I juni ein gong, i siste halvdelen av den månaden som var før den forrige, ja då tok vi togturen mellom Garnes og Midttun (Bergensområde). Emil hadde gleda seg i eit halvt år til denne turen og det var utan tvil ein stor suksess. Veterantoget er hundre år gammalt og er dreve av ein ivrig gjeng med togentusiastar. Store versjonar av vår Emil vil eg tru. Emil elskar tog og ser You Tube-klipp av tog nesten kvar dag og er overbegeistra for togskinner langs vegen når vi køyrer. Og Brio-skinner har han sjølvsagt... Sidan dette allereie er lenge sidan så er det kanskje rart å blogge om dette no, men når sommaren er så travel som den aldri har vore før så er det vel betre seint enn aldri? Gode opplevingar skal delast meiner eg.
Garnes stasjon er pussa opp og ser fantastisk ut. Nostalgi på sitt beste. Eg er ein nostalgikar på mange område og likar at gamle hus vert tatt vare på.Emil er forventningsfull. Togvognene er laga i teak og er visst dei einaste av sitt slag her i Noreg iallefall.
Ingen tvil om at dette er historie vi må ta vare på. Så flotte tog har vi ikkje idag, det er sikkert.
Emil såg ut av vindauget heile vegen og følgte med toget i svingane. Han såg røyken på himmelen og tuta ilag med toget når den ga frå seg ljod. Aldri har eg sett Emil så konsentrert og stille så lenge om gongen. Dette er kva eg kallar magisk.
Heile familien på tur, men dette var utvilsamt Emil sin dag. Turen var verdt kvar ei krone.
På Midttun stoppar bana. Opprinneleg gjekk den heilt til Bergen stasjon. Her måtte toget snu og passasjerane fekk gå ut og sjå på seansen. Blikket til Emil vikte ikkje eit sekund frå toget.
Etter ein saktegåandes tur som tok 2.5 time var Malin lei, men Emil ville ikkje heim og beundra arbeidet til dei frivillege som driv denne bana. Og Garnes stasjon hadde is også, kan lukka vere meir fullkomen?
Det var ein sliten gut som gjekk heim. Så mange inntrykk, men han var ikkje meir trøytt enn at han vil køyre tog ein gong til.
4 kommentarer:
Så herlikt innlegg:-)
Så gøy! Du kan virkelig se at Emil koser seg:) Kanskje vi må prøve dette og.
Oioi så kjekt!! Dette så ordentlig stas ut!
Hei på deg! Koselig med tog!! Takk for kommentar! Stas å være med i reportasje! Og bok...tja kan ikke si no mer!
Legg inn en kommentar