søndag 2. november 2008

Vi har vore på reis i helga

Vi har vore i Volda i helga, men dessverre har fotoapparatet stått på i kofferten på vei opp og vi hadde ikkje med ladar. Eg har derfor ikkje fått tatt bilete av hendingar dei siste dagane. Eg hadde heldigvis med meg eit anna lite kamera som eg fekk tatt dette biletet. Malin likar å sitte på ting som kan forestillast som bil, i dette tilfellet reisesenga. I Volda var det kaldt og fint vèr, samt sol til og med laurdag. Idag derimot har vi køyrt nedover Vestlandet i regn. Eg gleder meg allereie til jul, då skal vi tilbake til Volda og alle dei fine snøkledde fjella.

5 kommentarer:

Tove sa...

Hi, hi! Hotellet er ope når som helst, så stikk gjerne innom ei natt!!! Rett nok om du tek til takke med sofaen.... Men då vert du vekt av deilige lukter frå kjøkkenet, og det er vel deilig! Ser du har vore på reise til Volda, er du derifrå, kanskje?

Astrid sa...

Eg skjønar at du har heimlengsel, eg er så heimekjær at eg vanskeleg kan førestille meg at eg kunne ha budd andre stader...
Samstudes er det mange fine stader rundtomkring, og det ser ut til at du har slått rot på ein slik stad? Med husbygging, mann og ei nydeleg lita jente har du det nok som "plommen i egget" :) Så kan de alltids ta turen heimom Volda på besøk, når lengten heim vert for stor!
Ynskjer deg ei fin komande veke :)

Nunne sa...

Kjekt å komme innom deg no, når du er heime igjen. Du har det fint her.... kommer nok igjen til deg!
Hilsen fra Nunne.

Fivrel sa...

Hei!
Så glad eg vart for den fine helsinga du hadde lagt att på bloggen min! Det ser jammen ut til at du er ein liten sjeleven - og eg vert like begeistra for kvar og ein av dei eg finn, for det er ikkje SÅ vanleg å vere SÅ oppteken av sau og ull og alt som der høyrer med.

Både språket og jenta kjem frå Setesdal :-) Og hunden er det kjærasten min som eig, men eg tykkjer no liksom eg har ein stor del av henne, eg au... ;-) Ho har i allefall ein stor del av meg! Ein flott hund, når ein bur på landet og kan gje han både fysisk og mental trening kvar dag. Er med på alt, og er sers lærenæm og ivrig på alt.

Åh, eg seier det berre: Du MÅ berre få deg ein fin liten saueflokk, og då MÅ du jo ha ein sauehund au. Du har ei lukkeleg framtid føre deg, eg kjenner det på meg ;-)

Nunne sa...

Takk for den koselig kommentaren hos meg! Snill du er! God!
Kan du hilse pappan din fra en anna Israelsvenn. Si at vi får møtes på Løvhyttefesten neste høst...
Det hadde vært no' det!
God kveld til deg! fra Nunne.