Endeleg kom dagen ho har venta på. "Eg her busdag eg, tle år!". Her får ho opne pakke frå mormor.
Lommelykt! Sjølvsagt har ho ballong og.
Sidan vi er hjå mamma har vi installert oss på same rom alle fire inkl bagasje og presangar. Malin har sikla på pakkane lenge og ho kunne ikkje vente nesten til mormor skulle kome heim frå jobb. Det låg to store pakkar til henne. Den eine var frå Emil og var ein gitar. Ho elskar å "spele" på gitar og den klunka ho på resten av dagen. "Eg he fått min ege itar eg"
Den andre presangen var frå meg og Espen. Ein leikepc kor ein kan lære alfabetet, spele spel og diverse. Den har ho trykt på kvar gong ho har vore i ein leikebutikk, iallefall i eitt og eit halvt år, så det var stor stas.
Malin likar så godt Mikke Mus. Derfor laga eg Vintage Mikke Mus-kake. Eg laga ei langpanne med sjokoladekake og skar ut hovudet. Deretter pynta eg den. Utstyret begrensa seg til ein smørekniv og kvit og mørk sjokoladeglasur. Eg kallar kaka for "vintage" fordi den er i bruntonar og hovudet er frå den orginale Mikke Mus utan det kvite i auget. Ein konditor hadde nok ikkje gitt meg bestått i eksamen dersom eg kom med denne kaka, men eg er veldig nøgd til å berre vere meg. Vi ser no kva den liknar.
Malin har hatt ein kjempefin dag og hadde vanskeleg for å sove. Inni i senga kunne vi høyre henne "Eg he busdag eg, Emil *knis*"