
Dette er Dronning Ingrid. Den har eg i vindauget mitt og eg har planer om å lage stiklingar av den slik at eg får fleire. Stiklingar av pelargonium skal visst vere enkelt. Du sett stilken rett i jorda med litt vatn, og set den under lys. Ikkje sollys, men for eksempel under kjøkkenbenken. Ha ikkje plast over, då rotnar stilken. Stiklingane er best å sette om våren eller på seinsommaren.
Appleblossom rosebud er ein spennande variant. Veldig romantisk utsjånad og eg får ei sommarkjensle av å sjå på biletet av den. Pelargonium er ei utmerka sommarplante. Den treng sol, varme og litt vatn. Den skal ikkje overvatnast og vatninga skal skje under potta. Om vinteren skal den oppbevarast frostfritt i ca 10 grader. Eg har latt den stå i glaskarmen og det har gått heilt fint, men mulig at det ikkje er det optimale...
Dette er ein av dei eldste av pelargoniumane; Lord Bute. Slik vi fekk fortalt det skal dette vere den ultimate pelargoniumen. Utruleg annleis, vakker farge og sjølvsagt veldig fin.

Eg brukar dette innlegget litt som ei huskeliste for meg sjølv. Her på bloggen kan eg samle alle tips og råd, alle idear undervegs om hage og planter fram til eg startar på min eigen hage. Reknar med at det skjer neste år :-)

Kan ellers seie om planta at den skal gjødslas regelmessig, ikkje ha for store potter, og den skal pottast om kvar vår. Vil du at planta skal vere like liten som før, kan du berre skifte ut noko av jorda rundt røtene og sette den tilbake i same potte. Ønskjer du ei større plante, tilføyer du jord rundt røtene og set den i ei større potte. Pelargonium treng ikkje beskjæring, men du kan eventuelt gjere dette om hausten. Planta brukar vinteren til å lage knoppar og den blomstrar frå mars til oktober. Det er sikkert meir å seie om pelargoniumen, men då får ein heller kikke på ulike nettstadar om ein vil lære meir.

Ingen kommentarer: