fredag 29. mars 2013

I ein sofa frå IKEA

I innlegget om pappkassene avslørte eg ikkje kva vi hadde kjøpt på IKEA. Eg er heilt sikker på at det sitt ein heil flokk og ventar i spenning på kva det kan vere. Det har nok vore søvnlause netter og store veddemål for desse som har venta. Men no altså, eg skal avsløre den stooore overraskelsen. Den som eigentleg berre vi som bur her og dei som kjem på besøk har glede av å vite. Eg er likevel så glad for at det har skjedd at eg må seie det til heile verda. Ja for eg er veldig nøgd akkurat no. Vi har fått oss ny sofa! To faktisk.
Denne sofaen, ja då tenker eg på den største, har opplevd mange mil på sykkel. Det har vore mange minutt, timar og døgn med fotball, ski, naturprogram og det meste om 2.verdenskrig. Ein del måltid har vore inntatt her, nokre timar med søvn og ikkje minst "mykje lått og løye" som dei seier her. Den minste sofaen har no fått bein å gå på den og. Det er her eg leitar etter strikkepinnar som har forsvunne. Som dokke sikkert skjønnar, desse sofaene var godt brukt. Det var på høg tid å skifte dei ut etter ni år i teneste. Ikkje var dei fine heller då dei etterkvart gjekk i eitt med papirposane frå IKEA. Ein farge som ikkje passa til noko og som iallefall ikkje kunne visast på bloggen.
IKEA hadde sofaen ingen andre hadde. Ektorp er kjent for mange og det er kanskje ikkje så rart då trekka kan vaskast. Det var ingen andre som hadde ein vaskbar sofa så valget vart enkelt. Nei, skinnsofa var ikkje eit alternativ for dei som tenker på det. Eg er ikkje ein tilhengar av lakk og lær. På nokon slags måte...
Konsekvensen av å få ny sofa er at det ikkje lenger er lov å ete i sofaen, men fjernsynet står framleis på same plassen. Og kva gjer borna då? Jau dei sitt på golvet og et. Er dette forsvarleg barneoppdraging? Det vil eg nok tru. Det er iallefall ikkje ulovleg, men eg hadde sjølvsagt foretrukke at dei satt ved kjøkenbordet.

Eg har forresten meir å vise dokke frå handleturen på IKEA. Medan andre reiser over landegrensa på svenskehandel, handlar vi svenske varer på vårt vis. IKEA er berre 25 minutt frå oss og det kan gå hardt ut over lommeboka når ein tek turen. Likevel, vi er veldig nøgd med det andre vi har kjøpt og. Dokke får starte veddemålet om kva det kan vere, men dokke treng ikkje sitte oppe om natta og vente. Så spennande er det ikkje.

onsdag 27. mars 2013

10

10 nydelege roser fekk eg av Espen idag. Dei er utruleg vakre rett og slett. Raud fløyelsroser omkransa av vakre, grøne blad.

Skulle ønske desse kunne vare lenge. I ti år til dømes...

mandag 25. mars 2013

Pappkasser

Stova har vorte fornya og det fulgte med mange pappkasser som vi måtte betale for å verte kvitt. IKEA er ikkje så dyrt, men så må du gjere alt sjølv og då... Enkelte bloggarar held lesarane sine i spenning ved å seie A, men ikkje B. Slik som "eg har noko stort å fortelje, følg med i morgon så skal du få sjå!". Og så kommenterer mange lesarar med " Å så spennande, gleder meg!". 
Inni desse kassene har det romma noko nytt til stova.
Nye born frå IKEA? Kan ein resirkulere desse og? Eg vil gjerne bytte ut trass og ordet "bæsj" med velvilje og ordet "takk" om det er mogleg.
Sørg for at du kjøper to ting av same sort. Pappkasser kan ikkje delast.

Pappkasser er forresten fine teikneark
Anna er ikkje med på leiken, men fordi vi er så utruleg rettvise i denne familien får ho vere med på bilete ho og. Og kva eg har kjøpt skal du få sjå ein annan dag. Ikkje fordi eg skal vere spennande og gjere meg vanskeleg, men fordi det må ryddast.

Eg har vorte forkjøla (endeleg fekk eg sagt det!) og går på halv maskin. Det er kaldt ute, men sola skin på himmelen så vi får vere mykje ute. Alt er lettare med fint vèr. Eg ønskjer alle ei god påske.

søndag 17. mars 2013

Uteboda er ferdig!

Samarbeid og byggesett gjekk hand i hand denne gongen og det tok ikkje lange tida før uteboda var ferdig. Espen og Steffen har jobba godt siste dagane og no har vi altså eit lite hus som rommar verktøy, syklar, sag og anna. 
Pompel og Pilt. Dei jobbar godt ilag og er like nøyen på korleis ting skal gjerast. Impulsive er dei kanskje ikkje, alt er godt gjennomtenkt. Gjerne mange gongar.
Vi har byrja å setje ting inn. Alt skal ut att seinare, sjølvsagt. Eg har ikkje for vane å la boder stå urørt over tid. Vi treng hyller og boda skal malast. Den skal verte raud med kvite lister og dører.
Vi har flytta ting ut av garasja. Den eine delen rommar "kvitebilen" eller "Jolly Roger" om du vil. Ungane har sett litt for mykje barne-tv og har kalt opp bilane våre etter sjørøverskutene på Jake og Sjørøverene. "Sølvbilen" og "Bucky" kallar dei stasjonsvogna. Espen kallar den limousinen. Kjært barn har mange navn. Uansett, no rotar eg meg ut på viddene. Det skal støypast golv her, deretter skal portane settast i. Etter at dette er gjort vil alt få sin faste plass enten i garasja eller i uteboda.
Ikkje mykje idyll og harmoni rundt oss. Stigar, plater og boss kjenneteikner området vårt stort sett alltid. Vi har takshingel ståandes i gangen i påvente av tørt vèr. Den skal på taket på uteboda, men boda er tett så det hastar ikkje sjølv om takshingel er vel ikkje noko ønskeleg møbel i gangen.
Emil kosar seg med siste snøen. Vi hadde eit lite snøfall igår som resulterte i ei borg. Resten av snøen er vekke og forhåpentlegvis forsvinn denne og. Vi har så mykje arbeid framfor oss i år. Eg sukkar berre eg ser på desse bileta. Både garasje og utebod skal malast raud samt gjerast ferdig slik som eg nevnte over. Huset skal malast eit strøk, meir plen og helst legge eit lag med singel utanfor huset. Godt vi ikkje har bestilt tur til Syden. Midt i alt kaoset såg eg dei første snøklokkene i bedet idag. Masse arbeid, men endå meir glede!

torsdag 14. mars 2013

Restegarnstrikking

Litt stolt av meg sjølv kan eg vel vere som ikkje har kjøpt nye garnnøster på ei stund. Eller, eg har kjøpt garnnøster av tråd eg akkurat ikkje hadde nok av. Ja, for det er restegarnprosjekt enno. Eg har holdt på i åresvis kjennes det ut som sjølv om det i realiteten kanskje er snakk om litt mindre. Alt har ein ende seiast det, og det vel eg å tru på. Eg er iallefall på god veg til å redusere garnlageret til det minimale. 
Ein genser av Smartgarn frå Sandnes. Sjølvsagt hadde eg ikkje nok, men mamma meinte ho hadde noko som kanskje passa. Om ikkje så får eg bite i det sure eple og kjøpe eit par nøster slik at eg vert ferdig. Halvferdige prosjekt er utruleg irriterande. Genseren er strikka etter ei oppskrift frå Nøstebarn.
For at eg skal klare å kvitte meg med alt garnet har eg byrja å lage restegarnteppe. Dette teppet er pinne 3,5-teppe. Når eg er ferdig med eit prosjekt og har ein stump med garn igjen, så strikkar eg det inn i restegarnteppet. Om eg ein gong skulle verte ferdig, kan eg bruke teppet som leiketeppe eller sende det til nokon som treng det, til dømes kuvøseborn i Afrika.
Her er ein gensar eg ga opp å få ferdig. Eg har leita lenge etter garnet eg mangla utan hell. Å rekke opp mønster er eit herk som dokke ser. Likevel, eg har fast bestemt på at garnlageret skal forsvinne. Forhåpentlegvis før enn seinare.

onsdag 13. mars 2013

Morgonstund har gull i munn

Ja så var nok ein morgon over. Dagen byrjar alltid tidleg, idag kl 06.20. Ikkje den verste tida i statistikken, men tidleg nok til at eg lurer på om eg er våken eller om eg drøymer når førstemann ropar. Heldigvis har vi 5-6 barnekanalar som ungane kan kike på medan eg leitar etter viljestyrken. Før eg fekk born skulle ungane mine aldri sjå på tv. Iallefall ikkje meir enn ein halvtime slik som eg gjorde då eg var lita. Kva var det slags foreldre som ikkje kunne vere ilag med ungane sine og som brukte fjernsynet som barnevakt? Det var no ingen vits å få ungar dersom dei ikkje hadde tid til dei? Eg har svelgt nokre kamelar sidan Malin kom til verda. Så mange at eg har ikkje tal. Det er lett å vere betrevitar når ein ikkje veit kva ein snakkar om. 
Ungane sitt ei stund, men etterkvart så er dei svoltne og ropar på mat. Dei innbiller seg visst at eg er ein slags kelnar som kjem med mat når dei ber om det. Eg forsøker med alltid med eit "gjer det sjøl", men det er som å helle bensin på bålet. "Eg e so svolten at eg klara ikkje å gå" med litt grining i tonefallet og vridningar i stolen. Det er så synd i ho at eg må då skjønne at eg må lage mat til ho. Ja det er sjølvsagt Malin eg snakkar om, dramadronning og sjølvutnevnt prinsesse. Emil er litt mindre så eg forlangar ikkje det same av han. Så får dei mat då og er stille litt til. Eg legg meg tilbake i senga, men no er Anna våken så vi står opp. Anna sprellar og lagar fine morgonlydar, men lydane vert forstyrra av kranglelydar i bakgrunnen. "Ka e det som e gale no då?" seier eg. Dei er visst ikkje samde i kva kanal dei skal sjå på. Scooby-doo eller Dora Explorer. Det er ei viss forskjel i å vere 3 år og 5,5 år.
Morgonstunda har passert halv åtte. Det er på tide at ungane kler på seg. Eg leitar fram ullundertøy og klede. Emil kler på seg utan å seie noko, men Malin skal berre sjå ferdig programmet først. Eg går på badet og forsøker å gjere ansiktet mitt normalt. Det tek ikkje lange stunda før eg igjen høyrer lidande lydar frå stolen i loftstova. "Ka e det no då?" seier eg igjen. "Det e so ekkelt med ull, det klør!" Det er omlag 175 dagar i året kor ungane må ha ull på seg så no har eg gått tom for argument for kvifor det er så lurt. Ulla skal visst puste og transportere fukt slik at borna ikkje frys seier dei. Malin frys aldri og ho er varm støtt. Vinteren er klaustrofobisk lang for henne, men ho veit at ho må.
Vi går ned i stova. Ungane er tørste og svoltne igjen. Eg kjenner temperaturen i toppen aukar. Det er på tide med påfyll av energi, men Anna må få graut først. Og det er ikkje enkelt for ho vil helst vifte med hendene og ta skeia i eiga hand. Til slutt gidd eg ikkje å prøve meir. Ungane får melk og appelsinbåtar. "No går vi i barnehagen" seier eg. Eg børstar håret til Malin i eit forsøk på å gjere ho fin på håret, men i følge Malin er eg både stygg med ho og ikkje snill. Ho hyler som ein gris og lid som Jesus på korset. Ho truar meg med å ikkje vere besteven med henne lenger og trampar i golvet i protest. Ein enkel strikk i håret for halde idag. Ho går ut i gangen og kler på seg. Emil har tatt nokre springerunder på golvet sidan eg sa til han at han skulle kle på seg. Han går rundt seg sjølv og syng på ein sang. Han tek på støvlane, alltid på feil fot og ei tynn bomullshue. Eg seier ingenting og tek av han hua og byttar den med ei tjukk ei. Det er -7 grader ute og ungane vert kledd på tjukke lag med jakker, huer og sko. Eg startar bilen så den vert varm, kler på Anna og får ungane ut. Medan eg festar Anna har Emil rukke og få buksene full i snø. Eg hiv han i setet og latar som ingenting. Medan eg festar siste selen som eg febrilsk leitar etter med fingrane fordi den er klemt mellom to seter i det trange baksetet og eg ser ingenting, ser eg på klokka. Ti på ni. Eg pustar inn, ut og inn igjen. Sett meg i bilen og køyrer ned den bratte, isdekka vegen som vi har. Den som gjer at vi ikkje har besøk mellom desember og mars. Iallefall om du ikkje har firhjulstrekk.

Medan eg køyrer på veg til barnehagen tenker eg på kor tid det er min tur å få oppleve desse fine morgonane ilag med borna. Lange frukostar med varme rundstykker og nykokte egg og morosame samtalar frå barnemunn. Ja for det er jo det alle andre har ifølge hjernebarken. Den som innbiller seg ting. Det tek sjølvsagt ikkje lang tid før hjerna vert avbrutt og vi er framme i barnehagen. Klokka er ni og nok ein morgon er over.

(bileta illustrerer Anna 8 mnd)

tirsdag 5. mars 2013

Utebod under arbeid

Så er tredje bygning på tomta snart ein realitet. Eg trur på ingen måte dette er den siste. Espen har planar om mange småhus av tre og stein i åra som kjem, men denne gongen er det ferdigkutta materiale og ei oppskrift som skal følgast. Uteboda som no er på veg til å verte ferdig vart kjøpt hjå Coop Obs Bygg ifjor då den var på tilbod. Den er på 9,1 kvm og har ei dør og eitt vindauge.
Fundamentet vart støypt i haust og vi har venta på at det skulle vere stabilt mildvèr før monteringa kunne starte.
Vår kjære nabo, onkel og gode hjelpar Steffen er her denne gongen og. Han er jammen kjekk å ha som nabo.
Slik står det no. Det er mykje som skal inn her. Garasja er stappfull, det same er vaskerommet. Uteboda skal verte raud med kvite lister og til høgre har eg sjølvsagt planar om eit blomebed.

søndag 3. mars 2013

Turkis søndag

Blåfargar er den fargeskalaen som tiltrekker meg mest. Eg klarar aldri å gå forbi noko som er lyseblått. Enten kjøper eg det eller så gløymer eg det aldri. Turkis er også ein farge som eg lett forelskar meg i, men det kan verte litt for mykje dersom eg fyller stova med denne fargen. Turkis passar kanskje best om sommaren eller i sydlegare strøk. 
Eg har kjøpt meg ein liten søt vase som eg ikkje klarte å seie nei til. Med fargerike tulipanar vert glaskarmen på kjøkenet ekstra fin. Vasen er kjøpt på Nille. Den butikken overraskar meg stadig med vakre ting og eg kan kjøpe ting med nesten godt samvit fordi det er så billeg. Eg prøvar å tenke meg godt om før eg kjøper, men denne angrar eg ikkje på. Eg kjøpte ein blå og i same sort, den var tross alt lyseblå. Skåla med nøtter har eg ståandes frå ifjor jul. Kanskje på tide å kaste desse nøttene, men dei er så dekorative at eg har latt dei få leve litt lenger. Sjølve skåla er frå Søstrene Grene. Ein superbilleg og uimotståeleg butikk det og. Ha ein fin 1. søndag i våren!

lørdag 2. mars 2013

Tapas på menyen

Tapas høyres så enkelt ut. Og det er ikkje noko komplisert heller, men det tek tid når ein lagar alt sjølv. Idag inviterte vi to av våre gode naboar til middag. Malin hadde sagt tydeleg ifrå at no var det på tide å invitere og ho hadde sjølv laga "middagskort" til kvar enkelt av dei. Ho hadde teikna kjøttbollar og potetmos og skrive tydeleg og fint "Vil deko koma på middag?" Og dei inviterte takka gladeleg ja og eg måtte finne på noko med kjøttbollar. Det vart tapas og matlaginga har tatt heile dagen mellom mekling, bleieskift, amming og rydding av hus. Litt slitsomt må eg innrømme, men no gløymer vi det. Ungane var kjempesvoltne då maten kom på bordet så eg rakk så vidt å ta eit bilete av kvar rett. Stakkars gjestar som besøker ein bloggar. Alt skal takast bilete av og "dokumenterast" som eg brukar å seie.
Salat med raudlauk, tomat, mozarella og basilikum. Eg droppa dressing denne gongen, men olivenolje og balsamicoeddik passar godt om eg skulle ha nokre edle dropar på.
 Fullkornstortilla med Tine kremost urter. spekeskinke og ruccola.
Eg hadde først laga ein aioli av kvitlauk, eggeplomme, olivenolje, sitronsaft, kajennepepar, salt og pepar. Den vart mislykka av ukjent årsak og Mills redda meg. Kjøpt majones tilsatt kvitlauk og symbolsk kajennepepar (pittelitt).
Marinerte kyllingspyd. Del 5-6 kyllingfiletar i tre på langs. Bland 1 toppa ts karri, 1 ts spiskummen, 1 toppa ts paprikapulver, 3 hakka kvitlauk, 4 ss sitronsaft og 7 ss olivenolje i ein bolle. 
Vend kyllingfiletane i blandinga, og sett bollen i kjøleskapet med plastfolie over i minst 2 timar. Tre kyllingane på spyd, og steik dei i smør i panne på middels varme til dei er gjennomstekte. Eg fekk 18 spyd som rekk til 6-8 personar.
Kjøttbollar i tomatsaus har eg laga mange gongar etter oppskrift frå ei venninne. Denne gongen har eg gjort litt om på oppskrifta og eg synest personleg dei var betre idag enn nokon gong. 800 gr karbonadedeig, 3 pressa fedd kvitlauk, ei lita handfull med persilleduskar som eg finhakka, 2 egg, 1 dl strøkavring, salt, 1 toppa ts paprikapulver, 2 ts kajennepepar, 1 toppa ts spisskummen og 0,5 dl varmt vatn. Bland godt og trill bollane. Steik bollane jamt på alle sidene i ei middels varm panne med olje. Ha bollane i tomatsaus.

Oppskrift på tomatsaus: Surr 1 stor finhakka lauk på svak varm til den vert blank. Tilsett ei boks med hakka tomatar, 1 dl vatn.og 1/5 buljongterning. Tilsett chilipulver/chili/kajennepepar etter ønske. La dette putre i ein halvtime før du heller kjøttbollane i.
Potetene hennar Beate er visst ikkje så populære blant det norske folk har eg lest. Dei skal visst vere stygge å sjå på. For min del handlar ikkje mat om utsjånad, men om smak og kvalitet. Desse potetene er kokefaste og fine til potetbåtar. Eg brukar minst mogleg olje når eg har dei i ovnen (200 grader til dei får litt steike-utsjånad), då vert dei meir sprø. Eg strør litt havsalt på toppen.
Foccacia. Det er faktisk første gong eg har laga det. Og det har nok med at det berre er kveitemjøl og ingenting grovt i. Godt er det likevel, må innrømme det, og det er veldig enkelt å lage. Ha 3 dl lunka vatn i ein bolle. Tilsett 25 gram fersk gjær, 1 ts sukker, 1 ts salt og 450-500 gram kveitemjøl. Bland til ei deig som ikkje er for fast. La det heve i ein halvtime. Sett steikeovnen på 200 grader. Bak ut deigen til ein tjukk firkant. Ha litt olje på fingrane dersom det er vanskeleg å elte ut deigen. Prikk med fingrane hol fordelt utvoer brødet. Pensle med olivenolje, dryss havsalt og nykverna pepar. La heve i 15 minutt. Steik brødet i 20-25 minutt. Nyt!

Fordi borna var svoltne og gjestane hadde sett seg til bords, rakk eg ikkje steikte dadlar med bacon før etterpå. Det er ein obligatorisk tapasrett. Betre seint enn aldri. Eg hadde heller ingen rettar med sjømat, men om eg skulle ha valgt det så ville eg ha hatt chilimarinerte scampi og tortillalefser med røkt laks inni. Varmrøykt peparørret som dei lagar her i bygda smakar også veldig godt. Maten idag vart servert med øl, vin, brus, saft, melk og vatn. Så alt går an. Alle koste seg og no er vi mette i magen. Det tok lang tid å lage, men kva gjer vel det når alle er nøgde.