tirsdag 9. august 2011

Hausting av frø

Mange planter sett frø utover seinsommaren og hausten. Frøa vert mørkare i fargen og tørrare. Eg har ikkje så mange planter enno då eg framleis er på spebornstadiet i hageverda, men eg har nokre som eg kan få fleire av.
Her har eg klipt ned visne riddersporar. Dei som eg har i hagen no er blå, men etterkomarar av heimeproduserte frø kan vere i andre fargar. Så det vert spennande.
Så tek eg ut frø frå belgen som krev litt tolmod. Ikkje alle er slik. Eg har til dømes blå akeleie kor frøstanden tørkar inni belgen. Dei dryss ut lettare enn desse.
Legg frøa på avispapir å la dei ettertørke eit par dagar.
Når frøa kjennes lette og tørre kan du pakke dei inn i kaffifilter og legge dei i ei boks. Ha boksa i kjøleskapet slik at frøa får det mørkt og kjøleg fram til våren.

Har du frø frå hagen som du har sådd? Eg vil gjerne høyre erfaring frå dette.

søndag 7. august 2011

Sommaren som aldri kom

Vi skriv 7.august idag og store delar av sommaren har passert. Vi har framleis ein god månad før hausten kjem for alvor, men dei lange dagane har vorte kortare og om morgonane kjenner vi lukta av haust. Det var så mykje vi skulle gjere ute i år. Vi hadde store planar for sommaren med garasjebygging, opparbeiding av plen og blomsterbed og maling av hus. Kva skjedde?
Materialet til garasja står enno under presenning og plast. Det har gått snart tre månadar sidan vi søkte om løyve, men kommunen let saka vente på seg. Noko av tida skuldast ferie, men sanninga ligg vel i at det ikkje føreligg saksbehandlingstid grunna byggjing i LNF-område, og kvifor forhaste seg då? Kommunen merkar nok ikkje presset som ligg på oss i forhold til tid før vinter, materiale som vert dårleg og så vidare..
Her skal garasja stå. På grunnen vi ikkje eig (sjå innlegg 19.mai). Eg har rydda siste rest av boss etter husbygginga idag og sortert ut trykkimpregnert plank. Betre seint enn aldri...
Skal dette vere sommar? Har du sett noko så deprimerande? Utemøblane vi hadde har vorte gamle og øydelagde og vi lev på det vi har, men kva er vitsen med kjøpe nye? To siste sommarane har ikkje vore varme og tørre, og det viser igjen i blomekrukkene. Hadde blomar her, men dei har rotna på rot medan eg var på ferie. Terrassa skal vi olje, men det vert aldri tørt lenge nok. Huset manglar andre malingsstrøk, men det må igjen verte sol og tørke.
Dette inngangspartiet må vel vere kandidat for det flottaste inngangspartiet i Noreg. Material under presenning, taksteinar, blomar som kvelast av regn og lagring av verktøy som manglar garasje/bod. Den kvite benken eg kjøpte i vår mister heilt sin sjarme opp i alt rotet.

Eit skikkeleg syteinnlegg dette her, men det må no vere lov av og til. Eg har allereie byrja å førebu meg til neste års hagesesong, for eg kan vel ikkje gi opp?

lørdag 6. august 2011

Ivrig på matlaging

Det har vore ein produktiv dag på kjøkkenet. Svigermor er på besøk og har vaska og rydda nesten heile huset slik at eg har fått tid å gjere det eg likar mest; lage mat. Eg hadde ikkje planar om å lage noko som helst, men timane gjekk og plutselig vart det ein del likevel.
Knekkebrød er kjempelett å lage og krev ikkje lang tid. Dei er ikkje tilsatt kveitemjøl og er full i grovt mjøl, nøtter og frø. Dei smakar og mettar veldig godt. Oppskrifta finn du her. Bilete viser kun litt av det som vart laga, du får ganske mange når du brukar denne oppskrifta.
Vi venta besøk og eg tenkte at sveler er fin kaffimat. Eg som er sunnmøring sett veldig pris på sveler og no når eg har fått meg steiketakke så er det ei god anledning til å lage litt. Ungane elskar det, ja vi voksne og, og røra heldt til kaffimat i to dagar. Liknande oppskrift på sveler finn du her.
Så fekk eg laga brød. Eg følg inga oppskrift, men eg brukar ein kartong kefir, litt vatn og olje som tilsammen utgjer 1 liter. Eg blandar i ferskgjær når væska er temperert, hell i 1 liter grovmjøl, kli, gryn og frø (tek det eg har), og 1 liter kveitemjøl tilslutt. Deiga treng gjerne litt meir kveitemjøl etterkvart som den vert elta. Brøda steikast på vanleg måte. Kjempegodt og det luktar fantastisk i huset.
Heimelaga lasagne et ungane av masse og Espen er også veldig glad i det. Ein stor porsjon vart laga slik at vi har litt til i morgon og. Eg er veldig nøgd med dagens produksjon og ikkje minst at huset er reint og ryddig. Ungane har ikkje heile tida vore like nøgd med at eg står ved kjøkkenbenken time etter time så imorgon har kjøkkenet begrensa opningstid.

Ha ein fin laurdagskveld og vidare god helg.

fredag 5. august 2011

Kaninvottar til små jentehender

Hausten bankar snart på døra og borna treng nye vottar til kalde dagar. Eg har strikka vottar til Emil før i år og no var det Malin sin tur. På kveldane i Danmark kor vèret ikkje var på sitt beste og i bilen på veg heim fekk eg produsert eit par som Malin allereie har godkjent.
Søte kaniner med hjarte, det må vel passe ei lita jente på snart 4 år. Oppskrifta kjem frå Pt design sitt hefte nr 89.

torsdag 4. august 2011

Rabarbradessert med kanel

Matauk har stått i sentrum idag med produksjon av solbærsaft, baking av brød, plukking av bringebær, klippfisk til middag og rabarbradessert med kanel. Eg har som sagt mamma på besøk og det er siste dag heime før eg skal på jobb imorgon, så då er det mykje som må utrettast.
Deilig kompott laga av rabarbra frå Lina sin hage. Dersom du beskjærer rabarbraen før midten av juni, kan du hauste meir på seinsommaren. Smart ikkje sant?
Emil og Malin likte det godt. Kompott med melk og sukker vart tatt imot med glede. Kan og nevne at solbærsafta, middagen, brøda og bringebæra falt i god jord blant dei små. Ein skikkeleg husmordag idag altså.

C-vitaminbombe på flaske

Eg var så heldig å få plukke solbær hjå Lina som har ein eldre og meir etablert hage enn meg. Buskene hennar bugna av bær og på ein halvtime hadde vi plukka mange liter. Mamma er på besøk og har hjulpe meg å plukke og lage saft. Det er så mykje lettare når ein er to og ein får gjort utruleg mykje på kort tid.
Omlag 7 liter solbærsaft er produsert og satt i kjøleskapet. Solbær er svært rik på c-vitaminar og gjer godt når ein er forkjøla. Eg har ein tanke om at ungane får litt solbærsaft utover hausten for å unngå at dei vert sjuke. Må gjere det eg kan iallefall. Huset har lukta nostalgi i heile dag og eg tenker på mormor som var veldig flink til å safte og sylte rips, solbær og rabarbara.

tirsdag 2. august 2011

Eg hev ei rosa sprunge

Igår kveld skreiv eg på bloggen at det var kome knoppar på klatrerosa mi, og i morgontimane idag var rosa fullt utsprunge. Heilt utruleg kor fort det gjekk! Skal tru om den visnar like fort? Eg må nyte augneblinken og har vore ute i hagen nokre timar idag. Litt luking, vatning og gjødsling gjer samvitet godt.
New Dawn heiter denne og er i ein vakker lysrosa farge. Den er kjent for å dufte godt, men mi rose duftar ingenting. Litt snytt for dufta, men den er så vakker at det gjer ingenting.
Klematisen på nært hald som klatrar om kapp med rosa. Maria Cornelia heiter den og blømer heilt utruleg. Slikt gjer meg så glad når det ellers ser stusseleg ut i hagen vår.

mandag 1. august 2011

Heim frå ferie og tilbake til ein forsømt hage

Vi kom tilbake frå Danmark ved midnatt igår og har brukt dagen idag til å vaske klede, bade i bassenget, luke og klippe plen. Dagen har vore varm og fin og ungane har fått leikt med leikene sine og sett barne-tv igjen. Imorgon byrjar Emil i ny barnehage og Malin skal byrje i avdeling for store born.
Slik såg det ut då vi sto opp idag. Høgt gras overalt. Eg hadde luka alle bed før vi reiste, men eg måtte ta meg ei runde idag. Hagen har ikkje vorte slik som vi tenkte med gras som ikkje gror skikkeleg, busker som har vorte tatt av frosten og planter som mistrivs. Ripsbuskene mine er eit trist syn med gule blad sjølv om eg har gjødsla to gongar, og somme busker får ikkje blomar og veks dårleg. Eg gjødslar og vatnar, let dei få sole seg og fyller på med jord, men det hjelp visst ikkje.
Ei plante som trivast og som sto i blomst idag er klematisen eg kjøpte i vår. Den er har vorte høg og full i vakre, kvite blomar. Innimellom kjem det mange knoppar frå klatrerosa New Dawn og nokre har allereie visna. Det var eit kjekt syn og ga meg litt optimisme og håp.

Eg er takksam om nokon kan gi meg nokre gode råd mot planter som veks dårleg, får lite blomar og er gule/visne i blada. Kor ofte skal det gjødslast og kva anna gjer plantene godt? Det hjelp ikkje å snakke til dei, det har eg prøvd. Slik som med ungane så høyrer dei ikkje etter...