Onsdag for ei lita veke sida var eg og Malin ein liten formiddagstur på fjellet bak huset. Det er vel den beste forklaringa på kor Burkelandsfjellet ligg har eg funne ut. Fjellet er ikkje stort, 365 m.o.h, men slik er fjella her i området. Det hindrar ikkje oss å få trent og ikkje minst oppnå utsikt på toppen.
Malin måtte så veldig tisse på veg opp, men ho hadde ikkje tid å gjere noko med det før ho sikra seg at boka var i postkassa. Vi hadde nydeleg vèr den dagen med blå himmel, sol og varmt. Frå fjellet kan vi sjå Valestrand, Ole Bull-ferga og Breistein/Åsane.
Andre sida ser vi Ostereidet trur eg. Mot Nordhordaland iallefall. Og mykje skog. Det veks tettare for kvart år. 5
På veg ned att såg vi huset vårt. Malin var svært fascinert over at vegen såg flat ut frå høgda. Ein fin liten tur på 2,5 time når ein går ilag med 5-6 åringar.
2 kommentarer:
Så fine bilder! Veldig kjekk tur opp dit:-)
Trivelig med kommentar. Takk! Trivelig med tur også her hos deg! Ha en finfin uke!!
Legg inn en kommentar