Resultatet vart mjuke og gode vottar som varmar i vinterkulda.
mandag 12. november 2007
Betre seint enn aldri
For snart to år tilbake strikka eg denne veska som dokke ser her. Veska er frå Gerd Fjellanger si bok "Strikk og Tov" og er strikka i Pt2-garn og Rauma Finull.
Så ville eg ha vottar i same ull og fargar og byrja å strikke vottane like etter at veska var ferdig. Oppskrifta er frå ei vottebok eg ikkje huskar navnet på og eg har brukt pinne nr 5. Eg vart nesten ferdig, berre tommelane igjen, og så la eg vekk vottane fordi eg var dritlei. No har eg tatt fram vottane igjen og fullført strikket. Og resultat før toving var slik:
Resultatet vart mjuke og gode vottar som varmar i vinterkulda.
Resultatet vart mjuke og gode vottar som varmar i vinterkulda.
lørdag 10. november 2007
Søknaden er sendt!
Som eg sikkert har sagt tidlegare, vi drøymer om å bygge hus på Valestrand kor Espen kjem frå. Bestefaren til Espen har gjeve oss moglegheit til å byggje på garden hans, men området vi ønskjer å byggje i er regulert til LNF-område. LNF står for Landbruk, Natur og Friluft. Vi må derfor sende ein søknad om dispensasjon til frådeling av tomt til kommunen. Denne søknaden har tatt tid, både fordi vi sjølve er treige av oss og fordi det er så mykje papir som må fyllast ut. Vi har ikkje tilgang til offentleg vatn og kloakk og har derfor nokre ekstra papir å fylle ut. Men idag sendte vi søknaden og eg vil markere det med å vise dokke huset vi ønskjer å bygge:
onsdag 31. oktober 2007
Skjerf i Eskimo
Endeleg er eg ferdig med noko. Det går seint med meg for tida. Dette er eit skjerf strikka i Eskimo-garn. Fargen på skjerfet er ikkje heilt identisk med den verkelege fargen grunna dårleg lys. Oppskrifta er frå Drops-heftet nr 98, oppskrift nr 28. Eg har brukt 3 nøster sjølv om det i oppskrifta står 4. Kor langt skjerf ein ønskjer er jo ein smaksak, men fornøgd er eg iallefall. Håpar eg fortsetter å vere litt produktiv framover og kan avslutte nokon av prosjekta eg har byrja på.
onsdag 24. oktober 2007
Malin fyller 2 månader
Imorgon fyller Malin to månader. Dagen feirar vi med eit bilde av ei blid og smilande jente.

"Smil og vær glad for hver dag som går, så får du se hvor mange venner du får. Selv om du glemmer at en og en er to, så må du aldri glemme å være snill og god".
"Smil og vær glad for hver dag som går, så får du se hvor mange venner du får. Selv om du glemmer at en og en er to, så må du aldri glemme å være snill og god".
Eg har så flotte venner
Gåvene til Malin kjem framleis i postkassa. Denne gongen er det mi tidlegare klassevenninne Nina som har hekla. Biletet er tatt i hurten og sturten med lite lys. Håper dokke ser kva det er likevel. Tusen takk for den flotte gåva Nina.

lørdag 29. september 2007
Kvinna sin stad er ved kjøkkenbenken
Nei eg har ikkje vendt tilbake til 1950-talet. Kvinna det er meg. Her i huset er vi svært tradisjonelle når det gjeld ansvarsfordeling og matlaging. Det er eg som lagar 100% av maten i huset, og den avtalen inngjekk vi når vi flytta saman for over 4 år sidan. Espen kan rett og slett ikkje lage mat, han interesserar seg heller ikkje. Og eg er motsatt. Det er mange eg har måtta forsvart ansvarsfordelinga overfor, men eg og Espen er nøgde med slik vi har det og det er vel det viktigaste, eller kva? Sjølv om vi lever i 2007, treng vi vel ikkje ha lik ansvarsfordeling på alle oppgåver.
Idag har eg stått ved kjøkkenbenken i fleire timar. Resultatet er pizza, kake og oppvask. Diverre fekk eg ikkje til å laste opp bilete av pizzaen, men til opplysning så var det mexicansk pizza. Eg personleg er ikkje så glad i pizza, men eg lagar det likevel fordi Espen blir så glad. "Den største gleda ein kan ha, er å gjere andre glad"...
mandag 24. september 2007
Heimestrikka kjole og sokkar til Malin
Ei venninne av meg, Marianne, har vore så snill å strikka ein søt, liten kjole samt sokkar til Malin. Slike gåver sett eg stor pris på. Tusen takk Marianne!
søndag 23. september 2007
Den første julegåva er ferdig.
I år trur eg at eg satsar på å gi tjukkelestar til jul. Det er enkelt, går fort og alle har bruk for det. Desse sokkane er strikka i str 3 år i babyull.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
