torsdag 26. juli 2007

Ein ettermiddag på Burkeland

I samband med at pappa, Lene og Jonas var på besøk, tok vi oss ein tur på Osterøy. Espen er oppvaksen på Valestrandsfossen, nærare bestemt på Burkeland. Sidan mor til Espen samt søster og nevø var på besøk hjå bestefaren, passa det godt med eit besøk slik at familiane får treffe kvarandre. Det er også kjekt å vise pappa kvar eg ønskjer å bu i framtida. Bestefaren til Espen bur på ein fredfull nedlagt gard omkransa av frodig natur på alle kantar.

Vårt største ønskje er å få bygge hus på garden. Her er vi på synfaring på draumetomta som ligg på toppen av garden. Det veks og gror meir og meir, så vi ser nesten ikkje den vakre utsikta lenger. Det tek tid å gjere ein søknad om byggjing når området er regulert for landbruk, men om ikkje lenge håpar vi at vi er eitt steg nærare draumen om eige hus på Burkeland.

På biletet ser dokke huset til bestefaren til Espen til høgre, huset til onkelen i midten og den gamle fjøsen til venstre. Garden er idyllisk og stille, men er prega av at den har vore nedlagt ei stund. Skogen kjem nærare husa for kvart år som går. Det er likevel alltid godt å kome hit når byen vert for krevande.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Så kjekt å sjå bilder frå Osterøy. Eg er også oppvaksen på Valestrand (men kjenner ikkje igjen typen). Du har laga mange flotte ting! Lykke til med oppussing.

Inga Plinga sa...

Hei Torill.

Tomta ser veldig idyllisk ut. Vi gleder oss til å besøke deke der, når huset en gang blir ferdig!!

Anonym sa...

Ikkje tillete å skilja frå hustomt i LNF-område diverre: sjå Loftås