lørdag 14. april 2012

Oppdatering frå garasja

Eit lite innlegg frå garasja. Espen og Steffen er nesten ferdig med å legge lekter på taket. Vi kjem oss ikkje så veldig mykje lenger før vi har møneplast og bordtakbeslag. Dette mangla i leveransen. Vi har henvendt oss til leverandøren som seier at dei tenkte vi skulle bruke murstrimmel i staden for møneplast. Etter å ha snakka med andre uavhengige i bransjen vil dei ikkje anbefale dette fordi det ikkje vert tett. Så dette må vi skaffe sjølve. Gratis garasje er altså ikkje gratis når leverandøren vel å gjere det slik...
Ikkje nok med det. Leverandøren påstår at dei har levert bordtakbeslag. Desse er 2,5 meter lange og er ikkje så vanskeleg å få auge på. Vi har tidlegare fått feil takstein så eg er ikkje forundra over at fleire feil dukkar opp. Ho som eg korrensponderar med har ikkje noko med sjølve leveringa å gjere, men ho påstår likevel heilt sikkert at det er levert(!). I ein mail seier ho "Da tror jeg du bare må skaffe disse selv.Vi kan ikke levere evt. manko som ikke er påvist ved levering så lenge etter opprinnelig leveranse." Meiner ho at vi skulle gått igjennom samtlege punkt ved leveransetidspunkt for at vi skulle få det vi hadde rett på? Hallo, kven er det som pakkar opp tonnevis av materiale og tilbehør lenge før ein har tenkt å bruke det? Gratis er altså ikkje gratis.
Sjølv om enkelte er gagnlause er vi iallefall glad for at vi har Steffen. Han har hjulpe oss masse. Kjempekjekt for Espen som slepp å gjere alt aleine.

4 kommentarer:

Fjordlykke sa...

Så flott garage dere får!!! Og hvor mye stress det er når man er i prosessen. Mye dårlig service rundt forbi.. "Vinker god helg til deg"
Klem:)

Kaspara sa...

Heisan Torill
Høres ut som en del utfordringer i forbindeles med garasjebyggingen, men så blir den sikkert flott til slutt!
Tusen tusen takk for verdens søteste og hyggeligste kommentar!!! Synes det sier mye om deg jeg. Jeg ble i alle fall veldig rørt av den.
Nå skal vi stelle i stand lang, koselig frokost her. Tenk Gutta Boys sover enda! Klokka er nå 9.30
Ja, ungene gror til..det var litt andre tilstander på morgenene når de var mindre.
Glad dag til deg, Torill også håper jeg det går greit med garasjen framover!
Stor klem fra Kaspara

Lina sa...

Så flott det blir, Torill! :) Tar verkeleg form no :) Skjønnar godt at de er lei alle frustrasjonar og humpar i vegen... Håpar de får tørka materialet godt opp, og at garasjen blir så bra som de har ønska :)

Ja, de må på kvitveisjakt! Leit i dei lunaste "krokane", er begynt å koma langt der no. Herleg tid ja! :) Det er sikkert og visst :D

Lina sa...

Hei igjen <3 du har fått ein blog award hos meg :)