Denne vesten byrja eg på då eg var på ferie i Danmark juli ifjor. Det gjekk unna, men det stoppa brått opp då eg var tom var garn. Det lysebrune garnet etterlyste eg i samtlege butikkar i landet som kanskje hadde restar igjen, men det var heilt utsolgt og garnet var gått ut av produksjon. Så då ga eg opp og la det ilag med dei andre uferdige prosjekta mine.
Så i forrige veke hadde eg ingenting å strikke på, fann fram vesten igjen og rekte opp halvparten. Så strikka eg stripemønster heile vegen i motsetning til einsfarga lysebrunt slik som det opprinneleg skulle vere. Då eg skulle lage kant på armane måtte eg ta opp masker rundt heile vegen og det vart ikkje fint når eg har stripemønster, men skitt, eg hadde no i det minste nok garn. Heilt til eg skulle strikke siste delen av kanten på kragen. Eg improviserte og strikka ei kvit stripe. Då eg var ferdig med vesten fant eg meir lysebrunt garn igjen... Eg seier ikkje meir. No er den ferdig og eg vil ikkje sjå den meir.Dette er berre ein liten del av trådane eg har festa. Ork! Vesten er strikka delvis frå eit mønster frå Sandnes Garn og delvis frå hovudet mitt. Garnet er forskjellig babyull som eg hadde liggande. Den er forresten størrelse eitt år, men den passar Emil som snart er 3 år. Stor i størrelsen altså.