fredag 16. august 2013

Kveldstur på Erstadfjellet

Ein kveldstur på ein time vart til to då vi tok turen til Erstadfjellet tysdag. Umerka sti er så utruleg frustrerande når ein aldri har vore på toppen før. Heldigvis fekk vi litt råd og rettleiing på telefon. Terrenget var lett å gå i og utsikta var upåklageleg. Fjellet er 466 m.o.h.
Kveldssol mot Lindås.
Utsikt mot Arna.
Utsikt mot nord på Osterøy. Så vakre skyer og stemningsfullt ljos. Vi plukka bær og lyng og kom oss heim akkurat før det vart mørkt.

tirsdag 13. august 2013

Burkelandsfjellet

Onsdag for ei lita veke sida var eg og Malin ein liten formiddagstur på fjellet bak huset. Det er vel den beste forklaringa på kor Burkelandsfjellet ligg har eg funne ut. Fjellet er ikkje stort, 365 m.o.h, men slik er fjella her i området. Det hindrar ikkje oss å få trent og ikkje minst oppnå utsikt på toppen.
Malin måtte så veldig tisse på veg opp, men ho hadde ikkje tid å gjere noko med det før ho sikra seg at boka var i postkassa.
Vi hadde nydeleg vèr den dagen med blå himmel, sol og varmt. Frå fjellet kan vi sjå Valestrand, Ole Bull-ferga og Breistein/Åsane.
Andre sida ser vi Ostereidet trur eg. Mot Nordhordaland iallefall. Og mykje skog. Det veks tettare for kvart år. 5
På veg ned att såg vi huset vårt. Malin var svært fascinert over at vegen såg flat ut frå høgda. Ein fin liten tur på 2,5 time når ein går ilag med 5-6 åringar.

torsdag 8. august 2013

Gamle Vossebanen

I juni ein gong, i siste halvdelen av den månaden som var før den forrige, ja då tok vi togturen mellom Garnes og Midttun (Bergensområde). Emil hadde gleda seg i eit halvt år til denne turen og det var utan tvil ein stor suksess. Veterantoget er hundre år gammalt og er dreve av ein ivrig gjeng med togentusiastar. Store versjonar av vår Emil vil eg tru. Emil elskar tog og ser You Tube-klipp av tog nesten kvar dag og er overbegeistra for togskinner langs vegen når vi køyrer. Og Brio-skinner har han sjølvsagt... Sidan dette allereie er lenge sidan så er det kanskje rart å blogge om dette no, men når sommaren er så travel som den aldri har vore før så er det vel betre seint enn aldri? Gode opplevingar skal delast meiner eg.
Garnes stasjon er pussa opp og ser fantastisk ut. Nostalgi på sitt beste. Eg er ein nostalgikar på mange område og likar at gamle hus vert tatt vare på.
Emil er forventningsfull. Togvognene er laga i teak og er visst dei einaste av sitt slag her i Noreg iallefall.
Ingen tvil om at dette er historie vi må ta vare på. Så flotte tog har vi ikkje idag, det er sikkert.
Emil såg ut av vindauget heile vegen og følgte med toget i svingane. Han såg røyken på himmelen og tuta ilag med toget når den ga frå seg ljod. Aldri har eg sett Emil så konsentrert og stille så lenge om gongen. Dette er kva eg kallar magisk.
Heile familien på tur, men dette var utvilsamt Emil sin dag. Turen var verdt kvar ei krone.
På Midttun stoppar bana. Opprinneleg gjekk den heilt til Bergen stasjon. Her måtte toget snu og passasjerane fekk gå ut og sjå på seansen. Blikket til Emil vikte ikkje eit sekund frå toget.
Etter ein saktegåandes tur som tok 2.5 time var Malin lei, men Emil ville ikkje heim og beundra arbeidet til dei frivillege som driv denne bana. Og Garnes stasjon hadde is også, kan lukka vere meir fullkomen?
Det var ein sliten gut som gjekk heim. Så mange inntrykk, men han var ikkje meir trøytt enn at han vil køyre tog ein gong til.

onsdag 24. juli 2013

Ferietid og late dagar

Høyres ikkje overskrifta flott ut? Sjå for dokke meg i ei solseng med ei god bok, heimelaga lemonade i glaset og dei nyaste solbrillene på nasa medan sola steikar ein veltrent og brun kropp. Helst under ei palme og ei sandstrand i front. Dokke har vel avslørt meg for lengst. Ingenting av dette stemmer. Det er altså ferietid og tid for avkobling. Samstundes er barnehagen stengd og tre små born krever sitt. Bloggen har hatt ferie, heldig er den. Eg har mi siste ferieveke no før eg er tilbake i jobb etter 21(!) månadar med sjukemelding, permisjon og ferie. Frå neste veke har eg tid til meg sjølv ein halvtime midt på dagen, fem dagar i veka! 
Vi har eit heilt fantastisk vèr for tida med over 30 grader i lufta kvar dag. Sola steiker terrassen og hagen varm. Sveitten siler og eg prøvar å halde nyttårsløftet mitt ved å drikke meir vatn. Malin vil helst sjå Scooby doo på tv. Å vere opptatt av vèret kjem visst med alderen. Ungane får bade, ete is, grille og kose seg. Litt reising og samvèr med mormor har vi hatt, men mest har vi vore heime. Svigermor har malt hus og far i huset har jobba. Dansen går frå morgon til kveld, det same gjer vaskemaskina. Eg kunne sagt så mykje, vist dei fleire hundre bileta eg knipsar i tide og utide, men det er visst leggetid for meg. Å sette seg ned er eit privilegium.

Ein ting har eg gjort som eg ikkje har fått gjort på lenge. Eg har lest interiørblad og faktisk lest dei ferdig. Ord som "elskar, forelska, glad i, hjertebank, sansen for" går igjen. Opptil fleire gongar på ei side. Slike journalistar skulle vore hjå meg og laga ei reportasje. Eg hadde trengt litt familieidyll innimellom kloring, sparking og hyling. "Torill elskar borna sine og er stupforelska i sambuaren sin gjennom ti fantastiske år. Torill får hjartebank av alle dei vakre rosene i hagen og ho elskar å sitte på kvelden med ein tekopp og ei god bok medan rosene duftar rundt henne. Torill har sansen for ting som fortel ei historie og ho omgir seg med vakre gjenstandar frå reiser, arvegods og loppemarknadar. Ho kjøper ikkje kva som helst, men ventar heller til ho finn det rette. Borna har fått den same interessa og hjelp mor å rydde huset og gjere det koseleg før familien inntar middag på kvelden som alle er med å hjelpe til med å lage..." Så velkommen skal de vere journalistar.

God sommar vidare og god natt.

mandag 8. juli 2013

Eit lite møte med stranda

Igår var det ein heilt fantastisk dag. Vi har ofte fint vèr, men vi skal alltid gjere noko fornuftig då som til dømes maling av hus, hagearbeid eller liknande. Igår tok vi derimot heilt fri. Espen fekk seg nokre timar på sykkelen medan vi andre tok turen til Os på besøk hjå ei venninne. Heime fekk ungane leike i hagen før vi alle fem tok turen til den lokale badeplassen. Hjellvik har ei fantastisk flott strand og er tilrettelagt for familier. Sist vi var der var for fire år sidan, det seier vel sitt. 
Det er så idyllisk og vakkert på Hjellvik. 
Ungane var i ekstase. Sand, vatn og skjell. Perfekt! Og det kostar ingenting, det er det beste med det  heile. Idag snakka Emil varmt om turen vår igår. Vi var der ikkje så lenge og ikkje bada vi, men dette var ei oppleving likevel. Ungane var glade og då er foreldra glade. 
Anna var ikkje begeistra for dette sjøvatnet. Som dokke kan sjå så vippar tærne, tene eller kva heiter det eigentleg? Ordet tå er vanskeleg å bøye. No er eg på viddene igjen... Ho bøyde føtene oppover, dette var plagsomt synest ho.
 
Fine tottelottar. Deilige og mjuke, men likar altså ikkje sjøvatn :-)

Dagen avslutta vi med grilling så terningkast seks for denne dagen.

søndag 7. juli 2013

Bløming både inne og ute

Det dukkar stadig opp noko nytt og forunderleg i hagen. Kanskje noko eg ikkje visste at eg hadde eller kanskje vart blomane heilt annleis enn eg først hadde trudd eller vart forespeila.
Øverst til venstre ser dokke peonvalmuen som skulle vere kvit. Den første blomen var aubergine og denne er no oransje. Øverst til høgre er sommarastersen som eg sådde i vinter. Ikkje slik som eg trudde. Den skulle vere større og meir lilla, men dette er bra det og. For all del... Meir storkenebb har sprunge ut, aurikkelen som har gjenbløma står å viser seg frå si beste side og tvetann har byrja å springe ut. Jippi!
Peppermyntebuska har vakre, kvite blomar og eg har telt omlag ti roseknoppar som nesten er sprunge ut. Og mange, mange fleire kjem! Eg er i ekstase, no er rosesesongen i gang! Eit lite bilete frå det lilla bedet. Ein oransje prikk merkar seg ut. Det er den "kvite" peonvalmuen. 
Og inne blømer vakre, nydelege peonar. Eg har mange peonar i hagen, men det tek fleire år før dei blømer. Då er det godt vi har butikken! Og desse kostar 49 kr på Coop, då er det berre til å slå til. Duftar nydeleg og gjer meg så glad!

fredag 5. juli 2013

Hage i regn

Det er ikkje mykje hageliv for tida. Det er ustabilt vèr og dersom det er fint så malar eg. Blomane kjem ikkje til sin rett heller med tunge dråpar på kronblada. Eg håpar det tørkar opp snart så desse blomane kan nyte livet før dei visnar...
Med lita tid og underskot på søvn orkar eg ikkje dille og dalle med bileta. Montasje likar eg, då kjem bileta av blomane godt fram. Dei to øverste bileta er tatt 27.juni. Det er lenge sidan eg har blogga om hage no så det har samla seg litt opp. Diverre får eg ikkje bluetoothen til å fungere slik at eg får overført  bileter frå mobil til pc. Der har eg eit flott bilete av ein peonvalmue som sto i bløming ganske så kort. Den skulle vere kvit, men var mørk lilla. No kjem det ein ny knopp og det latar til at den er rosa. Den lev sitt eget liv den planta tydelegvis. Over ser dokke phlox, to ulike nellikar, akeleie og ein eg ikkje kjem navnet på (nederst til høgre).
Spirea står i bløming no. Nydeleg busk som blømer kraftig i år. Den står i skråning mot vegen og skråninga er delvis ny. Håpar at det tørkar opp så eg får vist dokke kor fint det har vorte. Ei gul daglilje har snikt seg inn i hagen. Heilt sikkert frå ein avleggar eg har fått. Eg har ikkje sett den før, men fin er den. Og eg har fått mange jordbærplanter i hagen som eg heller ikkje veit kor kjem ifrå. Alle fine blomar som ikkje heiter lupine er hjarteleg velkommen til meg. Elles veks den lyserosa storkenebben noko voldsomt, den må eg få delt når den har bløma ferdig. Eg er så trøytt i hovudet no at eg kjem ikkje på kva den blomen under spireaen heiter heller. Eg søv så lite om nettene at research er ikkje mi greie idag.
Aurikkel er på veg tilbake. Visste ikkje at den kom att, men det er berre positivt. Storkenebben eg kjøpte for ei lita stund sida har kome med sin første blome, peppermyntebuska blømer og dei blå blomane nederst til venstre har eg sådd sjølv. Tenk at noko lite som eit frø vert til slike fine blomar. Det er så kjekt å holde på med slike ting når ein får det til. Blomen heiter Murreva trur eg.
Sjå kva som kjem! Høgdepunktet i året er når rosene blømer. Og det er masse knoppar på alle rosene så eg gler meg! No må vi krysse fingrane for sol og tørrskodde dagar!

torsdag 4. juli 2013

Gluten- og melkefrie muffins med løyndomar i

Imorgon er det siste dag for Malin i barnehagen. Til hausten er det skulestart for storejenta vår og i høve avslutning i barnehagen ville ho ta med seg noko. Dei andre borna har tatt med seg is den dagen dei slutta, men sidan det var siste dag før ferie fekk vi lov å ta med kake. Det er mange det skal takast omsyn til. Eg har baka ei sjokoladekake utan melk og eg har laga ordinære muffins med heimelaga eplesylte i. Til slutt laga eg gluten- og melkefrie muffin. Då får alle smake kake imorgon og alle er glade og nøgde (håpar eg).
Eg laga ein liten porsjon muffins då det er berre ein som skal ha desse. Oppskrifta rekk til seks stykke.

1 eple i små bitar
35 gram brunt sukker
1 ts sitronsaft
Dryss av vaniljepulver og kanel

Dette lot eg småkoke til det vart mørt. Same sylta laga eg i dei ordinære muffinsane. Då dobla eg oppskrifta.

2 egg
1 dl sukker
0,5 ts vaniljepulver
0,5 ts bakepulver
0,5 dl kokosmjøl
1 dl ferskpressa appelsin

Pisk egg og sukker godt. Tilsett vaniljepulver og bakepulver. Sikt i kokosmjøl før du til slutt heller i appelsinsafta. Fyll muffinsformene med omlag 3 ss røre og 1 toppa ts eplesylte på toppen. Steik midt i ovnen på 175 grader i 18 minutt.