"Smil og vær glad for hver dag som går, så får du se hvor mange venner du får. Selv om du glemmer at en og en er to, så må du aldri glemme å være snill og god".
onsdag 24. oktober 2007
Malin fyller 2 månader
Imorgon fyller Malin to månader. Dagen feirar vi med eit bilde av ei blid og smilande jente.

"Smil og vær glad for hver dag som går, så får du se hvor mange venner du får. Selv om du glemmer at en og en er to, så må du aldri glemme å være snill og god".
"Smil og vær glad for hver dag som går, så får du se hvor mange venner du får. Selv om du glemmer at en og en er to, så må du aldri glemme å være snill og god".
Eg har så flotte venner
Gåvene til Malin kjem framleis i postkassa. Denne gongen er det mi tidlegare klassevenninne Nina som har hekla. Biletet er tatt i hurten og sturten med lite lys. Håper dokke ser kva det er likevel. Tusen takk for den flotte gåva Nina.

lørdag 29. september 2007
Kvinna sin stad er ved kjøkkenbenken
Nei eg har ikkje vendt tilbake til 1950-talet. Kvinna det er meg. Her i huset er vi svært tradisjonelle når det gjeld ansvarsfordeling og matlaging. Det er eg som lagar 100% av maten i huset, og den avtalen inngjekk vi når vi flytta saman for over 4 år sidan. Espen kan rett og slett ikkje lage mat, han interesserar seg heller ikkje. Og eg er motsatt. Det er mange eg har måtta forsvart ansvarsfordelinga overfor, men eg og Espen er nøgde med slik vi har det og det er vel det viktigaste, eller kva? Sjølv om vi lever i 2007, treng vi vel ikkje ha lik ansvarsfordeling på alle oppgåver.
Idag har eg stått ved kjøkkenbenken i fleire timar. Resultatet er pizza, kake og oppvask. Diverre fekk eg ikkje til å laste opp bilete av pizzaen, men til opplysning så var det mexicansk pizza. Eg personleg er ikkje så glad i pizza, men eg lagar det likevel fordi Espen blir så glad. "Den største gleda ein kan ha, er å gjere andre glad"...
mandag 24. september 2007
Heimestrikka kjole og sokkar til Malin
Ei venninne av meg, Marianne, har vore så snill å strikka ein søt, liten kjole samt sokkar til Malin. Slike gåver sett eg stor pris på. Tusen takk Marianne!
søndag 23. september 2007
Den første julegåva er ferdig.
I år trur eg at eg satsar på å gi tjukkelestar til jul. Det er enkelt, går fort og alle har bruk for det. Desse sokkane er strikka i str 3 år i babyull.
Svissrull/rullekake
Kvar helg lagar eg kake. Det er noko nytt eg har byrja med då eg har tru på at heimelaga kake er "sunnare" enn potetgull og godteri med eit hopetal e-stoff i seg. Litt nostalgisk er det også. Denne helga laga eg rullekake, eller svissrull som eg seier. Ikkje det vakraste biletet, men det gir likevel vatn i munnen.


Oppskrift: 4 egg, 125 gram sukker, 90 gram kveitemjøl og 1 ts bakepulver. I ovn ved 225 grader i ca 7 minutt. Fyllet består av krem og bringebærsyltetøy.
fredag 14. september 2007
Fleire strikka klede til Malin
Mamma har igjen vore i ilden og strikka eit par sokkar og ei kjempefin hue. Ho fortjener litt ros på bloggen min, for dette er ting eg set stor pris på. Eg har eit inntrykk av at mange som strikka før i tida og som har slutta å strikke, byrjar igjen når dei vert bestemødre. Eg håpar det gjeld mor mi også, for det er verkeleg fint det ho har laga så langt til Malin.
torsdag 13. september 2007
Jakke i alpaca
Denne jakka er strikka etter BabyDROPS nr 14-29. Str er 6/9 mnd, så det vert enno ei stund til Malin kan bruke denne jakka. Akkurat no gleder vi oss berre til at ho skal fylle ut str 50... Jakka på biletet har ikkje blitt vaska eller fått knappar, men det tar alltid lang tid før eg får gjort akkurat det.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
