tirsdag 14. august 2007

Heimelaga brød

No er vi i Volda, heimstaden min, og det har vorte produsert brød på kjøkkenet hennar mor. Eg lagar ikkje brød så ofte, men eg har ein tanke om at det skal verte rutine no når eg har vorte heimeværande. Oppskrifta på brøda er veldig enkel, og du finn den under biletet.
24 dl kveitemjøl, 4 dl sammalt grovkveite, 2 pk tørrgjær, 1 ts salt, 2 raspa gulrøter og 1 liter lunka vatn og olje (ca 0,5 dl). Bland først det tørre, hell deretter i det våte. Elt deigen. La deigen heve i 1 time, elt ut tre brød og ha dei i form med bakepapir eller margarin i. La det etterheve i 45 minutt. Brøda steikast på 180 grader i 45-50 minutt.

onsdag 8. august 2007

Nokre gåver til veslejenta som vi har fått

I mangel på noko anna meiningsfullt å skrive om, viser eg her tre heimelaga gåver vi til no har fått til veslejenta. Jakka har mamma strikka og er ei oppskrift frå Sandnes Garn. Dei naturkvite sokkane har min hemmelege ven frå april strikka i alpakka garn. Dei rosa sokkane har studenten eg var veiledar for på jobben strikka. Veldig flotte gåver alle saman. Eg kjem til å legge ut bilete av alle heimelaga gåver eg får. Det synest eg dei flinke tausene fortjener.

søndag 29. juli 2007

Vognteppe i alpaca

Dette vognteppet har tatt tid. Det har for det meste ligge i ei korg då eg har nytta kveldane til oppussing, men no kan eg endeleg seie eg har strikka det ferdig. Det einaste som manglar er ein vask og blokking. Nokre få trådar må også festast. Oppskrifta er frå Drops-hefte 14, modell nr 22 (babystrikk).

torsdag 26. juli 2007

Sjå kva eg fann i hagen!

Dette er Triumphator i bladliljefamilien. Den duftar kjempegodt og ser utruleg vakker ut. Det er så mange skattar i hagen, men ingen viser interesse for dei dessverre. Denne planta er definitivt ein kandidat til min framtidige hage.

Ein ettermiddag på Burkeland

I samband med at pappa, Lene og Jonas var på besøk, tok vi oss ein tur på Osterøy. Espen er oppvaksen på Valestrandsfossen, nærare bestemt på Burkeland. Sidan mor til Espen samt søster og nevø var på besøk hjå bestefaren, passa det godt med eit besøk slik at familiane får treffe kvarandre. Det er også kjekt å vise pappa kvar eg ønskjer å bu i framtida. Bestefaren til Espen bur på ein fredfull nedlagt gard omkransa av frodig natur på alle kantar.

Vårt største ønskje er å få bygge hus på garden. Her er vi på synfaring på draumetomta som ligg på toppen av garden. Det veks og gror meir og meir, så vi ser nesten ikkje den vakre utsikta lenger. Det tek tid å gjere ein søknad om byggjing når området er regulert for landbruk, men om ikkje lenge håpar vi at vi er eitt steg nærare draumen om eige hus på Burkeland.

På biletet ser dokke huset til bestefaren til Espen til høgre, huset til onkelen i midten og den gamle fjøsen til venstre. Garden er idyllisk og stille, men er prega av at den har vore nedlagt ei stund. Skogen kjem nærare husa for kvart år som går. Det er likevel alltid godt å kome hit når byen vert for krevande.

mandag 9. juli 2007

Resultat av 2 liter jordbær

Eg kjøpte 3 korger jordbær og har laga rørt jordbærsylte. Sidan det er ganske vassent, sila eg av noko av safta. Tanken er å ha varm jordbærsaus på is. Eg er ikkje ein person som nyttar sylte på skiva, men det kan no vere godt å ha dersom tanken på vafler skulle dukke opp. Eg har ikkje laga så mykje, men jordbærsesongen er ikkje over enda...

lørdag 2. juni 2007

Nokre bileter frå Kjøpehavnsturen i pinsa

Før eg reiste til Kjøpenhavn sa alle at eg måtte innom Nyhavn. Nyhavn var ein koseleg stad med gamle treskuter og eit godt utval i restaurantar.

Vi hadde ein fin dag i dyrehagen. Denne maurslukaren synest eg var eit artig lite vesen.

Løva måtte vi sjølvsagt besøke.

Årsaken til at vi var i Kjøpenhavn var at vi skulle i bryllaup og Espen skulle vere forlovar. Ein vellykka dag med vigsel i Den norske sjømannskirke og fest ved St.Gjertrudskloster. Restauranten anbefalast på det sterkaste.

Vi tok ein tur med kanalbåten og fekk då sjå den vesle havfrua. Den var litt mindre enn eg hadde førestelt meg...

Ein tur innom Tivoliet er obligatorisk dersom ein er i Kjøpenhavn. Sjølv om eg ikkje fekk ta karusellar, er det alltid gøy å sjå på.

Espen og Eilin foran ein av uante mange restaurantar i Tivoliet.

Litt av det eg har strikka til veslejenta

Sparkedressen har eigentleg bein, men etter anbefaling frå erfarne mødre på jobben lot eg vere å strikke bein på dressen. Dressen er valgt ut i Liverpool sine fargar slik at veslejenta har noko å ha på seg når det er kamp. Oppskrifta kjem frå eit gammalt Mamsell-hefte som mamma hadde når eg var liten.

Ullsokkar for små bein er alltid kjekt å ha. Oppskrifta er sett saman av fleire samt frå eige hovud.

Ullbuksa er strikka i str 6 mnd. Godt å ha når ein skal lære golvet å kjenne om vinteren. Oppskrifta kjem frå Sandnes Garn 0506-7.


Oppskrifta er frå Sandnes Garn, strikka i mandarin petit. Denne dressen er ikkje spesielt fin, men historia er det. Eg strikka den til veslebroren min, men vart aldri ferdig. Eg monterte den ferdig i vinter og strikkeferdigheitene hadde forbetra seg kraftig sidan den gong. Den vert nok ikkje gitt vekk. Til opplysning kan eg seie at veslebror min fyller 7 år om nokre veker....


Buksedress str 6 mnd. Oppskrift og garn frå Mor Aase. Fin å ha i vogn.


Babyjakke str 6-9 mnd. Oppskrift frå DROPS baby nr 11-7 .


Babyjakke str 3 mnd. Oppskrift frå Gjestal.