søndag 31. mai 2009

Grilling ved Brakvatnet

Det er ei fantastisk pinse vi har med sol og varme. Vi fekk besøk i ettermiddag av Morten, Marianne, Gustav og Ingeborg kor vi planla at vi skulle grille. Fordi vi ikkje har sol på verandaen vår etter kl 14 (!), drog vi til den lokale badeplassen ved Brakvatnet. Vatnet ligg omlag 2 km frå oss, og kort nok til at vi kan gå dit.
Malin hadde med seg bøtta si, spada og vannkanna. Det er første gong i år at Malin har prøvd det våte element ute, og det såg ut til at ho likte det. Gustav syntes også det var kjekt, og fant seg godt til rette. Han prøvde til og med å fiske.
Malin og Espen. Været var upåklageleg, men vatnet var framleis kaldt. Der var folk som bada, men eg var så berre såvidt uti med beina.
Ho grov, spadde, helte ut vatn og styrte på. Ho var tilslutt så kald og våt at ho frivillig tok på seg tørre klede og avslutta arbeidsdagen. Kjem det fleire slike dagar skal vi ikkje sjå bort ifrå at vi tek turen dit igjen. Ein veldig kjekk ettermiddag for store og små.

4 kommentarer:

Aud-Marte sa...

So kjekt! Vi he hatt en fantastisk dag her også, så vi tok oss en sykkeltur til Hundvåg og rasta i "Trollskogen".

Anka sa...

Så pent det var der. Deilig tid vi kommer inn i nå både for store og små. Her har vi sitti ite og grilla selv. Gutten min sitter fortsatt ute og pilser med en kompis. Er fornøyd jeg nå og boltrer meg på sofa'n:-)

Fru Keilegavlen sa...

Åååå, så herleg!! Nydelege bileter!
Takk for koseleg kommentar i bloggen min. Ja, me gifta oss i bunad. ;) Viss du kikker i bloggen min i menyen under Anna, så finn du bilete av oss i brudestasen litt nede på sida. ;)

Anonym sa...

Eg måtte på nettet og finne ut kor Brakvatnet var, og det var jo ikkje langt unna oss! Det ser herlig ut; nå gler vi oss enda meir til å flytte!

I kjørte vi til bror min som bur i Hardanger, og på vegen stakk vi innom leiligheten vi skal leige, og lempa av vinterdekk, ski og akebrett ;) Vi er i gang!