Skulejenta vår har bursdag idag. Det er ein dag ho har gleda seg til. Igår fekk ho hol i øyrene som ho har ønska seg lenge og idag kom dagen med presangar, brus og kake. På morgonkvisten, lenge før frukost, opna ho presangar. Kven har vel tid til mat då?
På presanglista kan vi nevne A3 ark og A4 ark, klistremerke, klokke, treningsklede, lego friends, elektrisk tannbørste, skulesekk, dagbok med lås, armeband, barbiedukke og fleecedress. Alle presangane fall i smak, så her har du gåvetips om du skal i bursdag til ei jente på seks.Emil synest det var like spennande. Han fekk ein presang for at han har lært seg å disse/huske/reie sjølv. Greit å ha ein presang på lur når storesøstra får så mange. Ikkje alltid lett å forstå. Han fekk eit tog sjølvsagt. Briotog med batteri som går av seg sjølv og som har ljos. Emil var i himmelen med ein gong.
Eg lagde ei sjokoladekake som overraska meg positivt. Oppskrifta finn du her og eg bytta ut aprikossylta med bringebær. Kaka kan absolutt anbefalast. Seks ljos i gull som vart blåst ut på tre forsøk. Ho fekk bursdagsong to gongar. Veldig stas, men vart litt flau likevel. Det er lov. Solo på bursdagen fekk ho og. Vi har ein regel i huset om at det kun er lov med brus på bursdagar, julafta og 17.mai. Det er mange bursdagar iløpet av året så den regelen synest eg er grei.
Fine Malin. Dette var ein stor dag for henne. Og imorgon har Emil sagt at då er det han sin tur å ha bursdag. Diverre må han vente i tre månader til.
2 kommentarer:
Gratulerer med den flotte jenta! Vi har et bursdagsbarn i morra, i dag har vi hatt pølsefest:)
Kjekt å følge med på bloggen din, og gratulerer med ein 6 åring i hus :)
Legg inn en kommentar