Pappa, Lene og Jonas kom på besøk til oss for tre veker sidan. Vi hadde ikkje sett kvarandre sidan mai, så det var på høg tid. Både Jonas og Malin hadde strekt seg. Jonas er 8 år og min minste veslebror. Han er svært stolt over Malin og hadde gleda seg veldig til å sjå henne att. Han er ein kjempeflink onkel og han leikte med henne, passa henne og gjorde alt for at ho skulle ha det bra. Den helga dei var her var det ting som gjorde at vi flytta laurdagkvelden ganske momentant etter at vi fekk klarsignal på at vi kunne flytte inn i den nye leiligheta. Då var det godt å ha Jonas som passa Malin mens vi voksne sprang ut og inn av huset.
Malin er ei kosejente og onkel Jonas er ikkje noko unntak på kven som får ein klem. Ho fekk straks tillit til han og synest at han var toppen.
Frå fredag til onsdag var mormor på besøk. Det var så godt å ha nokon der som kunne bringe og hente Malin i barnehagen, vaske opp, rydde huset og leike med Malin. Her tullar mormor med å legge eit lokk på hovudet. Og Malin ler...
To gode vener.
Malin har fått stor sans for nokre av bamsane sine. Når ho ser hunden og pusen sin, ler ho og vert så glad. At pappa tullar og legg hunden på hovudet, er ustyrteleg gøy synest ho. Små born er enkle å underhalde...
1 kommentar:
Kjekt å sjå bilde, ho virka no so gode.. Blir kjekt å sjå dokke igjen snart. Gratulere so mykje med tomta, med slikt resultat e de verdt ventetida :) sjølv om enn helst skulle ha flytta inn i går. Stor klem
Legg inn en kommentar