søndag 30. juni 2013

Av søvnmangel vert det leikerom

Det er ikkje få gonger eg har flytta borna ut og inn av soveromma. Først hadde Malin det blå rommet aleine, så kom Emil inn. Deretter skulle Malin få eget soverom så ho flytta ut. Så skulle vi male taket til Emil sitt rom så han vart flytta inn til Malin. Så flytta Emil tilbake og etterkvart kom Anna inn. Og no har Emil flytta inn til Malin og Anna har flytta inn til oss. Heng du med?
Det har seg slik at i dette huset er det ikkje stille om natta. Heilt frå Emil var 10 mnd så har han plagast med nattskrekk, eller vi foreldre har plagast at han har nattskrekk. For han huskar ingenting, men det som skjer er at han skrik opp i søvne, snakkar som han skulle vere våken, grin uavbrutt og sparkar rundt seg og er heilt fortvilt. Litt kos og ein sang får han til å roe seg, men det treng ikkje ta mange timane før det skjer igjen. Han skrik som regel om kvelden og ein gong om natta. Før var det verre, men etter eit par turar hjå homeopat vart det betre. Då Emil var eitt år søkte vi råd hjå helsestasjonen opp til fleire gongar, men dei berre vifta med eit ark med tiltak mot søvnvanskar og ferdig med det. Sjølvsagt prøvde vi alt, men heldigvis fekk vi tips om å gå til homeopat slik at han kunne fortelle oss at dette er nattskrekk. Det vart mykje enklare å forstå heile situasjonen med ein gong. Uansett, Emil har hatt dårlege netter dei siste månadane og vi foreldre har ikkje hatt søvn på auget meir enn 4-5 timar i døgnet. Alle kjenner kjensla over å vere så trøytt at augene er tørre og det kjennes tungt å puste. Med Anna som våknar i tillegg så vert ein så sliten at lunta er kort og alt er berre utriveleg. Og då vart løysinga å ha Emil inn på rom med Malin igjen. For han søv så godt ilag med ho.
Ungane var svært begeistra over tanken på leikerom. Eit stort engasjement, særleg hjå Malin, ga resultat i det dokke ser på bileta. Malin fekk seg eigen frisør- og beautysalong, dokkekrok, kjøkkenkrok og så vidare. Og kva skjedde i natt? Emil sov som ein stein til ti på sju. Tre timar lengre enn igår, får ein herleg morgon det har vore! Eg håpar så indeleg dette kan vare for det er berre fire veker til eg byrjar å jobbe igjen. Det er med blanda kjensler, men det vert godt å kome seg vekk frå kleshaugar, støvete krokar og ein kjøkkenbenk som aldri ser strøken ut meir enn tre minutt. Eg ønskjer alle ein fin søndag!

torsdag 27. juni 2013

Huset får seg eit strøk maling

Hei, her er eg igjen. Eg har tatt utruleg mange bileter til fleire tenkte blogginnlegg, men gjennom ein dag er det så mange gjeremål og ungar som skal takast hand om at tida flyr ifrå meg. Så idag dristar eg meg til å vere kort.
Det store gjeremålet no for tida er maling av hus. Det er ikkje så spennande og gøy, men heilt nødvendig. Vi malte huset for tre år sidan, men huset fekk berre eitt strøk. Det andre tek vi no samstundes som vi malar garasje og utebod. Det er slitsamt å ha det hengande over seg at ein må male. Huset byrja å verte grått så det var på tide. Fargen er 'eggehvit' og står fint til huset synest eg.

Fasaden på huset er heilt enkel, men vi har planar ein gong i framtida om å få litt meir profilar og krussedullar her og der à la sveitserstil. Og så håper vi at vi rekk å få singel på tunet før hausten. Eg er så lei av sand i gangen! Eg kan ikkje seie alt vi har planar om, det tek heile kvelden. Dette innlegget skulle verte kort så då seier eg takk for no. Amen.

fredag 21. juni 2013

Rabarbra- og jordbærpai

Når ein har rabarbra så er det kjekt å bruke det til noko ein kjenner frå før og noko ein ikkje har laga tidlegare. Først ut var rabarbragrauten, idag laga eg pai. Å du milde skapar for ei kaloribombe! Det du ser i skåla var meir enn nok. Eg kjenner det legg seg rundt magen berre eg ser på bilete. Likevel, det smakar godt og rabarbra har ein ikkje tilgjengeleg heile året så då slo eg til. Det er fredag, det er sommar og eg fortjener det... Mange andre grunnar sjølvsagt, sett inn det som passar for deg.
Oppskrifta er tatt utgangspunkt i ei eg fann i ei kokebok, men eg har endra mål og innhald så då er den vel nesten mi...

Kutt 150 gram rabarbra i små bitar, del 400 gram jordbær i to og bland det med 1 dl sukker og 1 ts vaniljeekstrakt. Hell det i ei paiform som er smurt.

Del 200 gram kaldt smør i terningar, bland inn 1,5 dl rørsukker, 1.5 dl kokosmasse, 2 dl kveitemjøl og 1,5 dl lettkokt havregryn. Bland saman for hand slik at du får ei deig. Fordel deigen over rabarbra- og jordbærblandinga.

Steik paien på 200 grader i 40 minutt eller til toppen av paien er gylden. Server med vaniljeis.

onsdag 19. juni 2013

Rabarbradessert

Min vesle rabarbra som eg arva etter mormor ga meg 525 gram med stilkar i år. Det er kanskje ikkje mykje å skryte av, men det vesle som eg fekk måtte eg no bruke til noko. Sjølvsagt vart det rabarbradessert/graut/kompott. 
Eg brukte 3,75 dl vatn og 2 dl sukker som eg kokte opp ilag med rabarbraen, oppkutta i små bitar. Eg lot det småkoke i 10 minutt til det vart mørt. Så blanda eg 2 ss potetmjøl med 1 dl kaldt vatn (unngå klumpar). Rabarbrablandinga tok eg til sides, rørte i potetmjøl/vatn med ein ballongvisp, satt alt tilbake på komfyren og kokte opp. Ferdig! Eg helte blandinga i ei skål og lot det stå kaldt i kjøleskapet. Så er det berre å servere det med melk/fløte og sukker.

Kjempegodt og det gir minner om mormor, barndom og sommar på ein gong. Ungane likar det like godt som meg, det er kjekt. Skåla på bilete har eg forresten fått med mormor. Ho ga dei til meg då eg var 17 år. Eg var ikkje så begeistra den gongen, men 15 år seinare er eg veldig glad i dei og tek godt vare på skålene ho ein gong kjøpte på Samvirkelaget.

mandag 17. juni 2013

Nymåla

Det er mykje målearbeid i år, men uteboda har no fått to strøk med raudmåling og dørene har fått to strøk med kvit. Eller låveraud og eggekvit om du vil. Lister er eit makkverk å få fint, eg skal aldri ha tofarga hus. Med mindre nokon gjer det for meg...
Eg er veldig nøgd med dette vesle huset, men eg synest det manglar noko. La meg tenke... kan det vere blomar? Ja, sjølvsagt! Meir om det seinare i år. Ein kan ikkje la ein flott solvegg som dette stå urørt. Noko vakkert må få klatre og bløme her, ikkje sant? 

tirsdag 11. juni 2013

Bløming 11.juni

Eg har ikkje tid å blogge når det er fint vèr. Eg må utnytte dei fine dagane vi har til å vere ute. Likevel, mykje av tida går til blomar og det å sjå tilbake på kva som blømde til kvar ei tid er kjekt. Idag skriv vi 11.juni og eg har talt opp 29 sortar som blømer akkurat no. 
Utanom den gule er alle nye av året. Mandarinrosa skuffar ikkje, den tåler regn og blømer lenge. Øverst til venstre er nellikrot. Under den ser du tøffelblome. Og den gule heiter smågullkorg. Den raude rett over er ein isbegonia (sommarblome).
Det er mest rosa stauder i hagen. Frå øverst til venstre og deretter mot klokka: Prydjordbær, rosekrage, phlox, petunia, pelargonia, roseklokkebusk, epletre, strandnellik, løytnantshjarte, akeleie, allåkerbær og den siste huskar eg ikkje. I midten ser du småhjarte.
Graslauk, phlox, surfina, akeleier, veronika, syringer og eit par til...

Det er mykje som ikkje blømer, det er det fine. Alltid noko å glede seg over. Diverre er det meldt regn nokre dagar framover så då vert det mindre hagekos. Då er det bra at eg har stovegolv som må vaskast....

søndag 9. juni 2013

Sommarkveld

Etter å ha snakka med mamma har eg forstått at det er dårleg vèr på Sunnmøre. Så då må eg skryte og dele nokre bileter slik at dokke vert misunneleg dokke som ikkje har sol. Det er sjølvsagt kvar sin gong å ha fint og stygt vèr, men eg meiner at det er ganske bra med fine dagar akkurat her vi bur samanlikna med både Sunnmøre og Bergen. Sjølv om Bergen berre ligg 45 minutt frå oss så er det stor forskjel. Jaja, nok om det. Sunnmøringar drit vel i kva eg meiner om vèret på Osterøy.
Dette er kosekroken eg har vist tidlegare og om kvelden så er plassen perfekt. Tak over hovudet og kveldssol i ansiktet. Om dokke ser bak så har rosene og klematisen byrja å få bra storleik og eg gler meg til juli kor det byrjar å bløme. Eg elskar sommaren, alt den har å gi oss både av varme og ljos.
Graslauken er så fin synest eg. Akkurat no når den har knoppar er den på sitt finaste synest eg.
Sommarastersen har vorte høg allereie og klatrerosa skyt skot i full fart. Meininga er at alle desse plantene skal vekse seg store og tette slik at det er minst mogleg jord som viser. Nokre sommarblomar har eg og sådd her, det får vi berre vente og sjå om det vert ein suksess eller fiasko. Sjå det fine kveldsljoset på veggen!
Eplebløming. Kan det verte meir nasjonalromantisk enn dette? Og det luktar så godt! Diverre blømer ikkje det andre treet så det ser dårleg ut med epler i år også. Eg har hengt steinar i hyssing på greinene slik at det skal verte meir frukt. Forklaringa er at treet trur det skal døy når greinene bøyer seg og då gir den sin siste kraft til treet. Sevja strøymer ut i greinene og det gir større kraft til å lage frukt. Noko i den dur...
Raud jonsokblom i kveldssola. Nyslådd gras og frodig skog på alle kantar. Her sitt fuglane og syng og er like glad i sommaren som meg.
Og no har skogsstorkenebben kome! Dei er så fine i blomebukettar. Juni er den beste månaden for å plukke bukettar.
Sjå alt som kan plukkast. Dette må eg meddele Malin. Ho plukkar bukettar kvar einaste dag. Her er raud jonsokblom, skogsstorkenebb, smørblomst, bregner, marinøkkelblome og kanskje finn vi hundekjeks og. Så mykje vakkert! Ei flott avslutning på veka.

Instagram

I 1997 hadde eg mitt fyste møte med internett. Det var i 1.klasse på vidaregåande og vi vart satt framfor datamaskiner for å prøve oss fram. Eg ante ikkje kva eg skulle gjere så eg fekk hjelp av andre som hadde meir kunnskap om dette internettet enn meg. Vi vart introdusert for Mirc, ein stad kor ein kunne snakke med andre som kom frå andre land. Det var heilt utruleg å sitte og skrive til ein annan person på same tid som eg. Men kva skulle ein snakke om... Dei fleste spørsmåla handla om kva kjønn eg hadde, farge på håret mitt, bryst-midje-hoftemål og kor gammal eg var. Ikkje så veldig spennande samtaleemne over tid.

Etterkvart som eg fekk innøvd touchmetoden via diskettar og verte kjent med word og excel, vart eg meir interessert i internett og. Bror min fekk seg datamaskin i konfirmasjonsgåve og mamma gjekk til innkjøp av internettabonnement. Gjennom utanomjordiske lydar fekk vi kontakt med omverda sjølv om telefonen på den tida ikkje var tilgjengeleg samstundes som vi var på nettet. Det tok utruleg lang tid å laste ned ei side og ikkje visste vi heilt kva vi skulle bruke internett til heller. Det vart for det meste mail. Og mailadressa delte ein gjerne ilag med heile familien. 

Vidaregåande var perioden då folk skaffa seg mobiltelefon. Fram til då var det berre dei mest interesserte og dei som trengte det i jobben som hadde. Telefonane kunne folk få til ei krone og ein kunne sende tekstmeldingar til kvarandre. Eg skulle sjølvsagt ikkje ha, kunne ikkje skjønne vitsen med dette. Eg var heilt sikker på at dette fenomenet kom til å gå over. Då eg skulle jobbe ein sommar i Geiranger overtok eg ein gammal mobiltelefon kun fordi familien skulle få tak i meg og eg skulle ikkje bruke den etter at eg kom heim att. Mobiltelefonen var ein Eriksson med tjukt batteri og lang antenne. Dårleg dekning gjorde at den var lite i bruk den sommaren. Sommaren gjekk over og eg behaldt telefonen. Fleire venninner byrja å få mobiltelefonar og eg byrja å pugge telefonnummer. Ja for når eg skulle sende tekstmelding måtte eg vite kva nr eg skulle sende det til for det var ikkje mogleg å bla opp nummeret etterpå. Eg huskar forresten enno telefonnummera...

Då eg byrja på høgskulen fekk eg mailadresse for å få all informasjon frå skulen. Venninner reiste på folkehøgskule og vi skreiv brev til kvarandre. Sms var upersonleg meinte vi og iallefall mail. Etterkvart ga eg litt opp denne brevskrivinga, det tok slik tid, så då sendte eg ut fellesmailar til alle eg hadde mailadresse til i den tru om at folk måtte då vere interessert i å høyre frå meg og mitt.

Så har tida gått. No har alle internett og mobiltelefon, vi har nettbrett og digitale apparat i alle retningar. Det er ikkje den ting som ikkje er mogleg å oppnå snart. Vi har vorte utruleg sosiale, men vi går ikkje lenger på besøk til kvarandre, men snakkar heller med kvarandre via facebook, sms, blogg, twitter og så vidare. Bloggen har eg hatt i over seks år. Den har gitt meg større innsikt på fleire områder. Det er kjekt å skrive, formidle og legge ut bileter etter slik eg likar det. Og no har eg altså fått Instragram. Eg som ikkje er oppvokst med video, microbølgeovn eller satelitt-tv har fått det store nye. Ja for enkelte er vel ikkje dette nytt lenger, men om du vil følge meg så har eg brukarnavn @dansebakken.

Så er det berre til å vente på kva meir av privatlivet vi kan legge ut. Kanskje ein dag får du sjå dopapiret mitt, men røysta mi får du aldri. Trur eg då....

onsdag 5. juni 2013

Ommøblering

Eit nerdeinnlegg idag og. Ikkje før eg hadde laga eit nytt blomebed så måtte eg til å ommøblere det. Løytnantshjerte i eit bed på framsida av huset som har stått der eit par år har no vorte så stor at den skuggar for alle rosene og staudene som er rundt. Sjølv om den er i blomst måtte eg flytte den. Diverre medførte det at den fekk litt hard medfart, men neste år vert den så fin så. Det gjeld å tenke langsiktig.
På bilete over er den enno ikkje så stor som då eg flytta den.
Litt dårleg bilete, kveldssola gjer det uklårt, men den stakkars stauda vart flytta hit. Den står øverst midt i bilete og heng med hovudet. For nokre dagar sidan laga eg eit kart over kor dei nye staudene sto i bedet, det kartet er berre til å gløyme. Nesten alle staudene er flytta og eg har supplert med enda fleire. Får kome tilbake til kva som fins her når plantene har vekst litt. Akkurat no er det små planter og mykje jord.
På sørsida vart det plutseleg så lyst og lett for dei stakkars plantene rundt. Det vart eit stort tomrom etter at eg flytta begge løytnantshjertene. Det sto ei ved sida av den rosa blømande buska heilt til høgre (roseklokkebusk). Den står også i det nye bedet på nordsida. I staden for har eg planta rosa dagliljer, kvite og rosa revebjeller, kvit stokkrose, rosa anemoner og mykje meir. Må vel lage eit kart her og, for eg kjenner det byrjer og nå eit kritisk punkt på kva eg klarar å huske.
Medan eg fotograferte jobba ei flittig humle i roseklokkebuska. Der er det mykje humler/bier (kva er eigentleg forskjellen?) og for dokke som likar humler i hagen så kan eg anbefale denne.
Synest dei er så søte. Her ser vi haletippen til humla. Det heiter vel noko anna, men biologi har aldri vore mi sterke side.  Humlene skal vi iallefall ta vare på.
Eg kan vel ikkje unngå å seie noko om at vi har jubilant i huset idag. Han har hatt ein flott dag med marsipankake og presangar som berre han kan ønske seg. Mannepresangar som eg får indirekte glede av ;-)

mandag 3. juni 2013

Hånipa

Eg gjekk mitt første fjell på veldig lenge, det var deilig! Eg er veldig glad i å gå i fjellet, kven er vel ikkje det? Så lenge eg får gå i mitt tempo og nyte turen utan at nokon pustar meg i nakken så er det den beste medisin. Det er så deilig å bruke kroppen, nyte frisk luft og ikkje minst kome opp på toppen og sjå utsikt. Og sjølvsagt skrive seg i boka.
Hånipa er ikkje den høgaste toppen (346 m), men utsikta er upåklageleg. Her ser vi Arna.
Den deilige sommarsola er tilbake og lyser opp turen. Eg fekk lyst til å gå mykje lenger, det er så herleg å vere ute i dette vèret. Utsikta her ifrå er mot Nordhordaland. Kan tenke meg det er fint å sitte her når sola går ned.

Eg har eit mål om å samle fjelltoppar. Eg har lyst å gå dei fleste fjell i nærleiken, men eg har ikkje hastverk. Eg skal ta det i mitt tempo og når det passar meg. Kanskje eg vert sprek til slutt, kven veit...

lørdag 1. juni 2013

Mandarin

Igår var vi på Coop Obs Bygg for å kjøpe grasklippar og parasoll. Utanfor var det salg av blomar og eg kunne sjølvsagt ikkje motstå å gå bort. Det første som møtte meg var nydelege georginer. Hadde sjølvsagt veldig lyst på, men alt som ikkje overlev vinteren ute klarar eg å gå forbi. Men etter georginane sto det nokre vakre roser. Dei berre måtte eg ha!
Det byrjar å verte nokre roser i hagen. Og fleire skal det verte! Utfordringa er å finne roser som tåler regn, det gjenstår å sjå om desse gjer. Rosene eg fann idag heiter Mandarin og er oransjerosa. Mange ulike fargenyansar som passar perfekt i det oransje/gule/raude bedet.
Til å ete opp!
Kronblada er ulike frå blom til blom, fascinerande.
Bedet byrjar å ta form, men det er plass til mange fleire.

Kosekrok

Då vi bur i Noreg forventar vi ikkje at det skal vere sol kvar einaste dag om sommaren. Vi har ein veranda i andre etasje som gir tak til delar av terrassa under. Her er det kveldssol og ein fin stad å sitje dersom det regnar. Utover sommaren veks det roser og klematis oppover espalieret som gjer kroken lun og koseleg. 
Igår handla eg i full fart på Nille med tre born på slep. Eg kom heim med dette cafésettet, grøn blomepotte og fuglebur, samt nokre sommarblomar som eg kjøpte på ein blomebutikk. Kjapt og billeg! For to år sidan fekk eg duk og to putetrekk (Kremmerhuset)\i bursdagsgåve. Planen har vore heile tida å bruke det til dette formålet, men det har tatt tid som dokke skjønnar før det vart gjort. Derfor var det veldig kjekt å få fullført planen. Eg har tenkt å ha fugleburet hengande på ein krok på veggen, får heller vise det dersom det vert gjort. Kanskje om to år...