Eg har vore ute med kameraet idag, i boblejakke, og leita etter vakre, små vener laga av jord, sol, luft og vatn. Det er utruleg å tenke på kva små laukar og frø kan verte til, og noko av skaparverket finn ein i det rosa prinsessebedet mitt. Rosa er det jamvel ikkje, enno, men ein stad må ein byrje. Det som ikkje er rosa og kvitt vert flytta iløpet av våren etterkvart som nye bed er klare.
Den første påskelilja i kremfarge. Når ein kjem så nært inn på blomane får ein verkeleg sjå kor unik kvar enkelt blome er. Eg høyres heilt nerdete ut, men så er eg vel det og. Emil har skjønt meg. Han elskar blomar og studerer nøye dei få blomane vi har fått kvar dag.Perleblomane har byrja å springe ut.
Eg har vist denne før i år, men no er den litt større. Bekkeblom heiter den. Eg er eigentleg ikkje glad i gult, men i små porsjonar er alt vakkert.
Stemorsblomen som overlevde vinteren. Den står heile sommaren og dei fleste hagar har vel eller har hatt denne blomen hjå seg.
Smågullkorg står i knopp. Den sprer seg villeg utan at det er plagsomt og blømer frå mai og fram til frosten. Eg skal spa opp alle frå dette bedet. Nokre skal få kome i eit anna bed medan dei fleste skal gis vekk til vener og planteloppemarknad.
Desse gler eg meg til. Tulipanane er fylte og rosa. Kjempespennande!
Kameliaen har overlevd vinteren, hipp hurra! Må få seg litt gjødsel ser eg, men no ser eg fram til dei vakre blomane denne gir. Eg håpar det ikkje vert så mykje vind, kalde dagar og regn slik som ifjor. Ein får ikkje nyte blomane på same måte når ein står våt og hutrar.
Elles så kan eg fortelje at eg har kjøpt nokre planter som skal i dei nye beda. Derfor er det ikkje lenge til det dukkar opp eit innlegg om nettopp det. Og så har eg eit spørsmål:
Veit du om nettbutikkar som sel orientalske liljer? Eg treng ein butikk med litt å velje mellom sidan eg er så kresen på utsjånad og eigenskapar. Den kan gjerne vere utanlandsk,
6 kommentarer:
Den kremfarga påskelilja er utruleg lekker! Så mykje fint du har i vente :D Og så koseleg med veslegut som tar opp arven ♥
klem
Se der ja, hagen din er vakker allerede! Jeg kan ikke hjelpe deg med spørsmålet ditt, men vet om en som sikkert kan det. Han handler mye planter på nett: http://blomsterstjernen.blogspot.com/
Ha en fin uke!
Liljer på nett kan du få her: http://nettbutikk.hageglede.no/nettbutikk/varlok/liljer.html
og her: http://www.nettbutikk.planteriket.no/index.php?main_page=index&cPath=84&zenid=bf1ac426eff248207e24f0f4d8ae8101
for eksempel.
Så vakkert :)
Vi har en give-away på gang. Kom innom oss og bli med da vel :)
Hei!! Jeg kan komme å fixe farger hos deg om du kommer å fixer hagen her :) Skulle ønske jeg hadde grønne fingrer, men de er nok mer oransje :) Ha en fin dag!!
Hei Torill
Så mange små ¨vårgleder du har i hagen din! Jeg er så svak for perleblomster jeg. Har nok ikke så mange blomster ute i hagen pr. nå, jeg er nok ikke den med mest grønne fingre heller.
Glad helg til deg, Torill!
Klem fra Kaspara
Legg inn en kommentar